Hopp til innhald
Oppgåve

Bruk ulike litteraturteoriar på novella "Skolegutt"

Med puslespelmetoden set fire gruppemedlemmer seg inn i kvart sitt perspektiv på litteratur. Kva skjer når de les novella "Skolegutt" frå så ulike perspektiv?

Uforsk "Skolegutt" frå ulike perspektiv

I dette opplegget skal de jobbe med novella "Skolegutt" av Laila Stien. De kan lese novella "Skolegutt" på Nasjonalbibliotekets nettsider.

I staden for at alle set seg like godt inn i alle perspektiva, skal kvar gruppemedlem bli ekspert på ein av dei fire tilnærmingsmåtane til litteratur. De tek utgangspunkt i anten teksten, konteksten, lesaren eller forfattaren.

Denne måten å jobbe på blir kalla puslespelmetoden og vart først utvikla av psykologen Eliot Aronson.

Del 1. Del inn i grupper på fire

Gå saman i grupper på fire. Kvar gruppemedlem får eit tal frå ein til fire. Viss gruppene ikkje går opp, kan to medlemmer dele same tal eller firar-oppdraget bli gjort av alle.

Så får alle eit perspektiv ut frå kva tal dei har fått. Sjå oversikta under:

  • einarane: teksten

  • toarane: konteksten

  • trearane: forfattaren

  • firarane: lesaren

Del 2. Jobb med tilnærminga du har fått tildelt

  • Individuelt: Les om det perspektivet du har fått tildelt, anten teksten, konteksten, forfattaren eller lesaren.

  • Gå saman med dei andre som har sette seg inn i det same litteraturperspektivet som deg, og diskuter det saman, slik at alle får med seg det viktigaste i dette perspektivet.

  • Diskuter deretter korleis tilnærminga dykkar kan brukast til å tolke og analysere "Skolegutt", og bruk analyspørsmåla for ulike litteraturteoriar.

Del 3. Bruk dei ulike tilnærmingane saman

  • No går alle tilbake til gruppa de byrja med, der alle har kvart sitt tal.

  • Legg fram dei ulike perspektiva på litteratur, og korleis dette kan brukast på "Skolegutt". Bruk tre minutt på kvart innlegg.

Del 4. Evaluer dei ulike tilnærmingane

Når alle fire har presentert perspektivet sitt, kan de diskutere i gruppa korleis dei ulike perspektiva bidrog til tolkinga av teksten:

  • Kva er styrkar og svakheiter ved dei fire måtane å analysere og tolke ein tekst på?

  • Var det nokre perspektiv som passa betre enn andre? Kvifor?

  • Korleis utvikla forståinga dykkar av teksten seg etter kvart som de høyrde perspektiva til dei andre på han?