Hopp til innhald
Oppgåve

Pragmatisk analyse

Korleis kan du bruke teori om pragmatikk til å analysere ein kommunikasjonssituasjon? Her får du forslag til analysespørsmål du kan bruke i ein pragmatisk analyse.

Pragmatisk analyse

Vel ein kommunikasjonssituasjon som du ønsker å gjere ein pragmatisk analyse av. Det kan til dømes vere eit radioprogram, ein debatt eller ein samtale mellom venner.

Bruk spørsmåla under som utgangspunkt for analysen. Det er ikkje sikkert alle spørsmåla er like relevante for alle kommunikasjonssituasjonar. Hugs å vise til døme og bruk teoriar og omgrep. Når du har arbeidd med punkta, kan du bruke svara dine til å lage ein samanhengande analyse, anten skriftleg eller munnleg.

Analysespørsmål

Kontekst

  • Kva er den tekstuelle konteksten for kommunikasjonen? Samanheng mellom ytringar.

  • Korleis bidreg den tekstuelle konteksten til meiningsinnhaldet i kommunikasjonen?

  • Kva er situasjonskonteksten for kommunikasjonen? Tid, stad, medium, deltakarar ...

  • Korleis bidreg situasjonskonteksten til meiningsinnhaldet i kommunikasjonen?

  • Kva er kulturkonteksten for kommunikasjonen? Konvensjonar, spelereglar, felles forståing ...

  • Korleis bidreg kulturkonteksten til meiningsinnhaldet i kommunikasjonen?

Språkhandlingar

  • Kva språkhandlingar bruker deltakarane?

  • Er det nokon språkhandlingar som dominerer? Kan du seie noko om kvifor?

  • I kor stor grad er bruken av språkhandlingar tilpassa kommunikasjonssituasjonen?

  • Er bruken av språkhandlingar knytt til spesielle roller som deltakarane har?

  • Kva kan bruken av språkhandlingar seie oss om motiva til deltakarane eller kva dei ønsker å oppnå med kommunikasjonen?

  • Kva kan bruken av språkhandlingar seie oss om maktforhold og relasjonar mellom deltakarane?

  • Kor godt fungerer val av språkhandlingar?

Indirekte språkhandlingar

  • I kor stor grad følger deltakarane Grices grunnreglar for god kommunikasjon?

  • Viss deltakarane ikkje følger grunnreglane: Kva kan vere grunnen til dette?

  • Bruker deltakarane nokon indirekte språkhandlingar? Kva kan vere grunnen til at dei vel å bruke indirekte språkhandlingar?

Samanfatt og reflekter rundt funna dine

  • Korleis påverkar kontekst og bruk av direkte og indirekte språkhandlingar kommunikasjonen i dei situasjonane du har analysert?

  • Er det andre observasjonar du meiner er relevante for analysen?

Relatert innhald

Fagstoff
Pragmatikk og kontekst

Pragmatikk handlar om språkbruk og korleis konteksten bidreg til meiningsskaping.

Fagstoff
Språkhandlingar

Å informere om noko, å gi uttrykk for kjensler eller å komme med eit ønske er døme på språkhandlingar.