Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser samspelet mellom verbale og ikkje-verbale uttrykksformer

Utforsk og analyser samspelet mellom verbale og ikkje-verbale uttrykksformer i ein episode av Innafor.

Bruk episoden av Innafor som utgangspunkt for å analysere samspelet mellom verbale og ikkje-verbale uttrykksformer. Det kan vere lurt å sjå heile episoden samanhengande og deretter velje ut nokre delar eller scener som du vil arbeide med. Ta notat undervegs.

Bruk spørsmåla under som utgangspunkt for analysen. Når du har arbeidd med punkta, kan du bruke svara dine til å lage ein samanhengande analyse, anten skriftleg eller munnleg. Punkta kan òg brukast i ein analyse av samspel mellom verbale og ikkje-verbale uttrykksmåtar i andre tekstar eller kommunikasjonssituasjonar.

Punkt til analyse

Vel ut to eller tre kommunikasjonssituasjonar der det blir brukt både verbal og ikkje-verbal kommunikasjon.

Kontekst og formål

  • Kva er konteksten?

  • Kva er formålet med kommunikasjonen?

Deltakarar, roller og relasjonar

  • Kven er deltakarane?

  • Kva veit vi om relasjonen deira?

  • Har dei roller eller maktposisjonar som kan påverke kommunikasjonen?

Bruk av verbale og ikkje-verbale uttrykksformer

  • Kva funksjonar har ikkje-verbale uttrykksformer i dei kommunikasjonssituasjonane du har valt?

  • Korleis er samspelet mellom verbale og ikkje-verbale uttrykksformer i kommunikasjonen?

  • Kva funksjonar er mest framståande? Kan vi seie noko om kvifor?

  • Kva er det som påverkar bruken av ikkje-verbale uttrykksmåtar, trur du?

  • Speglar eller påverkar deltakarane kroppsspråket til kvarandre? Er dei ikkje-verbale uttrykksformene medvitne?

  • Er det andre faktorar som påverkar den ikkje-verbale kommunikasjonen?

Samanfatt og reflekter rundt funna dine

  • Korleis er samspelet mellom verbale og ikkje-verbale uttrykksmåtar i dei situasjonane du har analysert? Her kan du seie noko om likskapar og forskjellar og om det var noko spesielt du la merke til eller vart overraska over.

  • Er det andre observasjonar du meiner er relevante for analysen?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2022

Læringsressursar

Språk- og samtaleanalyse