Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva organisme er mest verd?

Dei fleste vil nok rangere menneske over dyr, men kva om du blei beden om å rangere dei andre organismane? Ranger organismar, og utforsk kva de legg i omgrepet «verdi», og på kva grunnlag vi gir ulike organismar verdi.
Helsesjekk. To hender held ei kvit rotte varsamt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Ranger organismane slik at den du meiner er mest verd, står øvst, og den som er minst verd, står nedst.

  1. Samanlikn lista di med lista til ein annan. Forklar korleis de tenkte då de rangerte organismane. Kva skilnader og likskapar er det mellom listene dykkar? Diskuter kva de har lagt i ordet «verdi».

  2. Ta for dykk listene dykkar på nytt, og gjer ei ny vurdering med utgangspunkt i følgjande kriterium/situasjonar:

  • kor nyttige organismane er for oss menneske

  • kor intelligente organismane er

  • Du har stranda på ei aud øy. Kva organisme ville du helst ha stranda i lag med?

  1. Bruk Tree of life og finn att organismane frå lista. Er det nokon samanheng mellom rangeringa dykkar og kvar artane er å finne i utviklingstreet?

Ein stor forgreina trestruktur med eit mangfald av artar viser korleis artane har utvikla seg frå ei felles opphav. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2: Organismen min er mest verd!

  1. Jobb i par og vel kvar dykkar tilfeldige organisme frå lista i oppgåve 1.

  2. Søk på nettet og finn ut mest mogleg om organismen du har valt.

  3. Diskuter, og forsøk å overtyde den andre om at organismen din er mest verd.

Oppgåve 3: Albert Schweitzers dilemma

Ærefrykt for livet

Portrettbilde i svart-hvitt av hvit mann med stor bart iført hvit skjorte og svart tverrsoversløyfe. Foto.

Albert Schweitzer (1875–1965) var teolog, lege og filosof. Han var mellom anna oppteken av respekten for alt levande, og omgrepet «ærefrykt for livet» er særleg assosiert med han. Han gjorde eit poeng av at alt liv hadde like stor verdi. Mange ser på Albert Schweitzer som ein forløpar til dagens økologiske rørsler.

Situasjonen under er henta frå ei bok der Schweitzer skriv frå tida då han jobba som legemisjonær i Gabon i Afrika:

From the natives I buy a young fish eagle, which they have caught on a sandbank, in order to rescue it from their cruel hands. But now I must decide whether I shall leit it starve, or whether I shall kill a certain number of small fish every day in order to keep it alive.

  1. Kva dilemma er det Albert Schweitzer beskriv?

  2. Set deg i Albert Schweitzers stad. Kva ville du gjort i ein slik situasjon?

  3. Finn argument for og mot å halde fiskeørna i live og ta livet av ti fisk kvar dag, og for og mot å la fiskeørna døy og unngå å ta livet av ti fisk kvar dag.

  4. Finst det andre løysingar på dette dilemmaet? Forklar.

  5. Kva natursyn trur de Schweitzer hadde?

Kilde

Free, A.C. (1988). Animals, Nature and Albert Schweitzer. The Flying Fox Press.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2021

Læringsressursar

Mennesket sitt forhold til naturen