Litteraturteori: teksten - Kommunikasjon og kultur 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Litteraturteori: teksten

Kva litteraturteoriar fokuserer berre på sjølve teksten, og korleis kan du bruke desse teoriane i møte med tekstar?

Frå 1920-talet vaks det fram fleire litteraturteoriar som retta fokuset mot strukturen og dei språklege og estetiske grepa i sjølve teksten. Desse teoretiske retningane vaks fram som ein reaksjon mot litteraturteoriar som såg teksten i lys av diktarpersonlegdommen som skapte han.

Formalisme

Formalismen er ei litteraturteoretisk retning som oppstod i Russland på 1920-talet. Denne retninga er oppteken av forma på det poetiske språket og kva som skil dette språket frå sakleg og kvardagsleg språkbruk. Formalismen var ein reaksjon på det dominerande synet på litteratur der hovudfokuset var på forfattaren og samfunnet rundt litteraturen. No vart det sentrale i staden ei vitskapleg tilnærming til korleis vi opplever det estetiske ved tekstar, og dei ulike kunstgrepa som litteraturen nyttar.

Underleggjering, språklege bilete og parallellisme

Underleggjering er eit viktig omgrep for formalismen. Dette omgrepet beskriv korleis eit poetisk språk gjer at vi ser verda frå ein annan vinkel. Språklege bilete, tropar, er viktige grep i det poetiske språket. Eit anna viktig omgrep i formalismen er parallellismen, som handlar om korleis dei same elementa blir gjentekne i ulike kontekstar i tekstar og andre uttrykk. Eit døme på dette er å bruke ulike ord som betyr det same, eller å stille motsetningar opp mot kvarandre.

Desse innsiktene bruker vi framleis i dag når vi ser på språkbruk og språklege verkemiddel i analysar av litterære tekstar. I denne artikkelen om språklege verkemiddel i dikt får du ei oversikt over dei vanlegaste språklege verkemidla.

Fleirstemmigheit og intertekstualitet

Mikhail Bakhtin vidareutvikla formalismen med teoriar om fleirstemmigheita i tekstar. Han peika på at tekstar ofte inneheld mange ulike stemmer med ulike perspektiv. Vi møter stemmene gjennom dialog og replikk, tankar, forteljarstemmer og skildringar. Eit anna viktig omgrep som Bakhtin utvikla, er intertekstualitet. Det handlar om at tekstar alltid heng saman med andre tekstar gjennom lån, kjende motiv, sitat og .

Eit døme: I romanen Tante Ulrikkes vei får vi ikkje berre perspektivet til dei to hovudpersonane Mo og Jamal. Forfattar Zeshan Shakar inkluderer òg stemmer som representerer majoritetskulturen, skulen, arbeidsgivarar og meir privilegerte ungdommar. Desse ulike perspektiva får fram motsetningar og konfliktar i samfunnet og viser kompleksiteten i tematikken. Vi kan òg seie at romanen har ein intertekstuell relasjon til andre oppvekstromanar frå Oslo, slik som Beatles av Lars Saabye Christensen, med eit motiv der popmusikk og bymiljøet er eit viktig bakteppe for utviklinga til romankarakterane.

Strukturalisme

Idéane frå formalismen vart vidareførte i det vi kallar strukturalismen. Her er det framleis teksten sjølv som står i sentrum, men strukturalistane vende merksemda mot strukturen eller oppbygginga av tekstane. Mykje arbeid vart gjort for å finne fram til byggesteinane som forteljingar er laga av.

Kva består forteljingar av?

Vladimir Propp undersøkte store mengder eventyr og kom fram til eit skjema som beskreiv både faste handlingsskjema og faste funksjonar for karakterar i eventyra. Modellen kan brukast til å analysere karakterar og handlingsforløp som går igjen i mange tekstar, frå Star Wars-filmane til bøkene om Harry Potter.

nettsida til VGSkole om eventyrstilen kan du sjå heile modellen til Propp.

Algirdas Greimas bygde på Propps idéar og utvikla aktantmodellen for å beskrive den grunnleggande strukturen i forteljingar. Modellen er basert på eit subjekt som har ein lengsel etter eller ønske om noko, eit objekt. Dette objektet blir overført til subjektet via ei form for kommunikasjon. Å oppnå dette målet blir prosjektet til subjektet i form av ein konflikt. Subjektet støyter på både hjelparar og motstandarar på vegen.

