Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Skriv ein analyse av OG

Oppgåve

Skriv innleiing, avslutning og tittel

Her kan du lære om korleis du lagar innleiingar og avslutningar når du skriv tekstanalysar. Du skal skrive ei innleiing og ei avslutning om romanen Og. Modelltekstar og tips hjelper deg.

Før du gjer denne oppgåva, bør du ha arbeidd med ressursen "Og – ein roman om å vere ny i Noreg".

Til læraren

I denne ressursen fortel vi om éin måte å skrive innleiingar på. Men sjå an nivået til elevane. Viss du har elevar som har blitt gode skrivarar og lesarar, anbefaler vi at dei kikkar på presentasjonen nedst i ressursen "Novelleanalyse – ein modelltekst med tips". Her kan elevane lære om ulike måtar å skrive innleiingar på.

Del 1: Kva er innleiing, avslutning og tittel?

Når du skriv analysar av tekstar, skal du ha med desse fire delane i denne :

  1. tittel

  2. innleiing

  3. hovuddel

  4. avslutning

Tittelen

Tittelen er namnet du gir teksten din.

Innleiinga

Oppgåva til innleiinga er å fortelje lesaren kva du skal skrive om. Skriv innleiinga etter etter at du har skrive hovuddelen, for det er jo først når du har skrive hovuddelen, du veit kva du skal skrive om i innleiinga.

Hovuddelen

I hovuddelen skal du tolke teksten. Her skriv du om motiv, tema og verkemiddel. Det er lurt å skrive hovuddelen først.

Avslutninga

Det er mange måtar å skrive avslutningar på. I denne oppgåva skal du lære å skrive avslutningar der du reflekterer over temaet. Det betyr at du viser eigne tankar om teksten. Skriv gjerne avslutninga etter at du har skrive innleiinga.

Modelltekst

Ein modelltekst er ein tekst som skal vise deg korleis du sjølv kan skrive. I presentasjonen under har vi laga døme på korleis du kan lage innleiing, avslutning og tittel. Døma i modellteksten er til ein analyse av novella "Blodspor" av Bakir Ahmethodzic.

Del 2: Skriv innleiinga

Skriv innleiinga til analysen din av romanen Og. Bruk oppskrifta frå modellteksten over. Hugs på tredelinga:

  1. Presenter forfattar og tekst.

  2. Ei setning om kva romanen handlar om.

  3. Avslutt med eit spørsmål.

Ha modellteksten over framfor deg for tips om korleis du skal lage avsnittet.

Del 3: Skriv avslutninga

Skriv avslutninga. Bruk denne todelinga slik det blir gjort i modellteksten:

  1. Svar på spørsmålet frå innleiinga.

  2. Reflekter over novella og temaet.

Del 4: Lag tittelen

Lag ein tittel som:

  1. fortel kva temaet i romanen Og er

  2. er kort