Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er litteratur?

Litteraturvitskapen består av mange ulike teoriar, omgrep og kategoriar. Her får du ei oversikt over dei store linjene.
Jente sit på golvet og les ei bok på biblioteket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Litteratur

Orda litteratur kjem frå det latinske ordet litteratura som betyr "bokstavskrift" eller "skriftleg framstilling". Men er alle skriftlege tekstar litteratur? Og betyr det at munnlege tekstar ikkje er litteratur?

  • Omgrepet litteratur kan i vidaste forstand brukast om alle slags typar tekstar som menneska har produsert i løpet av historia.

  • Eit litt smalare litteraturomgrep beskriv ein type tekstar som har ein varig verdi ut over ein enkelt situasjon, altså ikkje handlelister og kvitteringar. Vi kan òg snakke om ein munnleg litteratur som fyller dei same kriteria, slik som munnleg overleverte og framførte forteljingar, segn, mytar, dikt eller vitsar.

  • Litteraturomgrepet har òg vore brukt endå smalare til berre å omfatte skjønnlitteratur og tekstar som kan seiast å ha ein eigenverdi.

Korleis litteraturomgrepet har vorte brukt, kan seie noko om statusen til dei tekstane som får merkelappen, sidan det kan ligge ei vurdering av kvalitet i dette omgrepet. Ein konsekvens av dette er at litteraturstudia lenge fokuserte på den vestlege teksttradisjonen. Teksttradisjonane til andre kulturar har ikkje fylt kriteria for kva som er litteratur. Eit døme er litteratur frå det afrikanske kontinentet, som har ein rik munnleg tradisjon.

Tenk over / diskuter

Kva slags innhald har omgrepet "litteratur" for deg når du bruker det i kvardagen?

Kategoriar

Litteratur kan altså vere alt frå munnlege forteljingar til faktabøker, og det er eit stort felt å skulle orientere seg i. Det er derfor nyttig å sortere litteraturen i kategoriar. Vanlege måtar å dele inn litteratur på er etter

  • litteraturhistorisk epoke

  • nasjonalitet/språkområde

  • sjanger

Litteraturhistoriske epokar

Dei litteraturhistoriske epokane har du sikkert støtt på i norskfaget med omgrep som romantikken eller opplysningstida. Tanken bak epokeinndelinga er at det er nokre generelle tankestraumar som er felles for ein periode i historia, og at desse påverkar og blir spegla i litteraturen. Kategoriane hjelper oss å få auge på nokre generelle tendensar, samtidig som det er viktig å hugse at inndelingane er konstruerte og kan skjule kompleksitet og nyansar i tidsperioden.

Det er vanleg å beskrive nokre fellestrekk som pregar litteraturen i ein epoke, som ei stilretning. Til dømes var barokken ein periode der litteraturen var prega av krunglete ordval og setningsoppbygging og ein biletrik stil. Derfor kan vi òg kalle tekstar frå andre historiske periodar for barokke, men då bruker vi omgrepet om ei stilretning og ikkje ein bestemd periode.

Hovudperiodar i nordisk litteraturhistorie

Norrøn tid 800–1350

Humanisme og renessanse 1350–1600

Barokk 1600–1750

Opplysningstid 1700-talet

Romantikk 1800–1850

Realisme, naturalisme og det moderne gjennombrotet 1850–1890

Nyromantikk og tidleg modernisme 1890–1905

Nyrealisme og modernisme 1900–1930

Modernisme og realisme 1930–1960

Postmodernisme og realisme 1960–2010

Nasjonalitet og språkområde

Ein annan måte å kategorisere litteratur på er etter nasjonalitet og språkområde. I norskfaget er det ofte den norske litteraturen som er tema, mens i engelskfaget ser du på tekstar frå engelskspråklege land frå fleire kontinent. Å sjå litteraturen i eit nasjonalt perspektiv handlar ofte om å sjå på den rolla ulike tekstar har spelt når det gjeld førestillingar om ein nasjonal fellesskap.

I norsk litteratur var nasjonsbygging eit viktig motiv i tekstar frå tida etter at landet vart uavhengig. I amerikansk litteratur er dei alltid på utkikk etter ein ny kandidat til "the great American novel" som kan seie noko nytt om det amerikanske samfunnet. I mange tidlegare koloniar har litteraturen vore viktig for å bygge opp att kultur og nasjonale sjølvbilete etter fleire hundre år med undertrykking.

Verdslitteratur er ei nemning på litteratur som går ut over landegrensene og speglar den meir globale og samanvovne kvaliteten ved samfunnet. Å skilje mellom nasjonallitteratur og verdslitteratur er òg ein måte å dele inn litteratur på.

Modell som viser fire hovudsjangar i kvar sin sirkel som overlappar kvarandre mot midten: episke tekstar, dramatiske tekstar, lyriske tekstar og sakprosatekstar. Under kvar sjanger står døme på teksttypar og verkemiddel. I det overlappande området mellom lyriske og episke tekstar ligg verkemidla "stemning", "språklege bilete" og "kjensler". Mellom episke tekstar og sakprosatekstar ligg "dialog" og "handling". Der alle fire hovudsjangrane overlappar, ligg "litterære verkemiddel". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Litterære sjangrar

Det er vanleg å dele litteratur inn i desse hovudsjangrane:

  • epikk

  • lyrikk

  • drama

  • sakprosa

Kvar av desse kan romme mange undersjangrar som kan vere baserte på innhald, form eller funksjon. Ein skrekkfilm er ein undersjanger av dramatikken, og omgrepet seier både noko om innhaldet i teksten og noko om kva form han har. Ein tale er ein undersjanger av sakprosa der funksjonen er sentral.

