Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk ulike syn på naturen

Det finst mange ulike syn på naturen. Utforsk korleis medlemmar av ulike religionar og livssyn ser på naturen. Kva meiner dei er årsakene til dagens miljø-og klimakrise, og kva forslag har dei til å løyse han?
Seks religiøse symbol på kvar sin lapp med to armar på kvar side. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Natursyn i religionar og livssyn

Vel deg eit livssyn eller ein religion og finn ein eller fleire kjelder som beskriv synet dei har på naturen. Du finn forslag til ulike kjelder i boksen under.

  1. Beskriv kort det synet på naturen som kjem fram i kjelda.

  2. Kva er grunngivinga for natursynet? Blir det grunngitt ved hjelp av heilage tekstar, religiøse autoritetar, skildringar av situasjonen i dag eller liknande?

  3. Diskuter om natursynet i kjelda er antroposentrisk, biosentrisk eller økosentrisk.

Forslag til kjelder

Her finn du ei oversikt over ulike kjelder som beskriv ein religion eller eit livssyn innanfrå:

Islam

Klimaaksjonen: Koranen er en grønn bok

Humanisme

Human-etisk Forbund: Humanistene i verden slår alarm om klimaendringer

Kristendommen

Den norske kyrkja: Økoteologi

Grønn kirke: Teologisk grunnlag for Skaperverk og bærekraft

Den katolske kyrkja: 10 måtar å leve Laudato Si' på

Den katolske kyrkja: Laudato Si`: Legfolkets grønne apostolat

Buddhisme

Den norske sotozen buddhistorden: Buddhisme – naturvern, bærekraft og gjenbruk

Hinduismen

Religioner.no: Mange hinduer er vegetarianere

American Institute of Vedic Studies: Hindu view of nature

Jødedommen

Jødedommen.no: Hvordan ser jødedommen på menneskets plass i naturen?

Sikhisme

Utrop – Noregs første flerkulturelle avis: Sikhisme handler også om miljø

Tradisjonelt samisk natursyn

Samerådet: Tradisjonell samisk ekologi

Bahá'í

Bahá'í-samfunnet i Norge: Naturen

Bahá'í-samfunnet i Norge: En visjon om naturen


Oppgåve 2. Årsaker til dagens miljø- og klimakrise

Ta utgangspunkt i religionen eller livssynet du valde i oppgåve 1 og svar på spørsmåla. Finn gjerne fleire kjelder viss det er behov for det.

  1. Kva er årsakene til dagens miljø- og klimakrise ifølgje dei kjeldene du har funne?

  2. Set deg saman med nokon som har valt ein annan religion eller eit anna livssyn. Samanlikn årsaksskildringane de har funne. Kva likskapar og forskjellar er det?


Oppgåve 3. Løysingar på dagens miljø- og klimakrise

Ta utgangspunkt i religionen eller livssynet du valde i dei førre oppgåvene og arbeid med oppgåvene. Finn gjerne fleire kjelder viss det er behov for det.

  1. Kva er løysinga på dagens miljø- og klimakrise ifølgje dei kjeldene du har funne?

  2. Finn konkrete døme på at medlemmar av religionen eller livssynet har gjort noko for å løyse dagens miljø- og klimakrise.

  3. Kvifor har vi eit ansvar for å gjere noko med miljø- og klimakrisa ifølgje religionen eller livssynet?

  4. Set dykk saman i par igjen. Samanlikn funna dykkar. Kva er likt, og kva er ulikt?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Mennesket sitt forhold til naturen