Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Situasjonsanalyse i praksis

Korleis kan vi analysere styrkane, svakheitene, moglegheitene og truslane for ei verksemd?

Situasjonsanalyse

Å skaffe seg oversikt over situasjonen for verksemda er nyttig for å planlegge vegen vidare.

For å kunne planlegje og ta avgjerder er det nyttig for ei verksemd å gjere ein situasjonsanalyse. Det er viktig å kartlegge forhold i og utanfor verksemda. Ein situasjonsanalyse kartlegg kva som er dei sterke og svake sidene for verksemda, og kva fpr moglegheiter og truslar ho må ta omsyn til.

Føresetnadene ei verksemd arbeider under, forandrar seg med tida. Situasjonsanalysar må derfor gjerast jamleg for at ein skal kunne planlegge og ta avgjerder ut frå så oppdatert og korrekt informasjon som mogleg.

Arbeidsvilkår

Dei føresetnadene ei verksemd arbeider under, blir kalla arbeidsvilkår. Vi kan skilje mellom to typar arbeidsvilkår: interne arbeidsvilkår og eksterne arbeidsvilkår.

Interne arbeidsvilkår

  • produkt

  • pris

  • distribusjon

  • marknadskommunikasjon

  • personale og leiing

  • økonom

Eksterne arbeidsvilkår

  • kundar og marknaden

  • konkurrentar

  • leverandørar og distributørar

  • offentlegheita

  • samfunnet

Gjennomføre situasjonsanalysar

Når du skal gjennomføre situasjonsanalysar, vil du kanskje oppleve at det å setje grenser mellom interne og eksterne arbeidsvilkår ikkje alltid er like lett. Du må òg ofte ta eigne føresetnader for å kome vidare i analysen.

Det er til dømes ikkje lett å seie noko om styrkane for ei verksemd om du ikkje veit kven du skal samanlikne med. Sjølv om styrkar og svakheiter blir oppfatta som interne arbeidsvilkår, treng du å vite noko om konkurrentane, som er ein del av dei eksterne arbeidsvilkåra, for å kunne analysere.

I det praktiske arbeidet med situasjonsanalysen vil verksemda prøve å velje ut nokre styrkar og svakheiter ho vil jobbe med internt, og nokre moglegheiter og truslar ho vil rette seg etter til eksternt. Først då blir talet på arbeidsområde realistisk og handterleg. Ein annan viktig føresetnad er sjølvsagt at verksemda klarer å prioritere det som faktisk er viktigast.

Styrkar

Under dette punktet kjem fortrinna til verksemda. Det kan vere eit godt renommé, eller det kan vere ei god leiing. Plasseringa til bedrifta kan òg vere ein styrke.

Svakheiter

Dette er ein intern faktor, og det er noko du kan gjere noko med. Det kan vere at produktet eller verksemda er lite kjend, eller at det har vore investert for lite i marknadsføring og reklame.

Moglegheiter

Moglegheitene til bedrifta er eit spennande felt. Kanskje marknaden har endra seg, og det har oppstått nye målgrupper? Den digitale utviklinga gjer at alt er i endring, og at det oppstår nye moglegheiter.

Truslar

Dette er ein ekstern faktor som du ikkje kan gjere noko med. Truslane kjem frå alle kantar. Det kan til dømes dreie seg om prisen på råvarer, lovgiving eller ein pandemi.

Samandrag

Når arbeidsvilkåra er analyserte, er det føremålstenleg å skrive eit samandrag av analysen. Vidare er det fint å kome med nokre tilrådingar og strategiar for verksemda det er gjort ein situasjonsanalyse for.

Døme på ein situasjonsanalyse

Nedanfor kan du sjå eit døme på ein situasjonsanalyse av Apple. Situasjonsanalysen tek for seg nokre analysemoment knytte til styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar.

Dei sterke og svake sidene til verksemda kartlegg vi ved å vurdere dei interne arbeidsvilkåra. Vi undersøker kva for interne arbeidsvilkår som utgjer ein styrke for verksemda, og kva for nokre av dei som kan vere svakheiter.

