Hopp til innhald
Fagartikkel

Destinasjonsutvikling

Reiselivet er ei vekstnæring med moderne turistar som veit kva dei vil ha. Korleis kan vi legge til rette for vekst og nøgde gjester og samtidig sikre lønnsame bedrifter, gode lokalsamfunn og berekraftig utvikling? Dette er sentrale faktorar i all destinasjonsutvikling.

Interessa for Noreg som ferieland aukar stadig, og turistomsetninga stig. Framleis er det eit stort potensial for vekst. I lys av FNs berekraftsmål må all vekst vere berekraftig over tid. Vi må fokusere på verdiskaping som kjem alle involverte til gode, både bedrifter og lokalsamfunn.

Destinasjonsutvikling er ikkje det same som produktutvikling. Produktutvikling handlar om å utvikle og etablere til dømes eitt nytt opplevingssenter, mens destinasjonsutvikling handlar om å utvikle tilbodet på destinasjonen som heilskap.

Prosessen i destinasjonsutvikling

Destinasjonsutvikling handlar om eit systematisk arbeid med å utvikle eit berekraftig, heilskapleg reiselivsprodukt på ein destinasjon. Prosessen krev eit samarbeid mellom privat næringsliv og offentlege aktørar.

For å sikre ei berekraftig utvikling i reiselivet må ein involvere aktuelle reiselivsaktørar på destinasjonen. Lokal berekraftig verdiskaping er sentralt for destinasjonsutvikling. Å utvikle ein destinasjon er ein lang prosess som involverer mange aktørar over lang tid. Det krev ein felles visjon og ei felles forståing for korleis vi skal nå målet.

Heilårig reiseliv

Det er ikkje berre positivt å få inn enorme mengder turistar. Turisme som fører til stor slitasje på reisemål og lokalsamfunn, blir kalla overturisme. Ved å utvide sesongen til eit heilårig reiseliv vil vi kunne få vekst utan problema med overturisme. Då blir det større spreiing av turistar, og slitasjen på dei mest populære destinasjonane blir redusert.

Døme frå Visit Bergen

I strategien sin skriv Visit Bergen at dei jobbar for å få

  • gjester som blir verande lenge
  • gjester med høg betalingsevne som bruker pengar lokalt
  • gjester som reiser heile året
  • gjester som sikrar lokal verdiskaping, lokale arbeidsplassar og lokale skatteinntekter
  • gjester som er interesserte i Bergensregionen i seg sjølv, og ikkje er på rundreise

Strategisk arbeid

Når vi arbeider med destinasjonsutvikling, lagar vi ein samla strategiplan, ofte kalla ein "masterplan". Ein masterplan er eit fellesverktøy for kommunar/fylkeskommunar og reiselivsaktørar, og han er forankra både i politiske planar og i dei eigne strategiane til reiselivsnæringa.

Målet til masterplanen kan til dømes vere

  • å sikre berekraftig utvikling av regionen for alle, både innbyggaarar og besøkaande
  • å oppnå status som eit berekraftig reisemål, etter malen frå Innovasjon Noreg
  • å identifisere og utnytte moglegheiter
  • å vere eit styringsverktøy som gir oversikt over kva som må til for å nå måla
  • å etablere og forsterke nettverk og kommunikasjon
  • å beskrive samarbeidet med andre kommunar, fylkeskommunar, destinasjonsselskap, andre offentlege aktørar og anna næringsliv

Handbok for destinasjonsutvikling

For å hjelpe norske destinasjonar i utviklingsprosessen har Innovasjon Noreg utarbeidd Håndbok for reisemålsutvikling. Handboka er meint som ei "hjelp til sjølvhjelp" og fungerer som eit gratis oppslagsverk med faglege råd, skildring av prosessar og erfarings- og kunnskapsdeling.

Målet med handboka er å

bidra til utviklingen av attraktive, bærekraftige og lønnsomme reisemål gjennom utvikling av helhetlige og langsiktige strategiske planer og bedre samhandling på reisemålene

Handbok for reisemålsutvikling

Her finn du Håndbok for reisemålsutvikling frå Innovasjon Norge.

Fasar i utviklingsarbeidet

Reisemålsutviklinga består av tre fasar:

Fase 1: Forstudien. Forstudien er ein situasjonsanalyse der vi avklarer føresetnadene for fase 2. Kvar er vi i dag?

