Utforsk ulike syn på naturen
Oppgåve 1. Natursyn i religionar og livssyn
Vel deg eit livssyn eller ein religion og finn ein eller fleire kjelder som beskriv synet dei har på naturen. Du finn forslag til ulike kjelder i boksen under.
Beskriv kort det synet på naturen som kjem fram i kjelda.
Kva er grunngivinga for natursynet? Blir det grunngitt ved hjelp av heilage tekstar, religiøse autoritetar, skildringar av situasjonen i dag eller liknande?
Diskuter om natursynet i kjelda er antroposentrisk, biosentrisk eller økosentrisk.
Forslag til kjelder
Her finn du ei oversikt over ulike kjelder som beskriv ein religion eller eit livssyn innanfrå:
Islam
Klimaaksjonen: Koranen er en grønn bok
Humanisme
Human-etisk Forbund: Humanistene i verden slår alarm om klimaendringer
Kristendommen
Grønn kirke: Teologisk grunnlag for Skaperverk og bærekraft
Den katolske kyrkja: 10 måtar å leve Laudato Si' på
Den katolske kyrkja: Laudato Si`: Legfolkets grønne apostolat
Buddhisme
Den norske sotozen buddhistorden: Buddhisme – naturvern, bærekraft og gjenbruk
Hinduismen
Religioner.no: Mange hinduer er vegetarianere
American Institute of Vedic Studies: Hindu view of nature
Jødedommen
Jødedommen.no: Hvordan ser jødedommen på menneskets plass i naturen?
Sikhisme
Utrop – Noregs første flerkulturelle avis: Sikhisme handler også om miljø
Tradisjonelt samisk natursyn
Samerådet: Tradisjonell samisk ekologi
Bahá'í
Bahá'í-samfunnet i Norge: Naturen
Bahá'í-samfunnet i Norge: En visjon om naturen
Oppgåve 2. Årsaker til dagens miljø- og klimakrise
Ta utgangspunkt i religionen eller livssynet du valde i oppgåve 1 og svar på spørsmåla. Finn gjerne fleire kjelder viss det er behov for det.
Kva er årsakene til dagens miljø- og klimakrise ifølgje dei kjeldene du har funne?
Set deg saman med nokon som har valt ein annan religion eller eit anna livssyn. Samanlikn årsaksskildringane de har funne. Kva likskapar og forskjellar er det?
Oppgåve 3. Løysingar på dagens miljø- og klimakrise
Ta utgangspunkt i religionen eller livssynet du valde i dei førre oppgåvene og arbeid med oppgåvene. Finn gjerne fleire kjelder viss det er behov for det.
Kva er løysinga på dagens miljø- og klimakrise ifølgje dei kjeldene du har funne?
Finn konkrete døme på at medlemmar av religionen eller livssynet har gjort noko for å løyse dagens miljø- og klimakrise.
Kvifor har vi eit ansvar for å gjere noko med miljø- og klimakrisa ifølgje religionen eller livssynet?
Set dykk saman i par igjen. Samanlikn funna dykkar. Kva er likt, og kva er ulikt?