Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Postkolonialisme og litteratur

Korleis kan du bruke postkolonial teori som perspektiv i møtet med konkrete tekstar?
Ein kvit mann i dress sit i ein stol og røyker ein sigarett. Rundt han er det ei stor gruppe mørkhuda menneske. To sit på bakken på kvar si side av den kvite mannen, dei andre står bak. Alle ser mot kamera. Foto.

1. Kva er postkolonialisme?

Postkolonialisme som perspektiv handlar mykje om å setje fingeren på skeivskapen i makt mellom "Vesten og resten" og korleis denne skeivskapen blir stadfesta og forsterka.

Les fagartikkelen om postkolonialisme.

Kva vil du seie eit postkolonialt perspektiv er etter å ha lese artikkelen?

2. Verdsbilete i Eg snakkar om det heile tida

Viss du skal sjå på ein litterær tekst i eit slikt perspektiv, kan du sjå etter korleis innhald, tema og språk er med på å støtte eller rive ned dette skeive verdsbiletet.

Les utdraget frå Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof, og jobb med oppgåvene under.

  1. I utdraget fortel Joof om ulike opplevingar med rasisme ho har hatt i møte med framande. Kva førestillingar ligg bak måten ho blir møtt på i dei ulike episodane?

  2. Kva kolonihistorie, altså hendingar som har med kolonitida å gjere, kan desse førestillingane henge saman med?

  3. Diskuter: Er denne teksten med på å støtte opp under eller rive ned verdsbiletet frå kolonitida?

3. Postkolonialisme på norsk

Nordmannen Eivind Astrup reiste til Grønland ved to høve mellom 1891 og 1894. Han skreiv boka Blandt Nordpolens naboer om opplevingane sine der. Dei mange skildringane av inuittane som var busette der, kan gi oss eit inntrykk av det verdsbiletet som var rådande i Astrups samtid.

Les fagartikkelen om postkolonialismen på norsk, og diskuter:

  • Kva slags menneskesyn og syn på verda kjem fram i dei to følgande sitata frå boka der han beskriv det første møtet med inuittane?

Det var tydelig at skjønne, at de mennesker, vi her havde for os, ikke tidligere havde været i nogen nærmere berøring med den civiliserede verdens sønner, ja, at størsteparten af dem endu aldrig, end ikke på afstand, havde havt anledning til at nyde synet af et skib, dette i deres øyne saa vidunderlige produkt af menneskelige henders arbeide.

[...]

Vilde at se til, skiddenfærdige og langt fra vakre fremviste disse mennesker uvillkaarligt billedet af tilsyneladende meget lavtstaaende individer.
(Astrup, 1895, s. 64)

  • Kva slags menneskesyn og syn på verda tolkar de ut frå dei følgande to utdraga som kjem seinare i boka?

Et samfund, hvori frihed, lighed og broderskap ikke er et fjernt og haabløst ønske blot, men den ægte, sande virkelighed!
(Astrup, 1895, s. 253)

Deres ærlighed seg imellom er beundringsverdig, og tyverier inbyrdes er, ikke minst på grund av den omtalte socialistiske samfundsorden, fuldstændig udelukket.
(Astrup, 1895, s. 267)

  • Kva trur du reiseskildringar generelt har å seie for korleis vi ser verda og andre kulturar?

  • Kva veit du om koloniseringa av Grønland? Kva skjer når du ser Astrups reiseskildringar i samanheng med den historiske konteksten?

  • Kva kan vere svakheita med eit postkolonialistisk perspektiv?

Kjelde

Astrup, E. (1895). Blandt Nordpolens naboer. Aschehoug.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Litteraturteori