Litteraturteori: konteksten - Kommunikasjon og kultur 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Litteraturteori: konteksten

I kva for nokre litteraturteoretiske retningar meiner ein konteksten er viktig for å forstå litteratur, og korleis kan du bruke desse teoriane i møte med tekstar?

Mange teoriar om kultur peikar på at språk, tekst og samfunn påverkar kvarandre gjensidig. I eit slikt perspektiv gir det òg meining å trekke inn konteksten når vi undersøker litteraturen. Her skal vi sjå på ulike teoriar som gjer dette. Vi skal òg vise korleis teoriane kan brukast, med romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar som døme.

Marxistisk litteraturteori

Karl Marx og Friedrich Engels' teoriar om klassesamfunnet, marxismen, blir òg brukte som eit perspektiv på litteraturen. Marxistisk litteraturteori ser på litteraturen i ein samfunnskontekst. Samfunnsforholda påverkar litteraturen, men litteraturen er òg ei av kreftene som påverkar samfunnet. Eit ideal for litteraturen er at han skal spegle og avkle maktforholda i klassesamfunnet.

Marxistane retta òg merksemda mot tilhøva rundt produksjonen av litteraturen: Kven kjem til orde i litteraturen, og kven er lesarane? Kven har makta til å bestemme dette?

Georg Lukács er ein viktig teoretikar i marxistisk litteraturteori. Han var mest oppteken av innhaldet i litteraturen og korleis han spegla klassemotsetningane i samfunnet.

Tante Ulrikkes vei i eit marxistisk perspektiv

Vi skal sjå på romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar i eit marxistisk perspektiv som eit døme. Ein analyse frå dette perspektivet kunne undersøkt korleis dei to hovudpersonane i ulik grad er representantar for ein økonomisk underklasse i det norske samfunnet, og korleis det påverkar moglegheitene dei har for å lykkast. Vi kan sjå konfliktar og relasjonar som dei to opplever, i lys av klassemotsetningar.

Når det gjeld produksjonsforholda av romanen, er det interessant å sjå på korleis Shakar sjølv skildrar klassereisa han har teke for å komme til orde som forfattar, og kva slags mottaking han får av lesarar og kritikarar frå middelklassen.

Nyhistorismen

Nyhistorismen er ei litteraturteoretisk retning som er påverka av marxistisk teori, og som ser den historiske konteksten som ein viktig faktor. Stephen Greenblatt er den viktigaste teoretikaren i nyhistorismen, som oppstod på starten av 1980-talet.

Greenblatt kombinerte nærlesingsmetodane frå nykritikken med tankane bak kulturstudia om korleis kulturen, maktrelasjonar og andre samfunnsforhold påverkar og blir spegla i litteraturen. Han brukte mange ulike idéar og kjelder for å analysere Shakespeares skodespel opp mot samtida dei oppstod i, altså renessansen. Han såg på korleis idéar om kjønnsroller og makt i samtida til Shakespeare sette spor i tekstane.

Nyhistorismen er tydeleg påverka av Michel Foucaults teori om koplinga mellom språk og samfunn, og denne måten å analysere litterære verk på liknar på diskursanalysen som metode.

Tekst og kontekst

Nyhistorismen har som mål å belyse teksten frå så mange sider som mogleg. I ein slik analyse er det ikkje berre skjønnlitterære tekstar som blir rekna som relevante. Kjelder om livet til forfattaren, til dømes anekdotar og brev, blir brukte saman med teoriar om samfunn og kultur for å beskrive både teksten og konteksten. Målet er ikkje å finne ei einskapleg sanning om forfattaren eller teksten, men å klargjere det komplekse og motsetningsfulle ved idéane som påverkar samfunnet.

Tante Ulrikkes vei i eit nyhistoristisk perspektiv

Ein nyhistoristisk analyse av Tante Ulrikkes vei må sjå på korleis idéar i samtida blir spegla i teksten. Her kan du sjå på kjelder som handlar om levekåra i bydelar som Stovner i Oslo. Du kan òg sjå karakteren Mos opplevingar i boka i lys av Pierre Bourdieus teoriar om kulturell kapital.

Samtidig er det eit viktig poeng i nyhistorismen å belyse eit verk frå ulike sider og kjelder og å få fram motsetningar og nyansar. Derfor bør vi òg leite etter kjelder og idéar som peiker i andre retningar. Vi kan til dømes utforske kulturelle kodar og identitetsmarkørar som gir status i hip-hop-kulturen som Jamal kjenner tilhøyrsel til. Musikkvideoen til T-Section frå bydelen Tøyen kan vere ei kjelde som kastar lys over dette: musikkvideoen "Grensen" av T-Section på YouTube.

Postkolonialistisk litteraturteori

Der marxismen og nyhistorismen bana vegen for å trekke inn den samfunnsmessige og historiske konteksten til litteraturen, tek postkolonialismen føre seg ei heilt konkret side ved historia. Dette perspektivet på litteratur bygger på både marxistiske og nyhistoristiske idéar. Vi ser her tekstane i lys av korleis kolonisering påverka makt, kultur og identitet i tidlegare koloniland.

Tante Ulrikkes vei i eit postkolonialistisk perspektiv

Dersom vi ser på Tante Ulrikkes vei med dette perspektivet, er det interessant å sjå på rasismen og utanforskapen som hovudpersonane opplever i kraft av identiteten sin som muslimske menn.

Edward Saids teoriar om orientalismen beskriv førestillingar om muslimar som farlege og "den andre". Desse førestillingane vart skapte av vestlege kolonimakter. Dette kjem spesielt tydeleg fram i skildringane i romanen av medieoppslag om norske muslimar i samband med terrorangrepet i USA den 11. september 2001.

