Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmoppgåve: Mennesket og naturen

I dag forbruker vi langt større ressursar enn jorda er i stand til produsere. Vi endrar klima og økosystem og utryddar artar i rekordhøgt tempo. Kva ansvar har vi overfor naturen, og korleis kan vi ta betre vare på han?

Sjå filmen og svar på spørsmåla:

  1. I filmen blir det peika på ulike problem og utfordringar for naturen. Kva trur du er dei største menneskeskapte utfordringane for naturen i dag? Grunngi svaret.

  2. Kunstnaren Tore Reich er kritisk til øydeleggingane våre av naturen. Kvifor trur du Reich brukar naturlege materiale og enkle reiskapar i kunsten sin?

  3. Miljøfilosofien er oppteken av verdien av naturen. Kva er det som gjer naturen verdifull, tenkjer du? Er naturen først og fremst verdifull fordi han er nyttig for oss menneske, eller er det andre like viktige eller viktigare grunnar? Grunngi svaret.

  4. Tenkjer du at ulike delar av naturen har ulik verdi? Har til dømes dyr større verdi enn tre og planter? Grunngi svaret.

  5. Kvifor kan det vere gale å ete kjøt, ifølgje Hverven? Er du einig eller ueinig?

  6. For å løyse klima- og miljøproblema må vi både handle individuelt og kollektivt, ifølgje Sigurd Hverven. Kvifor kan det vere viktig å organisere seg og jobbe saman for å løyse klima- og miljøutfordringane?

  7. Mange ungdommar er skuffa over politikarane si handtering av klima- og miljøproblema. Trur du at politikarane i Noreg og resten av verda er i stand til å løyse problema? Grunngi svaret.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Mennesket sitt forhold til naturen