Hopp til innhald

Fagstoff

Pragmatikk og kontekst

Pragmatikk er studiet av språket i bruk og korleis konteksten bidreg til meiningsskaping.
To menneske har ein samtale, det er vist med snakkebobler over hovuda deira. Den eine står bak ein disk og den andre står framfor, med ei kvinne som held eit barn i handa bak seg. Snakkeboblene representerer den tekstuelle konteksten. Situasjonskonteksten er her at dei har forskjellige roller som tilsett og kunde, fordi den eine står bak ein disk. Dei to menneska som ser på, er òg ein del av situasjonskonteksten, sidan tilhøyrarar påverkar kommunikasjonen. Utanfor situasjonen har vi ei ramme som representerer kulturkonteksten, her står orda "språk", "verdiar", "normer", "konvensjonar", "kodar" og "skikkar". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Eg vil at du gir meg han no!"

Kva betyr denne ytringa? Reint grammatisk forstår vi kva som blir ytra, viss vi har kunnskap om grammatikk, det vil seie kva orda betyr (semantikk), korleis vi skal bøye orda (morfologi), kva rekkefølge orda eller ledda skal stå i (syntaks), og korleis dei skal uttalast (fonologi). Men det kan likevel vere vanskeleg å forstå kva som blir meint med denne ytringa viss vi ikkje veit noko om i kva situasjon, eller kontekst, ytringa vart sagd. Kva som blir meint med ei ytring, og korleis konteksten bidreg til meiningsskaping, er det vi prøver å finne ut av når vi bruker teori om pragmatikk til å analysere språkbruk.

Sjølve ordet pragmatikk kjem frå gresk og betyr "dåd", eller "handling". Pragmatikk er òg kjend som språkbruksteori eller språkhandlingslære.

Kontekst og meiningsskaping

Orda "no var du flink" kan opplevast som både rosande og krenkande, alt etter situasjonen dei blir ytra i. Viss du har ein dårleg relasjon til den som seier det, er det meir sannsynleg at du tolkar utsegna som sarkastisk. Viss ytringa kjem saman med andre rosande ytringar i ei melding frå bestemor di, er det større moglegheit for at du tek rosen på alvor. Til slutt kan det hende at det var meint ironisk, men fordi ironi ikkje er brukt i ungdomskulturen din, tek du det på alvor og tolkar det likevel som ros. Dette dømet viser at meininga vi tilskriv eit teikn, òg blir påverka av kven som seier det, og i kva situasjon. Det viser òg at det er viktig å vite noko om andre teikn, situasjon og kultur for å forstå ei ytring. Dette er det vi kallar kontekst.

Kva er kontekst?

Kontekst er altså dei faktorane i samanhengen ei ytring blir sett fram i, som er relevante for anten innkoding eller avkoding av ytringa. Det er til dømes ikkje alltid alderen til samtalepartnaren er relevant, men i nokre ytringar er det ein del av konteksten for at ei ytring skal gi meining. "Du er for ung til å bestemme sjølv" får veldig ulik meining om ho blir sagd til ein 30-åring eller til ein 3-åring.

Konteksten finst altså ikkje utan ytringa. Samtidig får ytringar si meining i ein kontekst. I boka Språklig samhandling (2020) seier forfattar Jan Svennevig at ytring og kontekst er uløyseleg knytte til kvarandre, og at dei til og med føreset kvarandre.

Vi kan skilje mellom tre nivå av kontekst (Svennevig, 2020):

  • tekstuell kontekst

  • situasjonskontekst

  • kulturkontekst

Tekstuell kontekst

"I går"

Denne ytringa gir inga meining utan at du ser ho saman med ytringa som kom før ho i samtalen: "Når hadde vi prøve i samfunnskunnskap?"

Det er dette som er den tekstuelle konteksten, og han omfattar både skrift og tale. I ein avisartikkel gir overskrifta deg ein peikepinn om kva teksten skal handle om. Ho gir med andre ord ein kontekst for å forstå resten av innhaldet. I ein samtale er ofte ytringar heilt uforståelege utan at vi ser dei i den tekstuelle konteksten dei høyrer heime i, det vil seie det som blir sagt før eller etter ytringane.

