Ulike tilnærmingar til litteratur - Kommunikasjon og kultur 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ulike tilnærmingar til litteratur

Det finst mange ulike teoretiske perspektiv og innfallsvinklar til litteratur. Vi har sortert desse ut frå om dei fokuserer på teksten, konteksten, forfattaren eller lesaren.

Det finst mange teoriar om litteratur. Desse lever side om side og har svært ulike perspektiv og innfallsvinklar. Litteraturteoriar har utvikla seg i takt med andre endringar i samfunnet, og dei har teke innover seg nye perspektiv på verda generelt og språk og tekst spesielt.

Nokre teoriar har oppstått som ein reaksjon på dominerande perspektiv og erstatta dei. Samtidig har dei nye teoriane behalde viktige innsikter og element frå førre perspektiv og bygd vidare på dei. Dei ulike perspektiva ser altså ikkje nødvendigvis bort frå kvarandre, og element frå ulike teoriar kan brukast saman og kan utfylle kvarandre.

Ulike teoriar om litteratur har ulikt fokus. Nokre fokuserer på sjølve tekstane, andre på konteksten som tekstane har vorte til i. Det er òg perspektiv på litteratur som vektlegg høvesvis forfattaren og lesaren.

Ein roman – fleire innfallsvinklar

Romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar kan undersøkast frå mange ulike perspektiv. I romanen møter vi Mo og Jamal som begge veks opp i høgblokkene på austkanten i Oslo. Begge har foreldre med innvandrarbakgrunn, men dei har ulike føresetnader når det gjeld utdanningsmoglegheiter, heimeforhold og økonomi.

Med fokus på sjølve teksten kan vi til dømes undersøke korleis språket til dei to hovudpersonane er ein viktig del av personskildringa. Når vi trekker inn konteksten, kan vi sjå handlinga i lys av klassemotsetningar, kjønnsforskjellar og kulturforskjellar. Forfattar Zeshan Shakar har òg fortalt om oppveksten sin i fleire intervju, og desse kan knytast opp mot tematikken i romanen hans. Til slutt kan du som les undersøke korleis dine eigne erfaringar påverkar korleis du tolkar teksten, og kva kjensler han vekker i deg.

Tenk over / diskuter

Kvar ligg vanlegvis fokuset på tekstar i skulen? På tekst, kontekst, lesar eller forfattar?

Relatert innhald

Fagstoff
Litteraturteori: teksten

Her får du eit overblikk over ulike litteraturteoriar som berre har sjølve teksten som analyseområde.

Fagstoff
Litteraturteori: konteksten

Kva for litteraturteoretiske retningar meiner konteksten er viktig for å forstå litteratur, og korleis kan du bruke dette i møte med tekstar?

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022