Styrkar

  • Apple har svært høg merkekjennskap og merkeverdi. Ifølge Forbes' liste over topp 10 selskap etter marknadsverdi i 2025 er Apple det merket med nest høgast marknadsverdi i 2025.

  • Designet er særprega og ikonisk.

  • Økonomien er svært god.

  • Produktporteføljen er stor og inkluderer mellom anna iPhone, Mac, Apple TV, iPad, Apple Watch, nettskytenesta iCloud og strøymetenesta Apple TV+.

  • Dei har mange lojale kundar.

  • Dei er gode på kontinuerleg produktutvikling.

  • Apple jobbar strategisk for å rekruttere engasjerte menneske som er opptekne av innovasjon og å tenke utanfor boksen.

  • Dei har eigne, eksklusive Apple-butikkar og utsal på nett.

  • Resirkuleringsroboten Liam blir nytta til gjenbruk av delar.

  • Produkta er brukarvennlege.

Svakheiter

  • Produkta er ofte vanskelege å kople opp mot teknologiske einingar frå andre merke.

  • Skjermen på iPhone og iPad kan lett knuse.

  • Designet på dei ulike telefonmodellane varierer ikkje så mykje.

  • Dei har høge prisar.

  • Berre ein liten del av det som er inne i ein iPhone, stammar frå gjenvinningsmateriale.

  • Mykje av innteninga avheng av å halde iPhone-salet oppe.

  • Ein selektiv distribusjonsstrategi kan avgrense marknaden.

  • Apple har blitt skulda for fleire lovbrot og har vore i fleire rettssaker. I 2021 blei Apple pålagd å betale 2,6 milliardar kroner for å ha brote patentrettar.

Mogelegheitene og truslane for verksemda kartlegg vi ved å vurdere dei eksterne arbeidsvilkåra. Vi undersøker kva for eksterne arbeidsvilkår som utgjer ei mogelegheit for verksemda, og kva for nokre av dei som kan vere truslar.

Moglegheiter

  • Det er stor etterspurnad etter teknologiske produkt på marknaden.

  • Kundar som kjøper Apple-produkt, vil med stort sannsyn halde fram med å kjøpe Apple-produkt. Ei undersøking på appleinsider.com viser at heile 89 prosent av iPhone-brukarar vil halde fram med å kjøpe iPhone når dei skal byte telefon.

  • Apple får ofte mykje medieomtale ved lansering av nye produkt.

  • Det er vekstmoglegheiter innan grøn teknologi og berekraftig utvikling.

  • Mange forventar at ei stor verksemd som Apple tek samfunnsansvar.

  • Det er ei utvikling innan robotisering og kunstig intelligens.

Truslar

  • Apple har konkurrerande verksemder som satsar på smarttelefonar med Android OS, som til dømes Samsung og Huawei.

  • Apple har andre konkurrerande verksemder, som til dømes Google, Dell, Microsoft og HP.

  • Falske, piratkopierte Apple-produkt kan vere ein trussel.

  • Hackarar kan vere ein trussel.

  • Preferansane til kundar innan mobiltelefoni kan endrast.

  • Negativ medieomtale kan vere ein trussel – Apple har fått negative medieoppslag ved fleire høve.

  • Pressgrupper kritiserer Apple for mellom anna arbeidsforholda hos underleverandørar i lågkostland og for gruvedrift for å vinne ut mineral som blir brukte i mobiltelefonar.

Tenk over

  • Er det nokon analysemoment du vil legge til i dømet ovanfor – situasjonsanalysen av Apple? I så fall kva?

  • Korleis vil du samanfatte analysen ovanfor, og er det nokon tilrådingar du ville ha gitt til Apple? I så fall kva?

Kjelde

Løwendahl, B. R. & Wenstøp, F. E. (2006). Grunnbok i strategi. Oslo: N. W. Damm & Sønn.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng, Live Marie Toft Sundbye og Inger Merethe Nisted.
Sist oppdatert 15.12.2025