Situasjonskontekst

Ville du reist deg opp i klasserommet og sunge favorittsongen din med innleving? I dei fleste tilfelle er svaret på dette spørsmålet nei, bortsett frå viss situasjonen var ei skuleavslutning der du hadde fått i oppdrag å nettopp synge ein song. Det er altså relevant å ha meir informasjon om situasjonen for å forstå kvifor du syng i dette dømet, det held ikkje å berre vite at synginga skjedde i klasserommet. I dette dømet er altså situasjonskonteksten både at ytringa skjer på skulen, og at det er avslutning.

Omgivnader og medium

Situasjonskonteksten handlar om kva for nokre konkrete omgivnader kommunikasjonen finn stad i, og kva slags medium han skjer gjennom. Dei konkrete omgivnadene, i form av rom, møblar og type bygning, kan bli ein viktig del av konteksten. Tenk berre på korleis vi veit at vi skal gå til det som ser ut som ein resepsjon for å spørje om informasjon når vi kjem til ein ny stad.

Menneske kan òg vere ein del av situasjonskonteksten, ved at vi tilpassar ein samtale viss vi merkar at utanforståande kan høyre det vi seier. Mediet for kommunikasjonen bidreg òg til situasjonskonteksten. Stemmebruk, tonefall og ansiktsuttrykk kan gi mange fleire nyansar enn ei tekstmelding, sjølv om emojiar kan uttrykke noko av desse nyansane òg i ei tekstmelding.

Fire pent kledde menneske i ein trong heis. Foto.

Deltakarar og oppgåve

Kven som er deltakarar i kommunikasjonen, og kva de prøver å oppnå, er òg ein del av situasjonskonteksten. Viss oppdraget er å informere om eit tema, vil du kommunisere annleis enn om du har i oppgåve å finne ut kva andre meiner om temaet.

Relasjonane mellom deltakarane påverkar kommunikasjonen, det same gjer eigenskapar deltakarane har. Vi tilpassar heile tida kva vi seier, ut frå kjønn, alder, roller og status hos dei vi kommuniserer med.

Kulturkontekst

Har du nokon gong opplevd å gå ned ein lang korridor, og så ser du nokon du kjenner, komme mot deg langt framme? Dei fleste av oss ventar med å seie hei til vi kjem ganske nær kvarandre. Kva gjer du i den tida det tek å komme i akseptabel helse-avstand? Sosiologen Erving Goffman beskreiv at dei fleste i ein slik situasjon vil unngå blikk-kontakt og til og med late som dei ikkje ser den andre før dei kjem nær (Goffman, 1968). Kjenner du deg igjen i dette?

Dette er døme på ein for kommunikasjon, det betyr eit sett med spelereglar for korleis vi skal oppføre oss i ein bestemd kommunikasjonssituasjon. Desse konvensjonane er ein del av kulturkonteksten. Kulturkonteksten for ein kommunikasjonssituasjon består av generelle faktorar, mens situasjonskonteksten handlar om dei heilt konkrete faktorane i ein bestemd kommunikasjonssituasjon.

Felles forståing

For at to menneske skal kunne formidle og tolke eit meiningsinnhald, er det nødvendig at dei har ei viss felles forståing av teikna og handlingane som inngår i bodskapen, og av situasjonen bodskapen er relatert til. Denne felles forståinga får vi altså frå kulturen, gjennom kulturelle kodar, normer, verdiar, språk, skikkar, idéar og verdsbilete, symbol og konvensjonar. Desse varierer frå ein kulturell kontekst til ein annan.

Bruk omgrepa

Beskriv tenkte situasjonar der "Nei, det veit eg dessverre ikkje" kan vere ei sannsynleg ytring. Bruk omgrepa tekstuell kontekst, situasjonskontekst og kulturkontekst.

Del forslaga til situasjonar med klassen. Kor mange situasjonar kom de fram til? Kva seier dette om bidraget konteksten har til meiningsskaping?

Kjelder

Andersen, G. (2020, 21. august). Pragmatikk (språkvitenskap). I Store norske leksikon. https://snl.no/pragmatikk_-_språkvitenskap

Dypedahl, M. & Bøhn, H. (2017). Veien til interkulturell kompetanse. Fagbokforlaget.

Goffman, E. (1968). Behaviour in public places: Notes on the Social Organization of Gatherings. The free press.

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling (3. utg.). Cappelen Damm akademisk.

Vagle, W., Sandvik, M. & Svennevig, J. (1993). Tekst i kontekst. En innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk. Landslaget for norskundervisning/Cappelen.

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2022

Læringsressursar

Språk- og samtaleanalyse