Og – ein roman om å vere ny i Noreg
Mål
Målet med denne oppgåva er at de skal
utforske ein tekst saman og diskutere kva teksten betyr for dykk
bli kjende med og bruke desse fagomgrepa:
konflikt
tema
kontrast
gjentaking
setningsoppbygging / syntaks som verkemiddel
A. Les utdrag 1 og 2
Her er utdraga frå romanen: "Og – En argentinsk au pairs ordbok (utdrag)".
Ein i gruppa les utdrag 1 høgt for dei andre i gruppa, ein annan les utdrag 2. Etterpå skal de diskutere desse spørsmåla:
Innhald
Korleis kommuniserer hovudpersonen og Monika? Kvifor kommuniserer dei slik, trur de?
Korleis verkar det som at hovudpersonen og Monika har det? Er dei glade? Er dei leie seg? Eller noko anna?
Konflikt og verkemiddel
Romanar pleier å ha ein konflikt. Konflikten er "problemet" i teksten, til dømes noko hovudpersonen synest er vanskeleg. Etter å ha lese det første utdraget – kva trur de er konflikten i romanen?
Kva slags problem har Monika og hovudpersonen når dei skal kommunisere? Kva er det dei ikkje får til, men ønsker?
Forfattaren bruker eit verkemiddel i replikkane for å vise at hovudpersonen og Monika ikkje snakkar godt norsk enno. Finn de verkemiddelet?
B. Les utdrag 3 og 4
Ein i gruppa les utdrag 3 høgt for dei andre i gruppa, ein annan les utdrag 4. Etterpå skal de diskutere desse spørsmåla:
Innhald
Første delen av utdraget er frå eit norskkurs. Kan de kjenne dykk igjen i nokon av beskrivingane frå norskkurset?
Andre delen er frå heimen der hovudpersonen jobbar som au pair. Fortel kvarandre korleis det verkar som at hovudpersonen har det hos familien ho jobbar i.
Korleis synest de foreldra i familien behandlar hovudpersonen?
Kvifor trur de hovudpersonen tenker "Eg synest synd på meg sjølv. Eg synest synd på dei."
Konflikt, tema og verkemiddel
I oppgåve A snakka de om konflikten. Vil de legge til litt meir om konflikten etter å ha blitt betre kjende med hovudpersonen og romanen?
Temaet i ein roman er det forfattaren vil fortelje med teksten sin. Etter å ha lese fire utdrag – kva meiner de er temaet i teksten?
Sjå på måten setningane er bygde opp på, altså det som heiter syntaks. Korleis bruker forfattaren syntaksen til å vise at hovudpersonen ikkje bruker førstespråket sitt? Til dømes kan de sjå på dette utdraget:
Jeg har vondt i magen i dag.
Jeg har lyst til å si det:
Jeg har vondt i magen.
Jeg sier det ikke.Vi jobber med en oppgave.
Jeg går ut av klasserommet.
Jeg kjenner at det kniper magen.
Jeg går inn igjen.
C. Les utdrag 5
Utdrag 5 er ulikt dei andre de har lese til no. Det handlar nemleg om barndommen til hovudpersonen i Argentina. Ho fortel om når ho og søstera Sisi besøker bestemor deira som bur i jungelen.
Ein i gruppa les utdraget høgt for dei andre i gruppa. Etterpå skal de diskutere desse spørsmåla:
Innhald
Prøv å fortelje att det de nettopp har lese for kvarandre.
Korleis synest de forfattaren beskriv livet i jungelen?
Hovudpersonen og Sisi er frå byen, hovudstaden Buenos Aires. Korleis synest de livet i byen verkar?
Tema og verkemiddel
Hovudpersonen fortel om føtene sine i dette utdraget. Korleis kan de lese historia om livet til føtene i byen og i jungelen som ein kontrast?
Diskuter korleis dette utdraget handlar om temaet identitet:
I Buenos Aires brukte jeg selvfølgelig sko,
men ikke hvilke som helst sko.
Jeg måtte ha ortopediske sko.
Legen sa at føttene ville gi meg skjev rygg,
vonde hofter og grått hår.
Jeg hadde nemlig åpne føtter, "indianerføtter",
som måtte kureres for enhver pris.Men hos Lola levde føttene mine et fritt liv.
Der fant de tilbake til sin opprinnelige form.
I dag kan jeg si at føttene mine får være som de er.
Guaraníen i meg kan ikke tas bort.
D. Les utdrag 6
No skal de lese dei siste sidene i boka. Hovudpersonen har hatt det veldig vanskeleg, men ho har fått jobb hos ein ny familie, og etter det blei alt betre.
Ein i gruppa les utdraget høgt for dei andre i gruppa. Etterpå skal de diskutere desse spørsmåla:
Innhald
Korlei tolkar de det de nettopp har lese? Fortel kvarandre korleis hovudpersonen har det på desse siste sidene i boka. Bruk tekstdøme når de forklarer for kvarandre.
Hovudpersonen fortel om forholdet sitt til ordet "og". Kvifor er ho så oppteken av dette?
Tema og verkemiddel
La de merke til at det var ei gjentaking av orda "og" og "eller" i utdrag 5 og utdrag 6? Kvifor trur de akkurat denne frasen blir gjenteken?
Utdrag 5:
Vi var verken–eller, og vi var både–og
– det var Sisi og meg.Utdrag 6:
"Og" istedenfor "eller"!
Det er mange kontrastar i det siste utdraget. Finn nokre av dei og forklar korleis kontrastane heng saman med temaet identitet og det å finne seg sjølv.
No når de har lese alle utdraga, kan de samanfatte det de har lese ved å diskutere desse spørsmåla:
Kva meiner de er dei viktigaste temaa i teksten? Finn minst eitt sitat de synest viser desse temaa.
Kunne de kjenne dykk igjen i nokon delar av teksten?
Korleis får verkemidla setningsoppbygging, gjentaking og kontrast fram temaa? Finn minst eitt døme på kvart verkemiddel og forklar korleis det verkar i teksten.
I neste oppgåve skal de fortelje dei andre i klassen kva de har svart om tema og verkemiddel. Alle i gruppa skal seie noko høgt. Bestem kven som skal seie kva.
Alle gruppene fortel høgt i klassen kva dei har svart på del 2.
Gå vidare for å øve deg på å skrive gode avsnitt om motiv og tema om romanen Og i oppgåva.
Relatert innhald
Skriv eit avsnitt om motivet i romanen OG med hjelp av ein modelltekst, tips og setningsstartarar. For deg som held på å lære norsk.