Samtidig finst det tekstar som kan plasserast i fleire enn ein kategori. Sjangrane er ikkje lenger normative, altså ideal som det er meinte at tekstar skal halde seg strengt innanfor, men derimot kategoriar som vi kan bruke for å beskrive fellestrekk ved ulike tekstar.

I vår tid er det å bruke trekk frå mange ulike sjangrar eit vanleg verkemiddel. Det er for det meste sett på som eit kreativt trekk, men i nokre tilfelle har det ført til sterke reaksjonar. Det er spesielt roman-sjangeren som har vore oppe til diskusjon, etter at forfattarar som Vigdis Hjort, Helene Uri og Karl Ove Knausgård har skrive romanar som har lånt frå sakprosaen, med handling som er tett på verkelegheita.

Tenk over / diskuter

Kva hovudsjanger vil du seie at YouTube-videoar høyrer inn under?

Bokomslaget til Markens Grøde med eit motiv der ein mann bruker spett til å rydde ei steinrøys. Illustrasjon.

Litterær kanon

Eit anna viktig omgrep i litteraturteorien er litterær kanon (blir uttalt med trykk på a-en). Kanon-omgrepet kjem frå gresk og betyr eigentleg "målestong, rettesnor", men i denne samanhengen betyr det litterære verk som er rekna som dei beste gjennom historia (Språkrådet, 2009).

I skulen har vi til dømes lenge hatt ein idé om at det finst nokre tekstar som alle elevar bør lese for å bli ein del av det norske samfunnet. Amtmandens Døttre av Camilla Collett, Et dukkehjem av Henrik Ibsen, Hellemyrsfolket av Amalie Skram og Sult av Knut Hamsun er verk som har vore inkluderte i den norske litterære kanonen.

Vi snakkar òg om ein internasjonal litterær kanon, med verk som Den guddommelege komedie av Dante Alighieri, Hamlet av William Shakespeare og Mrs. Dalloway av Virginia Woolf.

Problemet med kanon-omgrepet

I nyare tid har kanon-omgrepet vorte problematisert og kritisert, sidan dei litterære verka som har vorte sett på som dei viktigaste, ofte er valt ut frå snevre kriterium som har ekskludert minoritetar, ikkje-vestlege og kvinnelege forfattarar. Eit teikn på at dette er i endring er til dømes at fleire ikkje-vestlege forfattarar har vunne Nobels litteraturpris i seinare år.

Kritisk blikk på klassikarane

Mange av klassikarane har òg vorte sett på med nye, kritiske blikk som problematiserer verdsbileta dei er ein del av. Jane Eyre av Charlotte Brontë er eit døme på dette. Bertha er den første kona til hovudpersonen Edward Rochester, og ho er av blanda afrikansk-europeisk opphav. Ho blir galen, og blir låst inn på loftet av ektemannen.

I romanen er Bertha berre ei hindring for kjærleiken mellom Jane Eyre og Rochester, og det endar med at ho tek sitt eige liv og dermed opnar for ein lykkeleg slutt for dei to elskande. I 1966 let forfattaren Jean Rhys Bertha vere hovudpersonen i romanen Vide Sargasso. Dette grepet opna for å sjå maktstrukturane som låg innbakte i Jane Eyre, både frå eit feministisk og frå eit postkolonialt perspektiv.

Bør vi behalde den litterære kanonen?

Sjølv om den litterære kanonen har vorte debattert og kritisert, er det mange som meiner at han framleis er viktig. Litteraturen som har fått ein slik status, er av høg kvalitet og kan framleis gi nye lesarar store leseopplevingar. Tekstane som er ein del av eit slikt utval, seier òg mykje om idéane som dannar grunnlaget for verkelegheitsforståinga til kulturen dei er ein del av. Tekstane blir dermed viktige for å forstå historia, så lenge vi òg opnar for andre perspektiv og kritiske blikk.

Utforsk

Norsk litteraturfestival har lansert sitt eige forslag til ein norsk litterær kanon. Kan du gjette nokon titlar eller forfattarar som er med på lista før du ser på ho?

Sjå gjennom lista på nettstaden til Norsk litteraturfestival.

Kjenner du igjen titlane? Er det nokon forfattarar eller titlar du synest manglar?

Kjelder

Anderson, H. (2016, 20. oktober). The book that changed Jane Eyre forever. BBC Culture. https://www.bbc.com/culture/article/20161019-the-book-that-changed-jane-eyre-forever

Duff, D. (Red.) (2000). Modern Genre Theory. Longman Critical Readers.

Mæhlum, L. & Lothe, J. (2021, 4. oktober). Jean Rhys. I Store norske leksikon. https://snl.no/jean_rhys

Pedersen, F. H. (2019, 19. juli). Litteratur. I Store norske leksikon. https://snl.no/litteratur

Rønning, H. (2019, 22. april). Afrikas litteratur. I Store norske leksikon. https://snl.no/afrikas_litteratur

Skei, H. H. (2021, 29. oktober). Litteraturvitenskap. I Store norske leksikon. https://snl.no/litteraturvitenskap

Språkrådet (2009, 31. august). Kanon. Språkrådet. https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/hva-skjer/aktuelt-ord/kanon-/

Vold, T. (2019). Å lese verden. Fra imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2021

Læringsressursar

Litteraturteori