Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vel teori til litterær analyse

Kva perspektiv på litteratur meiner du eignar seg best til analyse av ein bestemd tekst?
Jente som ser i kikkert. Foto.

I denne oppgåva kan du velje mellom eit dikt, ei novelle og eit romanutdrag:

Diktet "Norge i fløtesaus" av Gro Dahle

Novella "Dagens fangst sprellende i nebbet" av Bjarne Benjaminsen

Utdrag frå Vi er fem av Mathias Faldbakken

Les teksten

Start med å lese gjennom teksten du har valt. Skriv gjerne ut teksten på papir, og strek under ord, avsnitt eller setningar som fangar interessa di undervegs i lesinga. Reflekter over desse to spørsmåla:

  • Kva synest du ved første augekast er det mest interessante trekket ved teksten, anten det gjeld form eller innhald?

  • Kva slags tematikk tek teksten opp?

Tankane dine om dette kan gjere det lettare for deg å sjå kva perspektiv som kan passe best til teksten.

Vel perspektiv

  • Kva for nokre litteraturteoretiske perspektiv kan du tenke deg å bruke i arbeidet med teksten du har valt? Vel minst to innfallsvinklar. Grunngi valet ditt.

  • Du kan lese meir om dei ulike litteraturteoriane i artiklane i relatert innhald.

  • På sida om analysespørsmål for ulike litteraturteoriar kan du sjå på dei ulike perspektiva og finne forslag til analysespørsmål.

Analyser teksten

Gjer ein analyse av teksten med utgangspunkt i perspektiva du har valt.

  • Ta med det innhaldet du meiner er relevant for å forstå teksten ut frå perspektiva du har valt.

  • I analysen må du grunngi val av teoriar og innfallsvinklar.

  • Vel sjølv om du vil presentere analysen som munnleg, skriftleg eller samansett tekst.

Relatert innhald

Her får du eit overblikk over ulike litteraturteoriar som berre har sjølve teksten som analyseområde.

Kva for litteraturteoretiske retningar meiner konteksten er viktig for å forstå litteratur, og korleis kan du bruke dette i møte med tekstar?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Litteraturteori