Postkolonialisme på norsk - Kommunikasjon og kultur 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Postkolonialisme på norsk

Korleis kan eit postkolonialistisk perspektiv brukast i ein norsk samanheng?

Korleis har kolonialismen prega Noreg? Landet var jo lenge ein koloni under Danmark. Det eine skriftspråket i Noreg i dag er eit resultat av denne maktrelasjonen, sidan bokmål er ei vidareutvikling av skriftspråket til den danske kolonimakta. Talemålet vart òg påverka av det danske språket, men det er ikkje mange som vil seie at maktrelasjonen mellom Noreg og Danmark framleis har negative konsekvensar for Noreg.

Å setje det samiske på kartet

Det postkolonialistiske perspektivet er meir aktuelt som verktøy for å utforske forholdet mellom Noreg og det samiske (Høglund, 2018). Eit tema i dagens debatt er kor lite synlege dei samiske kulturane i dei nordiske landa er, som eit resultat av dei maktovergrepa som nasjonalstatane gjorde mot dei samiske urfolka. Fornorskingspolitikken er eit døme på dette.

Det går framleis føre seg ein kamp for å gjere det samiske perspektivet synleg i nordiske land, og kunst har vore eit viktig verkemiddel. Eit døme på dette er den samiske kunstnaren Hans Ragnar Mathiesen. Han har gjort usynleggjeringa av samane tydeleg ved å lage eit eige kart over heile , som er utan landegrenser og berre har samiske stadnamn.

Utforsk

Du kan sjå karta til Hans Ragnar Mathiesen på nettsidene til Nasjonalmuseet. Korleis opplever du det å sjå landet utan norske stadnamn?

Ser du eit postkolonialistisk perspektiv i bileta som ligg på Instagram-kontoen til dei samiske kunstaktivistane Suophanterror?

Norske polfararar og koloniseringa av Grønland

Det postkolonialistiske perspektivet har òg vorte brukt på korleis norske oppdagingsreisande i Arktis beskreiv inuittane som allereie budde i landområde dei "oppdaga". I boka Blandt Nordpolens naboer skin det gjennom at Eivind Astrup hadde respekt for evna inuittane hadde til å overleve i det tøffe klimaet på Grønland, men skildringane hans speglar òg menneskesynet til samtida basert på førestillingar om rase, der kvitleik plasserer deg på toppen av rangstigen: "Vilde at se til, skiddenfærdige og langt fra vakre fremviste disse mennesker uvillkaarligt billedet av tilsynelatende meget lavststaaende individer" (Astrup, 1895, s. 64).

Inuittar har budd på Grønland sidan omkring 2500 f.Kr. Grønland hadde òg ei norrøn busetjing frå cirka 900 e.Kr. og var lenge norsk skatteområde. Grønland vart nemleg ein del av Noreg i 1261, og øya vart så ein dansk koloni då Danmark tok over Noreg i 1380, og han heldt fram med å vere dansk til 1953. Den siste norrøne busetjinga forsvann rundt år 1500, men seinare på 1500-talet kom det fleire ekspedisjonar med oppdagingsreisande frå Noreg og andre land. Den norske misjonæren Hans Egede drog til Grønland i 1721, og han dreiv med både misjonering og handel. Danmark-Noreg tvinga inuittane til å bu meir sentralisert langs kysten slik at handel og misjonering vart meir effektivt, og inuittane måtte endre levemåte og kultur.

I nyare tid har vi høyrt vitnesbyrd om korleis danske-norske styresmakter tok barna frå inuittar og sende dei til Danmark for å gi dei ei moglegheit til å bli "siviliserte". Louise Fontain seier dette om kva konsekvensar dette har hatt for inuittane på Grønland:

I dag vet jeg, at sentraliseringen som de danske styresmakter har gjort på Grønland, har ført til at mange bærer på overgrepshistorier, mange andre har mistet identiteten og blitt rotløse.
(Fontain i Heide, u. å.)

Koloniseringa i dette tilfellet handlar altså ikkje så mykje om retten til eit landområde, men om det å sjå på andre kulturar som underlegne og derfor gripe inn i både familieliv og lokalsamfunn for å forme dei etter eit vestleg syn på kva som er sivilisert.

Tenk over / diskuter

Kva kan postkolonialismen som perspektiv bidra med når det gjeld norsk litteratur?

Kjelder

Astrup, E. (1895). Blandt Nordpolens naboer. Aschehoug.

Heide, B. (u. å.) Sterke historier: Om bortsendelse av barn fra Grønland til Danmark. Digitalmuseum. https://digitaltmuseum.no/011085441542/sterke-historier-om-bortsendelse-av-barn-fra-gronland-

Hovden, H. (2021, 23. april) – Skal ein ta Hamsun på alvor, må ein òg ta rasismen hans på alvor. Morgenbladet. https://www.morgenbladet.no/boker/aktuelt/2021/04/23/skal-ein-ta-hamsun-pa-alvor-ma-ein-ogsa-ta-rasismen-hans-pa-alvor/

Høglund, J. (2017). Trollens hämnd. Norsk (post) kolonial gotik. Edda, (104)2, 115–129. https://doi.org/10.18261/issn.1500-1989-2017-02-03

Knudsen, O. F., Hansen, K. F., Ryste, M. E., Hovde, K.-O., Steen, T. & Greve, T. (2021, 10. juni). Kolonialisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/kolonialisme

Thuesen, N. P., Pihl, R. & Givarholt, H. (2021, 28. april). Grønland. I Store norske leksikon. https://snl.no/grønland

Vold, T. (2019). Å lese verden. Fra imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk. Universitetsforlaget.

Weihe, H.-J. W. (2020, 20. oktober). Hans Egede. I Store norske leksikon. https://snl.no/hans_egede

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2021