Mange av idéane frå strukturalistane har vorte vidareførte i narratologien, som har fokus på teoriar og metodar for å beskrive korleis forteljingar er bygde opp.

Tenk over / diskuter

Kan du bruke Greimas' aktantmodell til å beskrive handlinga i Ringenes herre eller ein annan film du kjenner godt?

Nykritikk

Amerikanske og engelske litteraturvitarar på 1920-talet hadde òg ein reaksjon mot den historisk-biografiske metoden som inntil då hadde vore rådande. Denne retninga har fått namnet nykritikk.

Nykritikarane såg på teksten som eit sjølvstendig fenomen som måtte undersøkjast skilt frå både forfattar, kontekst og lesar. Dei meinte det var umogleg å vite sikkert kva som er intensjonen ein forfattar har med ein tekst viss det ikkje er direkte uttalt, derfor var det berre teksten sjølv som burde studerast. Dei meinte at litteraturen skulle vurderast objektivt, derfor var heller ikkje den subjektive vurderinga til lesaren interessant.

Nærlesing

Den viktigaste metoden til nykritikken var nærlesing. Det handla om å analysere i detalj elementa som teksten konkret består av: ord, språk og struktur, og å avdekke spenningar og motsetningar som dei skaper. Dei ulike elementa vart sett i forhold til kvarandre og sett opp mot det heilskaplege temaet i teksten. Fleirtydigheit, ironi og metaforar kan skape slike indre samanhengar i ein tekst, mens trådane samlast i heilskapen i teksten.

Nykritikken hadde ideal for kva som gjorde ein tekst god: eining, kompleksitet, intensitet og eit samspel mellom elementa i teksten.

Nykritikken har sett spor i korleis vi ser på tekstar til dømes i skulen, sjølv om kontekstomgrepet har komme mykje sterkare inn dei siste åra. Vi har altså teke med oss viktige innsikter frå nykritikken og kombinert dei med andre perspektiv.

Mytekritikk og psykoanalytisk kritikk

Å sjå tekstar i lys av , og psykoanalytiske modellar var ei teoretisk retning som stod sterkt i amerikansk litteraturforsking på 1950- og 1960-talet. Tanken var at mytar og arketypar fanga opp noko djupt menneskeleg i oss og danna mønster og modellar som gjorde det mogleg for oss å forstå psykologiske konfliktar og menneskelege relasjonar.

Sigmund Freud brukte mytar i psykoanalysen sin for å peike på krefter og relasjonar som pregar oss menneske. Eit døme på dette er Ødipus-komplekset. Dette beskriv ein fase der gutar har sterke kjensler for mor si og oppfattar far sin som ein rival. Dette har fått namn etter ein gresk myte om Ødipus som drep far sin og giftar seg med mor si.

Mytekritikken og den psykoanalytiske kritikken bruker element frå psykoanalysen og kjende mytar til å analysere motivasjonen, handlingane og relasjonane til litterære karakterar.

Utforsk

Les om Ikaros-myten i Store norske leksikon.

Er det element i myten som kan brukast til å forstå eller beskrive karakterane i ein serie eller film du har sett?

Kjelder

Børtnes, J. (2020, 26. mars). Vladimir Jakovlevitsj Propp. I Store norske Leksikon. https://snl.no/vladimir_jakovlevitsj_propp

Børtnes, J. (2021, 1. februar). Formalisme (litteratur). I Store norske leksikon. https://snl.no/formalisme_-_litteratur

Børtnes, J. & Lunde, I. (2021, 15. mai). Mikhail Bakhtin. I Store norske leksikon. https://snl.no/mikhail_bakhtin

Farsethås, A. (2002, 21. juni). Det nye med nykritikk. NRK. https://www.nrk.no/kultur/1.-det-nye-med-nykritikk-1.538092

Kittang, A. (1991). Moderne litteraturteori. En innføring. Universitetsforlaget.

Mæhlum, L. (2020, 28. desember). Aktantmodell. I Store norske leksikon. https://snl.no/aktantmodell

Skei, H. H. (2019, 9. oktober). Intertekstualitet. I Store norske leksikon. https://snl.no/intertekstualitet

Skei, H. H. (2021, 29. oktober). Litteraturvitenskap. I Store norske leksikon. https://snl.no/litteraturvitenskap

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021