Forstudien kan til dømes innebere

  • prosjektleiing

    • der hensikta er å drive prosessen frå plan til avtalt leveranse

    • der ein forankrar eigarskapen til prosjektet blant prosjektdeltakarane og dei involverte aktørane

  • situasjonsanalyse

    • der ein utarbeider status som beskriv den noverande situasjonen for destinasjonen

  • analyse av marknadstrendar

    • der ein utforskar moglegheiter ved å sjå på marknadstrendar lokalt, regionalt og internasjonalt

  • innleiande strategivurderingar

    • der ein har dialogar baserte på situasjonsanalyse og marknadstrendar

    • der ein beskriv idear og diskusjonstema for vidare arbeid i fase 2, strategifasen

  • avklaring om vidare prosess

    • der ein avklarer den reelle viljen aktørane har til å jobbe vidare

    • der ein definerer og beskriv dei viktigaste hovudaktivitetane i den vidare prosessen

    • der ein lagar ei innstilling med tilråding til den vidare prosessen

Fase 2: Strategifasen. I denne fasen set vi mål med tilhøyrande strategiar, og vi prioriterer tiltak. Det er òg viktig i denne fasen å planlegge korleis eigarskap skal forankrast. Strategien må baserast på ei einigheit om visjonar og mål mellom aktørane på destinasjonen. Strategifasen skal gi aktørane ei felles, langsiktig og strategisk plattform for arbeidet med å utvikle destinasjonen på ein lønnsam og berekraftig måte.

Strategifasen kan til dømes innebere

  • å kartlegge behov og reisemønster (analyse og strategi)
  • å bestemme ambisjonsnivået for utviklinga
  • konseptualisering og sesongutvikling
  • destinasjons- og attraksjonsutvikling
  • utvikling av infrastruktur og tilgjengelegheit (fly, veg, båt og turistveg)
  • bedriftsutvikling og utvikling av nettverk og kompetanse (profesjonalisering)
  • inspirasjon og kompetanseheving (studietur)

Fase 3: Gjennomføring – frå ord til handling. I denne fasen skal strategien forankrast og tiltaka skal finansierast og gjennomførast.

Gjennomføringsfasen kan innebere

  • forankring av strategien (masterplanen) hos kommunar og i kommunale planar
  • gjennomføring av dei prioriterte tiltaka som blei vedtekne i arbeidet med strategifasen

  • iverksetjing av ulike ordningar for å finansiere fellesgode, destinasjonsselskap og infrastruktur
  • evaluering av gjennomføringsfasen

(Kilde: Innovasjon Norge, u.å., s. 73)

Vesterålen – eit døme på destinasjonsutvikling

Vesterålen blei i 2019 ferdige med masterplanen sin, "Bærekraftig vekst mot 2025". Masterplanen følger fasane for reisemålsutvikling frå handboka, og dei er no i strategifasen. Dei skriv:

Det er tre perspektiver som må håndteres i en bærekraftig reisemålsutvikling. Evne til å skape vekst og økt verdiskaping, evne til å møte utfordringer som følger av endringer (digitalisering, nye markeder, nye kundebehov, klimautfordringene, m.m.) og evnen til å håndtere den veksten som skapes på en god måte. Ikke minst i forhold til de lokalsamfunnene der veksten vil komme.

Les masterplanen til Vesterålen her

Reiselivsstrategi for Vesterålen – Bærekraftig vekst mot 2025, frå visitvesterålen.no.

Destinasjon eller reisemål?

Omgrepa destinasjon og reisemål blir brukte om kvarandre, og har same betydning. Omgrepet destinasjon blir mest brukt, og det er enklare å kjenne igjen internasjonalt på grunn av det engelske ordet "destination". Derfor blir omgrepet destinasjon brukt gjennomgåande i denne artikkelen.

Kjelder

Visit Norway Innsikt. (u.å.). Bærekraft og reiseliv i Innovasjon Norge. https://business.visitnorway.com/no/barekraftig-reiseliv/qa-barekraftig-reiseliv/


Innovasjon Norge. (u.å.). Håndbok for reisemålsutvikling (3. utg.). https://assets.simpleviewcms.com/simpleview/image/upload/v1/clients/norway/in_handbok_final_online_191115_df8f6ecc-f7ff-4309-848d-884196b6f208.PDF


Visit Vesterålen. (2019).
Reiselivsstrategi for Vesterålen – Bærekraftig vekst mot 2025. https://visitvesteralen.com/sites/v/visitvesteralen.com/blir filt/reiselivsstrategi_for_vesteralen.pdf