Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Den ansvarlege turisten

Turistar ønskjer gjerne å dra til stader med vakker og urørt natur, eit rikt dyreliv, reint vatn, hyggjelege menneske og lite fattigdom og søppel. Kan vi som turistar forvente å få alt dette servert? Eller kan vi – og bør vi – òg bidra litt sjølve?
Ein dykkar sym framfor eit korallrev og held opp ein lapp der det står "verdas beste jobb". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klasseoppgåve – lag ei digital handbok for turistar

I denne oppgåva skal de reflektere over korleis turistar sjølve kan bidra til eit berekraftig reiseliv, med utgangspunkt i ein sjølvvald reiselivsdestinasjon. Vidare skal de lage ei handbok for turistar som kan hjelpe dei til å opptre meir berekraftig.

De finn lenkjer til nyttig informasjon i boksen nedst.

  • Bli einige om ein reiselivsdestinasjon de vil lage handbok for, og kom med forslag til korleis turistane som reiser dit, kan bidra til eit berekraftig reiseliv gjennom åtferda si generelt og gjennom val av

    • reisemåte

    • lengd på opphaldet

    • bustad

    • aktivitetar

  • Fordel punkta overfor i klassa, jobb gjerne saman i små grupper.

  • Presenter forslaga for kvarandre. Diskuter dei i klassa, og gi kvarandre tilbakemeldingar.

  • Set saman forslaga dykkar til ei digital reisehandbok for turistar. Bruk bilete og eventuelle filmar de finn, slik at handboka blir visuell.

Kanskje de vil sende handboka til aktuelle reiselivsaktørar på destinasjonen de har valt?

Lenkjer til nyttig informasjon

Engelsk artikkel, timeout.com: Sustainable travel: 12 ways to be a better tourist right now

Artikkel, travelopment.no: Turismens utfordringer og muligheter. Hvordan kan turisme være en bra ting?

Artikkel, vg.no: Ansvarlig turisme: Slik kan du gjøre en forskjell

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Berekraftig reiseliv