Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vendepunkt – mennesket og naturen

Opp gjennom historia har vi hatt ei rekkje vendepunkt, hendingar og oppdagingar som har fått store konsekvensar for ettertida. I desse oppgåvene skal de undersøkje moglege vendepunkt i forholdet vårt til natur og diskutere kva betyding dei har hatt for forholdet vårt til naturen i dag.
Kvinne bruker gammaldags sprayboks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Vendepunkt i forholdet mennesket har til naturen

  1. Skriv ut vedlegget og klipp ut korta. (Viss de vil bruke andre hendingar, kan de gjere endringar i den vedlagde tekstfila og skrive ut denne).

  2. Jobb saman i par eller små grupper og plassar korta etter kvarandre i den rekkjefølgja de trur hendingane skjedde. Er det nokon hendingar de er sikre på plasseringa av? Kva for hendingar er vanskelegast å plassere?

  3. Diskuter kva de kom fram til felles i klassen.

  4. Ta for dykk kvar av hendingane, bruk kjelder og finn ut

  • når hendinga skjedde

  • kven som var hovudaktørar

  • kva som blei konsekvensane av hendinga

Filer

Oppgåvekort Vendepunkt - Mennesket og naturen

Oppgåve 2. Betydingsgradestokk

  1. Bruk korta frå oppgåve 1.

  2. Jobb saman i par eller små grupper.

  3. Teikn eit koordinatsystem med x- og y-akse. La tid vere eining på x-aksen og betyding vere eining på y-aksen.

  4. Plasser korta i kronologisk rekkjefølgje langs x-aksen.

  5. Diskuter og vurder kor stor betyding hendingane har hatt for forholdet mennesket har til natur. Jo større betyding hendingane har hatt, jo høgare opp på y-aksen skal de plassere hendinga.

  6. Diskuter felles i klassen. Argumenter for dei vala de tok og dei vurderingane de gjorde.

Koordinatsystem med avrunda rektanglar med tekst. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forslag til vidare diskusjon og arbeid

  • Bruk tidslinja/betydingsgradestokken som utgangspunkt for vidare diskusjonar og arbeid.

    • Var det nokon som styrte utviklinga?

    • Kunne dei vite kva konsekvensane blei?

    • Korleis ville vi periodisere historia viss kriteriet er mennesket sin påverknad på naturen?

  • Fleire av korta har energi som fellesnemnar. Jobb vidare med menneska sin bruk av energi til ulike tider, og kva betyding det har hatt for korleis vi arbeider, flyttar oss og moglegheitene for produksjon, handel og forbruk.

  • Thomas Midgley var kjemikar og fann opp både blybensinen og KFK-gassen. Lag eit nyheitsinnslag der de intervjuar Midgley. Få fram kva Midgley håper at oppfinningane hans skal bidra til. Konfronter han med konsekvensar av oppfinningane hans som vi kjenner til i dag. Kva trur de han ville svart? Burde han visst betre, tenkjer de?

Kjelde

Korbøl, K. (2019). Hva er det felles beste? Historie og bærekraft. O.A. Kvamme og E. Sæther (red.), Bærekraftdidaktikk. Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Karsten Korbøl.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021

Læringsressursar

Mennesket sitt forhold til naturen