Hopp til innhald

Fagstoff

Analysespørsmål for ulike litteraturteoriar

Korleis kan du bruke ulike perspektiv på litteratur i ein analyse? Bruk forslaga våre til analysespørsmål baserte på ulike tilnærmingar til litteratur.
Oppslått bok med luftballongar, skyer og bokstavar svevande over seg. Illustrasjon.

Vi har sortert ulike teoretiske perspektiv på litteratur etter om dei har hovudfokuset på teksten, konteksten, forfattaren eller lesaren. Du finn fagartiklane som tek for seg desse ulike perspektiva i relatert innhald.

Under finn du forslag til analysespørsmål for kvart av dei fire perspektiva. Du kan bruke spørsmåla som utgangspunkt når du skal analysere og tolke litterære tekstar. Du kan òg laste ned tabellen som eit Word-dokument.

analysespørsmål

Teksten

Konteksten

Forfattaren

Lesaren

Kva for nokre ulike element består teksten av?

Når og kor vart teksten gitt ut?

Skriv forfattaren frå eit bestemt perspektiv når det gjeld kjønn, kultur eller klasse?

Kven er forfattaren?

Kva slags kjensler og assosiasjonar vekker ulike delar av teksten i deg?

Kva for nokre språklege bilete og andre språklege verkemiddel blir brukte i teksten?

Kva er den historiske og kulturelle konteksten for tematikken i teksten?

Kva kan du finne ut om livet til forfattaren?

Korleis kan dette kaste lys over teksten?

Kva slags tomrom i teksten må du fylle sjølv?

Korleis er språket i teksten? Beskriv korleis tone, stil, ordval og setningsoppbygging bidreg til framstillinga i teksten av temaet.

Er tematikken i teksten knytt til kolonisering og rasisme?

Korleis blir kulturforskjellar og kulturell identitet skildra i teksten?

Kva kan du finne ut om forfattarskapen til forfattaren?

Korleis kan dette kaste lys over teksten?

Kva har du av kunnskap og erfaring som bidreg til korleis du forstår teksten?

Kva forteljarperspektiv eller synsvinkel er handlinga beskriven frå?

Kva for nokre ulike perspektiv og stemmer er til stades i teksten?

Kva haldningar har karakterane til naturen og omgivnadene?

Korleis blir naturen skildra i teksten?

Kva modell-lesar(ar) er teksten retta mot?

Kva forteljargrep blir brukte i teksten? Scenisk framstilling, dialog eller referat?

Kva handlingsskjema finn du i teksten?

Kva slags maktrelasjonar mellom kjønna kjem til uttrykk i teksten?

Korleis blir karakterar av ulike kjønn skildra og framstilte i teksten?

Korleis vender teksten seg til ulike lesarar, direkte eller indirekte?

Kva karakterar opptrer i teksten, kva slags relasjonar har dei, og korleis utviklar karakterane og relasjonane seg?

Kva funksjonar har dei ulike karakterane i teksten?

Kva klassemotsetningar kjem til uttrykk i teksten?

Korleis blir karakterar frå ulike klassar skildra og framstilte i teksten?

Kva strategiar er brukte for å påverke lesaren på ulike måtar?

Korleis er handlinga i teksten strukturert? Er framstillinga kronologisk, er det parallelle handlingar eller hopp bakover eller framover i tid?

Kva andre tekstar kan kaste lys over idéar eller hendingar i tida som påverkar teksten?

Korleis er samspelet mellom dei ulike elementa i teksten, og korleis støttar dei opp om tematikken i teksten?

Filer

Relatert innhald

Her får du eit overblikk over ulike litteraturteoriar som berre har sjølve teksten som analyseområde.

Kva for litteraturteoretiske retningar meiner konteksten er viktig for å forstå litteratur, og korleis kan du bruke dette i møte med tekstar?


CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2021

Læringsressursar

Litteraturteori