Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Reiselivsorganisasjonar og berekraft

Kva er hovudoppgåvene til nasjonale og internasjonale reiselivsorganisasjonar? Og kva legg du i omgrepa økoturisme og berekraftig turisme?
To hender som held jordkloden. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Undersøk ein internasjonal reiselivsorganisasjon

  • Les om United Nations World Tourism Organisation (UNWTO) på nettet.
    • Skriv ned ti av hovudaktivitetane til organisasjonen.
    • Diskuter i klassa kva hovudoppgåva til UNWTO er.
Her finn du informasjon om UNWTO:

unwto.org

Oppgåve 2: Undersøk nasjonale reiselivsorganisasjonar

  1. Les om Visit Norway på nettet.
    • Skriv ned ti av hovudaktivitetane til organisasjonen.
    • Diskuter i klassa kva hovudoppgåva til Visit Norway er.
  2. Les om NHO Reiseliv på nettet.
    • Skriv ned ti av hovudaktivitetane til organisasjonen.
    • Diskuter i klassa kva hovudoppgåva til NHO Reiseliv er.
Her finn du informasjon om Visit Norway og NHO Reiseliv:

Visitnorway.no

nhoreiseliv.no

Oppgåve 3: Undersøk omgrepa økoturisme og berekraftig turisme

  • Finn minst eitt reiselivsprodukt i kvart fylke som er eit døme på økoturisme. Beskriv kort kva slags reiselivsprodukt det er, og kvifor det kan kallast økoturisme.
  • Drøft omgrepa økoturisme og berekraftig turisme. Kva har omgrepa til felles, og kva er forskjellane?
CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.12.2018

Læringsressursar

Berekraftig reiseliv