Hopp til innhald

Fagstoff

Samspelet mellom verbal og ikkje-verbal kommunikasjon

Korleis påverkar verbal og ikkje-verbal kommunikasjon kvarandre? Dei ikkje-verbale teikna vi bruker når vi kommuniserer, kan ha fleire funksjonar.
Ein mann og ei dame står på fortauet. Dama peiker i ein retning mens ho ser på mannen. Ansiktsuttrykket til mannen viser at han verkar usikker på om det er riktig retning. Foto.

Viss nokon stoppar deg på gata og spør om vegen til næraste matbutikk, vil det vere naturleg å bruke både verbal og ikkje-verbal kommunikasjon når du skal forklare vegen. Du vil sannsynlegvis kommunisere verbalt ved å bruke ord og frasar som til dømes "gå rett fram", "cirka 300 meter", "ta til høgre" og "ta til venstre", samtidig som du bruker ulike ikkje-verbale teikn som til dømes blikk, nikk og arm- og handrørsler for å vise retninga til matbutikken. Når du i ein slik situasjon bruker både verbale og ikkje-verbale teikn, aukar sjansen for at mottakaren forstår kva du meiner.

Tenk over

Kan du komme på andre situasjonar der ikkje-verbale teikn gjer at mottakaren betre forstår kva du ønsker å formidle?

Seks funksjonar

I dømet over ser vi at dei ikkje-verbale teikna er med på å gi meir informasjon til mottakaren enn om du hadde forklart vegen til matbutikken berre ved å bruke ord. Funksjonen til dei ikkje-verbale teikna blir derfor å gi utfyllande informasjon, eller det som antropologane Knapp og Hall (2010) kallar ein komplementerande funksjon. Andre funksjonar ikkje-verbal kommunikasjon kan ha, er at han repeterer, motseier, erstattar, forsterkar eller regulerer.

Når du skal utforske og tolke bruk av ikkje-verbal kommunikasjon i ulike kommunikasjonssituasjonar, kan det vere nyttig å sjå på kva funksjon den ikkje-verbale kommunikasjonen har.

Repeterer

Ein av funksjonane til ikkje-verbal kommunikasjon er at han gjentek det som blir sagt verbalt. Når vi seier "ja" og deretter nikkar med hovudet, får nikkinga ein repeterande funksjon.

Motseier

Ikkje-verbal kommunikasjon kan òg motseie det som blir uttrykt verbalt. Eit døme på dette er at vi skjelv, snakkar fort og stotrande og sveittar i hendene samtidig som vi nektar for at vi er nervøse. Her kommuniserer det verbale ein ting, og det ikkje-verbale noko anna.

Erstattar

Ikkje-verbal kommunikasjon kan òg fungere som ein erstattar når vi av ulike grunnar ikkje uttrykker noko verbalt. Det kan vere så lett som at vi berre nikkar når vi meiner "ja", eller at vi held opp handa med handflata retta mot ein person når vi ønsker at denne skal stoppe eller vere stille. Seier vi ordet "stopp" i tillegg, blir det ikkje-verbale språket forsterka, men bruker vi berre ikkje-verbalt språk, blir det vi viser med handa, ein erstattar. Den ikkje-verbale kommunikasjonen kan òg ha funksjon som erstattar når vi til dømes ikkje veit eller kjem på eit ord. I mimeleikar er heile poenget at vi finn erstattarar når regelen er at vi ikkje kan seie ordet vi skal fram til, med verbalt språk.

Komplementerer

Når funksjonen til den ikkje-verbale kommunikasjonen er komplementerande, betyr dette at det verbale og det ikkje-verbale utfyller og støttar kvarandre eller gjer det som blir kommunisert, meir fullstendig. Når du til dømes skal forklare fem viktige punkt, kan du bruke fingrane for å vise kva punkt du er på i opplistinga.

Forsterkar

Nokre gonger ønsker vi å forsterke eller understreke den verbale bodskapen vårt. Det kan til dømes skje i ein situasjon der vi seier at nokon må passe seg for noko, samtidig som vi fektar iherdig med armane. Vi seier "stopp" samtidig som vi held handa opp med handflata mot mottakaren eller tek tak i armen for å stoppe personen. Vi held armane og hendene fram med handflatene opp samtidig som vi seier til dømes "velkommen". Desse døma viser at den ikkje-verbale kommunikasjonen forsterkar det som blir uttrykt verbalt.

Regulerer

Ikkje-verbal kommunikasjon kan òg fungere som ein regulator, det vil seie teikn som er med på styre til dømes kven sin tur det er til å seie noko eller om noko må gjentakast. I klasserommet er det å rekke opp handa når du vil seie noko, ein regulator. Det same gjeld når læraren nikkar i retning av den som skal få ordet. Vi bøyer oss framover og held handa opp til øyret for å signalisere at vi gjerne vil ha gjenteke kva som blir sagt. I ein politisk debatt er det eigne handrørsler for replikk og innlegg. For at regulatorar skal fungere som nettopp regulatorar, må dei som bruker dei, vere einige om kva dei betyr. Kan du hugse når du lærte at det å rekke opp handa betyr at du vil seie noko?

Verbal og ikkje-verbal kommunikasjon speler saman

Korleis vi forstår og tolkar kommunikasjonen til kvarandre, blir påverka av mellom anna kva situasjon vi er i, kven vi kommuniserer med, og kva som er formålet med kommunikasjonen. I kommunikasjon som skjer ansikt til ansikt, er det ofte slik at vi bruker fleire verbale og ikkje-verbale teikn, og korleis vi bruker teikna, må forståast ut i frå konteksten.

Fleirtydigheit og kontekst

Eit ikkje-verbalt teikn kan i seg sjølv vere fleirtydig, men får ei spesiell tyding om det blir brukt i ein spesifikk situasjon eller kontekst. Å berøre armen til nokon i ein trist eller vanskeleg situasjon kan fungere som ein erstattar viss ein ikkje veit heilt kva ein skal seie, mens det å berøre armen til nokon for å åtvare eller få merksemda deira samtidig som ein seier til dømes namnet deira, fungerer som ei forsterking. Ofte skjer dette umedvite, og vi forstår som regel kva som blir meint med den ikkje-verbale kommunikasjonen. Samtidig er det viktig å vere klar over at ikkje alle teikn nødvendigvis blir tolka og forståtte likt i alle kontekstar.

Tenk over

Gi døme på situasjonar der funksjonen til ikkje-verbal kommunikasjon er ulik frå situasjon til situasjon.

Finn døme på ikkje-verbal kommunikasjon som kan ha ulik betydning frå kultur til kultur.

Kjelder

Dypedahl, M. & Bøhn, H. (2017).Veien til interkulturell kompetanse (2. utg.). Fagbokforlaget.

Knapp, M. & Hall, J. (2010). Nonverbal communication in human interaction (8. utg.). Wadsworth Cengage Learning.

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2022

Læringsressursar

Språk- og samtaleanalyse