Les meir om postkolonialistisk teori og orientalismen i artiklane Postkolonialisme og Postkolonialisme på norsk.

Feministisk litteraturteori

Den feministiske litteraturteorien tek som marxismen utgangspunkt i at maktrelasjonar i samfunnet påverkar litteraturen. Men i staden for å sjå på klassemotsetningar ser han på maktforholdet mellom kjønna, der kvinna historisk sett har vore underordna mannen. Simone de Beauvoir, Camilla Collett og Virginia Woolf er viktige teoretikarar innan den feministiske litteraturteorien.

Til liks med marxistisk litteraturteori er òg den feministiske oppteken av kven som kjem til orde gjennom litteraturen. Essayet "A room of one's own" av Virginia Woolf sette ord på at forfattarrolla ikkje samsvarte med kvinnerolla. Reint konkret var det vanskeleg for kvinner å få rom til å skrive på grunn av koplinga kvinnene hadde til heimen.

Kvinna som "den andre"

Beauvoirs teoriar om kvinna som "den andre" er òg eit viktig perspektiv. Bøker av menn blir sett på som litteratur som har relevans for alle, mens når kvinner skriv, er det kvinnelitteratur, og blir sett på som ein nisje.

Vi kan òg sjå innhaldet i litteraturen i eit feministisk perspektiv. Karakterar og forholda mellom dei kan spegle maktrelasjonane mellom kjønna.

Tante Ulrikkes vei i eit feministisk perspektiv

Å sjå Tante Ulrikkes vei frå eit feministisk perspektiv kan innebere å sjå på kjønnsrollene som både Mo og Jamal speler som menn, og relasjonane dei har til kvinnene i romanen. Ein ting å ta tak i er korleis Jamal bruker maskuline rollemodellar frå hip-hop-kulturen til å bygge identiteten sin.

Vi kan òg spørje om kvinnefigurane har den same djupna som dei mannlege karakteren har, eller om dei berre opptrer som stereotypiske støttefunksjonar til dei mannlege? Eit anna spørsmål å stille er: Korleis er stillinga til muslimske kvinner i miljøet som blir skildra?

Økokritikk

I dei seinare åra har ei eiga retning som ser på korleis litteraturen seier noko om forholdet vårt til naturen, vakse fram. På same måte som postkolonialismen handlar økokritikken om eit bestemt saksforhold. Korleis mennesket tenker og handlar om naturen, har konsekvensar som vi i dag ser på som ei av vår tids største utfordringar på grunn av klimakrisa.

Frå ei antroposentrisk til ei økosentrisk verkelegheitsoppfatning

Ei antroposentrisk verkelegheitsoppfatning, der mennesket står over og utanfor naturen, er ifølgje økokritikken ei viktig årsak til klimakrisa. Løysinga på klimakrisa vil vere ei meir økosentrisk verkelegheitsoppfatning, slik som urfolkskulturar tradisjonelt har vore baserte på. Der ser mennesket seg sjølv som ein del av naturen og som ein del av det komplekse samspelet naturen består av.

Litteraturteorien prøver å utforske korleis verkelegheitsoppfatninga vår kjem til syne i skildringar av dyr, omgivnader, vêr, naturen og miljøet i litteraturen og i relasjonane karakterane har til dette. Du kan gjere ei konkret utforsking av litteratur ut frå eit slikt perspektiv ved å sjå etter korleis naturen og omgivnadene blir beskrivne i teksten, og kva haldningar karakterane har til miljøet og naturen.

Denne filmen tek for seg korleis naturen blir framstilt i ulike periodar av litteraturen:

Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0
Tante Ulrikkes vei i eit økokritisk perspektiv

I Tante Ulrikkes vei er det fråværet av naturen som er påfallande. Her kan det vere interessant å kombinere eit økokritisk perspektiv med eit marxistisk.

Boka skildrar eit nærmiljø som er dominert av urbanisering, høgblokker og lite velstand. Hovudpersonane har lite med naturen å gjere. Det kan knytast til at tilgang til naturen er eit gode i byar som Oslo, og deltaking i natur og friluftsliv kan knytast til kultur- og klasseforskjellane i byen. Det å vere opptekne av økologi kan i denne samanhengen vere ein luksus som hovudpersonane i boka ikkje har høve til å tenke på.

Tenk over / diskuter

Kva litteraturteoretiske perspektiv meiner du passar best til ein analyse av Tante Ulrikkes vei? Kva kan vere styrkar og svakheiter ved dei ulike perspektiva?

Kjelder

Farsethås, A. (2002, 26. august). Marxismen: Litteraturen avslører maktforhold. NRK. https://www.nrk.no/kultur/marxismen_-litteraturen-avslorer-maktforhold-1.538441

Gregersen, M. (2017). Litteratur og natur. En kort introduktion til økokritik. I Bøygen, 2017/3, 10–21. https://issuu.com/boygen/docs/boygen_03_2017_web

Kittang, A. (1991). Moderne litteraturteori. En innføring. Universitetsforlaget.

Mehta, P. B. (u.å.). Holbergprisen 2016 ble tildelt den amerikanske litteraturforskeren og historikeren Stephen Greenblatt. Holbergprisen.https://holbergprisen.no/nb/holbergprisen/prisvinnere/stephen-greenblatt

Skei, H. H. (2021, 1. februar). Feministisk litteraturteori. I Store norske leksikon. https://snl.no/feministisk_litteraturteori

Vold, T. (2019). Å lese verden. Fra imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk. Universitetsforlaget.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022