Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Mennesket sitt forhold til naturen

Korleis har forholdet mennesket har til naturen endra seg gjennom tidene, og korleis er forholdet i dag? I dette temaet undersøkjer vi korleis forholdet vårt til natur påverkar økosystem, klima og liva våre. Kan vi lære noko av historia no som me må i gong med å redde verda?
Mann står på toppen av ein enorm haug av hodeskallar frå bison. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturen er grunnlaget for alt

Naturen er grunnlaget for at vi eksisterer, og han er grunnlaget for det moderne samfunnet vårt. Vi har alltid utnytta ressursane som naturen har gitt oss, men no utnyttar vi meir enn det som er berekraftig.

Levde vi meir i pakt med naturen før? Har vi fjerna oss så mykje frå naturen, at me har mista forståinga av korleis han heng saman med dei moderne liva våre? Kvifor tek vi avgjerder som vi veit gir negative konsekvensar for natur og menneske?

Bli kjent med ulike måtar å stille seg til natur på

I dette temaet får de moglegheita til å undersøkje

  • korleis me menneske har stilt oss til natur opp gjennom historia

  • korleis dette forholdet har påverka val som har blitt tekne

  • korleis historia forma synet vårt på natur slik det er i dag

  • korleis vi kan bruke det vi finn ut til å løyse klima- og naturkrisa som verda står overfor

Bruk ressursar i lista under

I oversikta med læringsressursar under har vi lagt inn læringsstiar, fagstoffsider og oppgåver. Ressursane kan brukast enkeltvis i faga, eller de kan setje saman ressursar slik at det blir naturleg å samarbeide med andre fag.

Ressursane passar mellom anna i faga historie, religion, biologi, naturbruk og norsk.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021

Læringsressursar

Mennesket sitt forhold til naturen