Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Når reisa er målet – tog

Å reise med tog har blitt trendy. I denne oppgåva skal de planleggje ei vekes togferie i Noreg for vennegjengen.
Reklamefilmen for NSB i tekst

Kva er det med tog?

Det er skrive tusenvis av songar om toget, om skjener, om vogner og lyden "tsjtsjtstjsj, tsjtsjtsjtsj". Det har vorte knipsa hundretusenvis av bilete frå eit togvindauge, og alle har vore like sikre på at "biletet mitt er det finaste hittil". Det blir tweeta 3950 gonger i året i Noreg om tog. 37 prosent får utløp for eiter og galle, men resten synest tog er ganske bra, eigentleg. Toget har skapt uttrykk og ordtak, for folk som seier "no går det på skjener", har jo teke det frå ein stad.

Likevel set nesten ein million nordmenn seg i bilen kvar einaste dag. Dei fleste av dei tenkjer "eg har ikkje noko val", og det skal ein tru dei på. Men veldig mange gjer det sjølv om bil er så langt unna "på skjener" som det er mogleg å kome.

Faktum er at tek du toget, kan du spare tid, pengar og miljøet, for det skal løne seg å ta toget.

Oppgåve

Gå saman to og to. De skal no planleggje ein «trendy» togferie for dykk sjølve og to venner. Turen skal vare ei veke, og de har fritt budsjett. De kan velje når på året de vil reise.

Turplanen må innehalde forslag til

  • aktivitetar
  • overnatting
  • servering

Grunngi forslaga dykkar med utgangspunkt i dagens reiselivstrendar og berekraft.

Presenter turplanen for dei andre i klassa, og diskuter om forslaga dykkar er i tråd med dagens trendar.

God tur!

Reisetips

I Noreg har vi fem hovudbanelinjer. Fleire av dei står på lister over Europas vakraste togreiser.

  • Bergensbanen mellom Oslo og Bergen
  • Dovrebanen mellom Oslo og Trondheim
  • Nordlandsbanen mellom Trondheim og Bodø

  • Rørosbanen mellom Hamar, Røros og Trondheim
  • Sørlandsbanen mellom Oslo og Stavanger

Det er òg mange andre fine togturar i Noreg. Dei kan du lese meir om på nettsidene til Visit Norway.

Les meir om Noregs vakre togreiser på visitnorway.no.

Visitnorway.no

Kvinne som ser ut av vindauget frå togsetet sitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2021

Læringsressursar

Berekraftig reiseliv