Hopp til innhald
Fagartikkel

Globale reiselivstrendar

Under Covid 19-pandemien stoppa reiselivet opp, noko som gjorde at bransjen fekk tid til å planleggje for ei meir berekraftig reiselivsutvikling globalt. Klimautfordringane i verda gjer at vi må tenkje nytt. Trendane for reiselivet i framtida er derfor prega av eit ønske om å vere meir berekraftig.

Eit berekraftig reiseliv må fokusere på klima

Korleis dei globale reiselivstrendane vil sjå ut i framtida, er vanskeleg å seie. Pandemien har gjort reiselivet ustabilt, og konstante smitteverntiltak held fram med å prege både reiselivet og verda generelt.

Om vi skal nå FNs berekraftsmål, veit vi at vi ikkje kan halde fram med å reise på den same måten som før, verken i jobbsamanheng eller på fritida. Sjølv før pandemien var forskarar bekymra for reiselivsutviklinga fordi overturisme fører til store sosiale og klima- og miljørelaterte utfordringar.

Nye samarbeidsformer

Reiselivsnæringa planlegg nye måtar å organisere reiselivet på for å sikre ei berekraftig utvikling. Samarbeid mellom ulike aktørar er viktig i dette arbeidet. Eit døme på eit slikt samarbeid er prosjektet Balancing Act på Svalbard. Her arbeider forskarar og næringslivet saman for at reiselivet på Svalbard skal bli meir berekraftig.

Les meir om samarbeidsprosjektet Balancing Act

Unikt samarbeid former fremtidens reiseliv på Svalbard (nordlandsforskning.no)

Klimatoppmøtet i Glasgow 2021

FN arrangerer årleg eit klimatoppmøte for medlemslanda sine. Målet med møtet er at landa skal bli einige om tiltak som skal betre klimaet i verda. På klimatoppmøtet i Glasgow i 2021 signerte Noreg og mange andre land ei eiga Glasgow-erklæring for reiselivet, som er "eit initiativ med mål om å auke klimaambisjonane i den globale reiselivsnæringa".

Les meir om Glasgow-erklæringa

I denne artikkelen kan du lese meir om Glasgow-erklæringa: Norge signerer reiselivets Glasgow-erklæring (innovasjonnorge.no).

Globale reiselivstrendar

Det er vanskeleg å identifisere globale reiselivstrendar for framtida, særleg i ein situasjon med ein pandemi. Det er likevel nokre trendar som truleg vil prege reiselivet framover:

  • Små avtrykk og informerte val

Folk blir stadig meir medvitne om klimaet, og det fører til at ein tek meir medvitne og informerte val. Folk endrar reisevanane sine for å redusere klimafotavtrykket. Kanskje vil fleire velje ein lang ferie i staden for fleire korte. Det kan òg tenkjast at hotell vil innføre tiltak som "kjøttfrie dagar" for å redusere klimafotavtrykket i bransjen sin.

  • Reiser vil bli meir inkluderande

Turoperatørar og andre reiselivsaktørar har blitt meir opptekne av å inkludere alle. Rørsler som Black Lives Matter og Pride har mellom anna bidrege til dette.

Reiselivsaktørane må leggje til rette for at alle reisande kan delta i aktivitetar på lik linje. Då må det til dømes finnast utstyr i alle storleikar og tilpassa rullestolbrukarar. Ein må òg vurdere om det er føremålstenleg med toalett som ikkje skil mellom kjønn.

  • Større fokus på autentiske reiseopplevingar

For å unngå overturisme og vareta det autentiske ved eit reisemål bør turismen fordelast på fleire stader. Mange mindre kjende stader kan ta imot turistar på ein måte som varetek befolkninga, miljøet og det autentiske ved staden.

  • Dei reisande vil søkje kvalitet framfor kvantitet – "travel less – travel better"

Det handlar ikkje om kor mange stader du har vore, men kva du opplever der du dreg. I framtida vil nok fleire reise "off the beaten track" (det vil seie til stader der få andre reiser) og fokusere på meiningsfulle, ansvarlege og sakte reiser.

Eit døme på ei slik reise kan vere denne 14 dagars turen til Sri Lanka, som du kan lese meir om i artikkelen Support the Community and Connect with Culture: Philantourism in Sri Lanka (originaltravel.co.uk). Her blir gjestane innkvarterte på eit lokalt gjestehus med lokale guidar, lokal mat og aktivitetar knytt til kulturen og tradisjonane i landet. Det kan vere aktivitetar som å lære tradisjonell musikk, besøkje eit lokalt fiskarsamfunn og lære å fiske på lokalt vis, delta på eit matlagingskurs i ein lokal heim eller besøkje ein skule i te-åsane.

  • Reisebyråa vender tilbake

Reisebyråa, som har opplevd ein kraftig nedgang i etterspurnad på grunn av den teknologiske utviklinga, vil truleg bli meir populære. Mange reisande ønskjer kunnskapen, ekspertisen og den økonomiske tryggleiken dei får når dei bestiller ei reise via ein agent. Reisebyrå som spesialiserer seg på å skreddarsy reiser med fokus på klima, miljø og berekraft vil sannsynlegvis bli særleg ettertrakta framover.

Døme på kva eit reisebyrå kan tilby

Hvilken reiseopplevelse er du på jakt etter? (kilroy.no)

  • "Staycation" og reiser i eige land

Pandemien har ført til ei utvikling av stadig fleire og spennande heimeferiar, både rundt om i eige heimland og i nærleiken til eigen heim. Noreg er veldig dyktig på dette området: Aldri før har så mange nordmenn vore på Noregsferie og opplevd det mangfaldet av natur- og kulturopplevingar som landet har å tilby.

  • Å planleggje turen vil bli ein del av reiseopplevinga

Reiser er viktige for personleg vekst og mental helse. Det å gle seg til noko har betydning for kor lykkelege vi kjenner oss. I tida framover vil derfor planlegginga av ein tur bli ein sentral del av reiseopplevinga.

Kjelder

Barry, S. (2021, 3. juni). Travel industry experts on the post-covid travel trends emerging from bookings. Euronews. https://www.euronews.com/travel/2021/05/26/travel-industry-experts-on-the-post-covid-travel-trends-emerging-from-bookings.

Brock, S. (2020, 5. oktober). Here are 8 ways travel will change after the pandemic. National Geographic. https://www.nationalgeographic.com/travel/article/heres-how-covid-is-changing-travel-according-to-the-experts.

Francis, J. (u.å). Overtourism. What is it and how can we avoid it? Responsible travel. https://www.responsibletravel.com/copy/what-is-overtourism.

Innovasjon Norge. (2021, 4. november). Norge signerer reiselivets Glasgow-erklæring. Innovasjon Norge. https://www.innovasjonnorge.no/no/om/nyheter/2021/norge-signerer-reiselivets-glasgow-erklaring/.

Nordlandsforsking. (u.å.). Unikt samarbeid former fremtidens reiseliv på Svalbard. Nordlandsforsking. https://www.nordlandsforskning.no/nb/news/2020/unikt-samarbeid-former-fremtidens-reiseliv-pa-svalbard.

Villa-Clarke, A. (2021, 16. november). The Travel Trend Report 2022: The Experts Have Their Say, Part One. Forbes. https://www.forbes.com/sites/angelinavillaclarke/2021/11/16/the-travel-trend-report-2022-the-experts-have-their-say-pt1/?sh=4025d6e31142.

Żemła, M. (2020). Reasons and Consequences of Overtourism in Contemporary Cities—Knowledge Gaps and Future Research. Sustainability, 12(5), 1–20. https://doi.org/10.3390/su12051729.