Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein berekraftig reiselivsdestinasjon – med utgangspunkt i globale trendar

Reisevanane og reisemåtane våre har endra seg på grunn av pandemien. Korleis vil vi reise i framtida? I denne oppgåva skal de utforske eit freistande reisemål. De skal beskrive nosituasjonen og utarbeide eit forslag til korleis reisemålet kan bli ein meir berekraftig destinasjon i framtida.
Tropisk sandstrand med bananpalmar og turkist hav. Sol og blå himmel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuingar

  • Jobb individuelt og søk etter ulike reisemål på internett. Bruk cirka ti minutt. Prøv gjerne å finne reisemål som er ukjende for deg. I boksen nedanfor finn du søkjetips.

  • Gå saman i små grupper. Fortel kvarandre om reisemåla de har funne. Kva er det som gjer akkurat desse destinasjonane så spennande?

Søkjetips – turoperatørar m.m.

Apollo

KiLROY

TUI

Uptours

VG

Oppgåve

  1. Samle dykk om eitt reisemål som de vil undersøkje nærare. Finn meir utfyllande informasjon om dette reisemålet, til dømes:

    • Kor mange innbyggjarar er det der?

    • Kva betyr reiselivet for den lokale økonomien?

    • Kor mange jobbar i reiselivet?

    • Kva lever dei elles av?

    • Korleis er infrastrukturen på reisemålet?

  2. Undersøk korleis reiselivet har vore og er på destinasjonen de har valt, til dømes:

    • Kor mange turistar kjem årleg?

    • Kvar kjem turistane frå, og kor lenge blir dei?

    • Når er det høgsesong?

    • Korleis er det på reisemålet i lågsesong?

    • Kvifor reiser turistar til dette reisemålet? Kva er hovudattraksjonane?

    • Er det ein heilskapleg reiselivsdestinasjon? Forklar kvifor / kvifor ikkje.

    • Lag ein situasjonsanalyse for destinasjonen.

  3. Lag ein presentasjon for klassa med utgangspunkt i situasjonsanalysen. Bruk gjerne bilete og filmsnuttar. Presentasjonen skal vise korleis destinasjonen kan utviklast til å bli eit berekraftig reisemål som møter nye globale trendar. Vurder gjerne desse momenta:

    • Kan sesongen utvidast?

    • Kan destinasjonen utvidast til nærliggjande byar eller område?

    • Kor mange turistar er det realistisk at destinasjonen kan ta imot kvart år, når ein samtidig skal ta vare på lokalbefolkninga?

    • Kan destinasjonen tilby andre attraksjonar enn det som har lokka turistar hittil, til dømes innanfor kultur, kunst eller mat?

    • Kva moglegheiter har destinasjonen?

  4. Framfør presentasjonen for klassa.

Lykke til på reisa!

Bilete frå Venezia. Vi ser ein gondol med ein tradisjonelt kledd gondolførar og to turistar om bord. I bakgrunnen ser vi ei vakker, kvit bru og store bygningar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Situasjonsanalysen, òg kalla SWOT-analysen, analyserer interne styrkar og svakheiter og eksterne moglegheiter og truslar.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2021

Læringsressursar

Berekraftig reiseliv