Hopp til innhald
Oppgåve

Reiseliv og berekraftig utvikling

I denne oppgåva skal de ta utgangspunkt i ein reiselivsdestinasjon og utforske kva reiselivet har å seie for berekraftig utvikling. Det kan vere ein destinasjon de er kjende med, er nyfikne på, har høyrt om, drøymer om å besøkje, eller eit heilt tilfeldig val.

Oppgåva kan løysast i små grupper eller individuelt

  • Ta utgangspunkt i ein sjølvvald reiselivsdestinasjon i utlandet.

  • Finn data om destinasjonen hos UNWTO.

  • Gjer greie for kva reiselivet har å seie for destinasjonen, til dømes for

    • menneska som bur der

    • lokal og nasjonal økonomi

    • miljø og klima

  • Diskuter positive og negative sider ved reiselivet på destinasjonen, og korleis reiseliv eventuelt bidreg til ei berekraftig utvikling.

  • Samanfatt og presenter reiselivsdestinasjonane for klassa.

  • Diskuter i fellesskap korleis reiseliv i framtida kan bidra til berekraftig utvikling for å nå FNs berekraftsmål.