Berekraft og lønsemd
Dei aller fleste verksemder i dag jobbar mot same mål, nemleg ei berekraftig utvikling i heile verdikjeda. Mange lagar nye forretningsmodellar for å sikre dette. Ein berekraftig forretningsmodell sikrar at verksemda handlar i tråd med samfunnsansvaret sitt (på engelsk kalla corporate social responsibility, forkorta CSR), både det sosiale ansvaret og ansvaret for miljøet. Han bidreg òg til ei berekraftig utvikling og lønsemd i leverandørkjeda, internt i bedrifta og i salskjeda.
Berekraftsmåla til FN
Stadig fleire verksemder både i Noreg og internasjonalt beskriv planane sine når det gjeld eitt eller fleire av berekraftsmåla til FN. Kundane forventar det, investorar krev det, og viktigast av alt: Framtida vår er avhengig av det.
Berekraftsmåla til FN er den felles arbeidsplanen verda har for å utrydde fattigdom, kjempe mot forskjellar og stoppe klimaendringane. Men gode planar og mål er lite verde dersom vi ikkje gjennomfører planane og når måla. Politikarar, næringslivsleiarar og bedriftseigarar bruker gjerne store ord, men korleis skal vi gjere orda om til handling?
Dei moglege løysingane er mange, men eit fellestrekk ved dei er at dei bør handle om målretta tiltak basert på planlagde endringar i forretningsplanar. La oss sjå litt nærare på moglegheitene.
Smart utvikling
Grøn vekst kan definerast som auka verdiskaping med mindre samla miljøbelastning. For å oppnå grøn vekst må ein altså sjå den økonomiske veksten, målt i kroner, i samanheng med miljøbelastninga, målt i tonn. Dette krev innovasjonsutvikling og omstillingar gjennom smartare produksjon, logistikk, emballasje, forbruk og gjenbruk.
I dag har vi som samfunn begynt å venne oss til at berekraftsspørsmål er vesentlege for både bedrifter, kundar og styresmakter.
Berekraftig utvikling består av tre dimensjonar: økonomi, miljø og sosiale forhold, og det er samanhengen mellom desse tre dimensjonane som avgjer om noko er berekraftig.