Litteraturteori: konteksten
Mange teoriar om kultur peikar på at språk, tekst og samfunn påverkar kvarandre gjensidig. I eit slikt perspektiv gir det òg meining å trekke inn konteksten når vi undersøker litteraturen. Her skal vi sjå på ulike teoriar som gjer dette. Vi skal òg vise korleis teoriane kan brukast, med romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar som døme.
Karl Marx og Friedrich Engels' teoriar om klassesamfunnet, marxismen, blir òg brukte som eit perspektiv på litteraturen. Marxistisk litteraturteori ser på litteraturen i ein samfunnskontekst. Samfunnsforholda påverkar litteraturen, men litteraturen er òg ei av kreftene som påverkar samfunnet. Eit ideal for litteraturen er at han skal spegle og avkle maktforholda i klassesamfunnet.
Marxistane retta òg merksemda mot tilhøva rundt produksjonen av litteraturen: Kven kjem til orde i litteraturen, og kven er lesarane? Kven har makta til å bestemme dette?
Georg Lukács er ein viktig teoretikar i marxistisk litteraturteori. Han var mest oppteken av innhaldet i litteraturen og korleis han spegla klassemotsetningane i samfunnet.
Nyhistorismen er ei litteraturteoretisk retning som er påverka av marxistisk teori, og som ser den historiske konteksten som ein viktig faktor. Stephen Greenblatt er den viktigaste teoretikaren i nyhistorismen, som oppstod på starten av 1980-talet.
Greenblatt kombinerte nærlesingsmetodane frå nykritikken med tankane bak kulturstudia om korleis kulturen, maktrelasjonar og andre samfunnsforhold påverkar og blir spegla i litteraturen. Han brukte mange ulike idéar og kjelder for å analysere Shakespeares skodespel opp mot samtida dei oppstod i, altså renessansen. Han såg på korleis idéar om kjønnsroller og makt i samtida til Shakespeare sette spor i tekstane.
Nyhistorismen er tydeleg påverka av Michel Foucaults teori om koplinga mellom språk og samfunn, og denne måten å analysere litterære verk på liknar på diskursanalysen som metode.
Tekst og kontekst
Nyhistorismen har som mål å belyse teksten frå så mange sider som mogleg. I ein slik analyse er det ikkje berre skjønnlitterære tekstar som blir rekna som relevante. Kjelder om livet til forfattaren, til dømes anekdotar og brev, blir brukte saman med teoriar om samfunn og kultur for å beskrive både teksten og konteksten. Målet er ikkje å finne ei einskapleg sanning om forfattaren eller teksten, men å klargjere det komplekse og motsetningsfulle ved idéane som påverkar samfunnet.
Der marxismen og nyhistorismen bana vegen for å trekke inn den samfunnsmessige og historiske konteksten til litteraturen, tek postkolonialismen føre seg ei heilt konkret side ved historia. Dette perspektivet på litteratur bygger på både marxistiske og nyhistoristiske idéar. Vi ser her tekstane i lys av korleis kolonisering påverka makt, kultur og identitet i tidlegare koloniland.
Les meir om postkolonialistisk teori og orientalismen i artiklane Postkolonialisme og Postkolonialisme på norsk.
Den feministiske litteraturteorien tek som marxismen utgangspunkt i at maktrelasjonar i samfunnet påverkar litteraturen. Men i staden for å sjå på klassemotsetningar ser han på maktforholdet mellom kjønna, der kvinna historisk sett har vore underordna mannen. Simone de Beauvoir, Camilla Collett og Virginia Woolf er viktige teoretikarar innan den feministiske litteraturteorien.
Til liks med marxistisk litteraturteori er òg den feministiske oppteken av kven som kjem til orde gjennom litteraturen. Essayet "A room of one's own" av Virginia Woolf sette ord på at forfattarrolla ikkje samsvarte med kvinnerolla. Reint konkret var det vanskeleg for kvinner å få rom til å skrive på grunn av koplinga kvinnene hadde til heimen.
Kvinna som "den andre"
Beauvoirs teoriar om kvinna som "den andre" er òg eit viktig perspektiv. Bøker av menn blir sett på som litteratur som har relevans for alle, mens når kvinner skriv, er det kvinnelitteratur, og blir sett på som ein nisje.
Vi kan òg sjå innhaldet i litteraturen i eit feministisk perspektiv. Karakterar og forholda mellom dei kan spegle maktrelasjonane mellom kjønna.
I dei seinare åra har ei eiga retning som ser på korleis litteraturen seier noko om forholdet vårt til naturen, vakse fram. På same måte som postkolonialismen handlar økokritikken om eit bestemt saksforhold. Korleis mennesket tenker og handlar om naturen, har konsekvensar som vi i dag ser på som ei av vår tids største utfordringar på grunn av klimakrisa.
Frå ei antroposentrisk til ei økosentrisk verkelegheitsoppfatning
Ei antroposentrisk verkelegheitsoppfatning, der mennesket står over og utanfor naturen, er ifølgje økokritikken ei viktig årsak til klimakrisa. Løysinga på klimakrisa vil vere ei meir økosentrisk verkelegheitsoppfatning, slik som urfolkskulturar tradisjonelt har vore baserte på. Der ser mennesket seg sjølv som ein del av naturen og som ein del av det komplekse samspelet naturen består av.
Litteraturteorien prøver å utforske korleis verkelegheitsoppfatninga vår kjem til syne i skildringar av dyr, omgivnader, vêr, naturen og miljøet i litteraturen og i relasjonane karakterane har til dette. Du kan gjere ei konkret utforsking av litteratur ut frå eit slikt perspektiv ved å sjå etter korleis naturen og omgivnadene blir beskrivne i teksten, og kva haldningar karakterane har til miljøet og naturen.
Denne filmen tek for seg korleis naturen blir framstilt i ulike periodar av litteraturen:
Tenk over / diskuter
Kva litteraturteoretiske perspektiv meiner du passar best til ein analyse av Tante Ulrikkes vei? Kva kan vere styrkar og svakheiter ved dei ulike perspektiva?
Farsethås, A. (2002, 26. august). Marxismen: Litteraturen avslører maktforhold. NRK. https://www.nrk.no/kultur/marxismen_-litteraturen-avslorer-maktforhold-1.538441
Gregersen, M. (2017). Litteratur og natur. En kort introduktion til økokritik. I Bøygen, 2017/3, 10–21. https://issuu.com/boygen/docs/boygen_03_2017_web
Kittang, A. (1991). Moderne litteraturteori. En innføring. Universitetsforlaget.
Mehta, P. B. (u.å.). Holbergprisen 2016 ble tildelt den amerikanske litteraturforskeren og historikeren Stephen Greenblatt. Holbergprisen.https://holbergprisen.no/nb/holbergprisen/prisvinnere/stephen-greenblatt
Skei, H. H. (2021, 1. februar). Feministisk litteraturteori. I Store norske leksikon. https://snl.no/feministisk_litteraturteori
Vold, T. (2019). Å lese verden. Fra imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk. Universitetsforlaget.