Litteraturteori: forfattaren og lesaren - Kommunikasjon og kultur 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Litteraturteori: forfattaren og lesaren

Kva litteraturteoriar fokuserer på forfattaren og lesaren, og korleis kan du bruke desse teoriane i møte med tekstar?

Her skal vi sjå på litteraturteoriar som tek utgangspunkt i høvesvis forfattaren og lesaren. Viktige spørsmål i desse teoriane er: Kva har forma diktarpersonlegdommen, og korleis kjem dette til uttrykk i tekstane? Og korleis er lesaren medverkande i prosessen med å skape meining gjennom tekst?

Forfattaren

Den historisk-biografiske metoden er ein måte å utforske litteratur på der vi tolkar teksten i lys av psykologien og historia til forfattaren. Kva har påverka forfattaren, kva tema skriv han eller ho om, og kva for nokre ulike fasar består forfattarskapen av?

Eit slikt perspektiv på litteratur handlar om å bruke informasjon om oppveksten til forfattaren og forholdet til andre menneske, i tillegg til viktige hendingar i livet. Det handlar òg om å sjå tekstar i ein kontekst av heile forfattarskapen til forfattaren. Kva er det med livet og forfattarskapen som gjer at forfattaren skriv som vedkommande gjer?

Tenk over / diskuter

På skulen lærer du ofte om livet til kjende forfattarar som Henrik Ibsen og Amalie Skram i litteraturhistorie. Korleis bidreg dette til korleis du tolkar tekstane deira?

Lesaren

Teoriane som rettar merksemda mot lesaren, blir ofte samla under samlenemninga resepsjonsteori. Dette perspektivet på litteratur vaks fram på 60- og 70-talet. I grove trekk legg resepsjonsteoriane vekt på at meining er noko som blir skapt i samspel mellom ein avsendar og ein mottakar.

Dette er tankar du sikkert kjenner til frå kommunikasjonsteori. Det å avkode ein bodskap er ein aktiv, skapande prosess der du bruker di eiga erfaring og kulturelle kunnskap til å konstruere meining ut frå teksten.

Modell-lesar

Omgrepet modell-lesar, som vart lansert av Umberto Eco, kan vere nyttig i ein slik analyse. Då prøver du å sjå for deg ein lesar som forfattaren rettar seg mot i teksten, ut frå kva slags kompetanse, haldningar og erfaringar som er optimale å ha for å kunne avkode teksten på best mogleg måte.

Ein tekst kan ha fleire enn éin modell-lesar. Barnefilmar rettar seg til dømes ofte òg mot foreldra som er med barna på kino, ved å inkludere vitsar og referansar som berre dei vaksne forstår.

Implisert lesar

Begripe implisert lesar, som vart lansert av Wolfgang Iser, dekker noko av det same. Ein implisert lesar er ei slags lesarrolle som lesaren må ta for å delta i samarbeidet om å skape meining av ein bestemd tekst. Iser peika på at det i ein tekst ofte er tomme plassar og uklare punkt som må fyllast av lesaren. Skjønnlitterære tekstar har ofte eit språk og ei form der lesaren sjølv må bidra med den aktive lesinga si for å fylle hola. Tekstane har eit innskrive moglegheitsrom som avgrensar kva meining dei kan ha, men innanfor desse rammene er det mykje som lesaren må fylle ut sjølv.

Strategiar for å påverke

Ei anna side ved eit perspektiv som rettar seg mot lesaren, er å sjå på kva strategiar teksten har for å påverke lesaren. Dette er ei tilnærming som liknar på retorikken. Kva påverknadsstrategiar har dei ulike verkemidla og framstillingsmåtane i teksten?

Hermeneutikk

Hans-Georg Gadamers teoriar om hermeneutikk er viktige når vi skal sjå på rolla til lesaren i litteraturen. Gadamer beskreiv lesarprosessen som at forståingshorisonten til lesaren smeltar saman med forfattarens. Forståingshorisonten til den enkelte blir heile tida endra i samspelet med andre, og han bygger òg på kulturell arv og bakgrunn.

Korleis bruke lesar-perspektivet i møte med tekstar?

Eit slikt perspektiv på litteratur inneber å utforske moglege tolkingar av teksten og sjå på kva trekk det er ved teksten som fører til desse tolkingane. Kva slags modell-lesarar meiner du teksten rettar seg mot? Du kan òg sjå etter "hol" i teksten som du som les må fylle inn med meining. Kva forkunnskapar, kulturelle kodar eller erfaringar trengst for å kunne fylle tomromma?

Tenk over / diskuter

Kva forkunnskapar og kulturelle kodar treng lesaren å ha for å forstå denne fagartikkelen? Vender teksten seg til ein bestemd lesar direkte eller indirekte?

Kjelder

Farsethås, A. (2002, 20. juni). Tysk og amerikansk leseteori. NRK. https://www.nrk.no/kultur/2.-isar_-_implisert-leser_-1.538045

Kittang, A. (1991). Moderne litteraturteori. En innføring. Universitetsforlaget.

Resepsjonsteori. (2019, 3. mai). I Store norske leksikon. https://snl.no/resepsjonsteori

Tønnesson, J. L. (2008). Hva er sakprosa? Universitetsforlaget.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2022