Hopp til innhald

Fagstoff

Natursyn i kristendommen, islam og jødedommen

Kva er forholdet mellom Gud, mennesket og naturen i kristendommen, islam og jødedommen? I takt med aukande miljø-øydeleggingar og ein veksande klimatrussel har det blitt meir fokus på mennesket sitt ansvar overfor naturen og skaparverket i dei tre religionane.
Religiøse tegn i naturen. Kors, Davidstjerne og Hilal vist mot en stjernehimmel. Foto.

Forvaltaransvaret

Kristendommen, jødedommen og islam deler trua på at Gud aleine har skapt jorda og alle levande vesen. Ifølgje dei tre religionane har òg Gud gitt mennesket ein spesiell posisjon i skaparverket og eit spesielt ansvar for å ta vare på jorda og andre levande vesen. Dette blir kalla forvaltaransvaret.

Ifølgje forvaltaransvaret har mennesket ei plikt overfor Gud til å ta vare på naturen, og menneska står ansvarleg overfor Gud for måten dei behandlar han på.

Det finst mange ulike tolkingar av forvaltaransvaret både mellom og innanfor dei ulike religionane. På den eine sida kan forvaltaransvaret tolkast i antroposentrisk retning. Det vil seie at Gud skapte naturen for mennesket, og han gav mennesket herredømme over jorda for at vi skulle bestemme over henne.

På den andre sida kan forvaltaransvaret tolkast i meir biosentrisk og økosentrisk retning. Det vil seie at naturen, både levande vesen og økosystem, har ein verdi i seg sjølv som delar av Guds skaparverk. Oppgåva til menneska ut frå dette perspektivet er ikkje å bestemme over naturen, men å verne og passe på han.

Ein bonde står ved sida av eit esel med kjerre på ein vingard. Vi ser mange vinrankar i bakgrunnen. Foto.

Kristendommen sitt natursyn

Innanfor kristendommen har menneska sitt forhold til naturen blitt prega av to ulike bibelske framsyningar. På den eine sida har mennesket ei særstilling fordi det er skapt i Guds bilete og har fått i oppdrag å forvalte skaparverket av Gud.

Og Gud skapte mennesket i sitt bilde, i Guds bilde skapte han det, som mann og kvinne skapte han dem. Gud velsignet dem og sa til dem: "Vær fruktbare og bli mange, fyll jorden og legg den under dere! Dere skal råde over fiskene i havet og over fuglene under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorden." (1. Mos. 1,27–28)

På den andre sida er mennesket skapt av jorda og ein integrert del av skaparverket. Mennesket står derfor ikkje berre over skaparverket – det er òg ein del av det.

Da formet Herren Gud mennesket av støv fra jorden. Han blåste livspust i nesen på det, og mennesket ble en levende skapning. (1. Mos. 2,7)

Til liks med fuglane og dyra er mennesket skapt av jorda og tilhøyrer derfor den same heilskapen. Det forvaltaransvaret Gud har gitt mennesket, gir det ikkje løyve til å øydeleggje naturen, men eit særskilt ansvar for å verne han.

Så tok Herren Gud mennesket og satte det i Edens hage til å dyrke og passe den. (1. Mos. 2,15)

Mens somme kristne har sett på mennesket som ein herre over naturen, har andre derfor sett på mennesket meir som ein gartnar med eit særskilt ansvar overfor medskapningane sine og den naturen dei sjølv er ein del av.

Ein mann i munkekutte saman med to følgjesveinar snakkar til eit tre med fuglar og dyr. Alle tre ser beundrande opp på treet. Måleri.

I kristendommen kan tre ulike bibelske perspektiv vere med på å grunngi kvifor naturen har ein uavhengig av mennesket:

  • Naturen er skapt av Gud, uavhengig av menneske, og har derfor ein eigen verdi.

  • Heile skaparverket deltek i lovprisinga av Gud og ikkje berre mennesket. I salme 148 i Salmenes bok deltek både sola, stjernene, fjella, fuglane og fiskane i lovsongen av Gud.

  • Alle delar av skaparverket skal delta i frelsen. I Det nye testamentet i Bibelen står det at alt det skapte til slutt skal bli frigjort (Rom. 8, 19–21).

Islams natursyn

Ifølgje islam er mennesket og naturen ein del av den same heilskapen. Heile naturen deltek i tilbedinga av Allah, og det er mennesket si oppgåve å vise ærbødigheit for heile skaparverket.

Sannelig, skapelsen av himlene og jorden er større verk enn skapelsen av menneskene. Men folk flest vet det ikke. (Sure 40,57)

På same måte som mennesket utgjer òg fuglar og dyr sine eigne samfunn. Som ein del av skaparverket har dei ein eigen verdi og krav på respekt frå mennesket.

Det finnes ikke dyr på jorden eller fugl på vingen uten at de utgjør samfunn, som dere. Vi har ikke oversett noe i Boken. Og så samles de hos sin Herre.(Sure 6,38)

Ifølgje Koranen blei ikkje Adam og Eva sende ut av Eden for å straffast, men for å utføre ei oppgåve. Islam legg til grunn at mennesket er ein khalifa, ein forvaltar eller avløysar, med eit spesielt ansvar for å ta vare på jorda.

Ein mann i dress, skjorte og slips og med grøn pin på skjortekragen smiler. I bakgrunnen er det fleire personar som smiler. Dei sit alle i eit forsamlingslokale. Foto.

Innanfor islam har det blitt diskutert kva det betyr at mennesket er ein forvaltar, ein khalifa. Den islamske miljørørsla har vektlagt mennesket sitt ansvar for ikkje å øydeleggje naturen og brukt dei heilage tekstane for å vise kva plikter menneske har.

I Koranen står det mellom anna at det er forbode å mishandle dyr og øydeleggje naturen. I ei kjend forteljing forsvarer Muhammed ein kamel som blir mishandla av eigaren. Islam har òg tradisjon for å skape naturområde som er verna frå menneskeleg innblanding (hama). Denne tradisjonen blir ført tilbake til Muhammed. Koranens åtvaringar mot sløsing har blitt brukt som ei åtvaring mot dagens forbruksvekst.

Det er Han som har latt vokse frem haver med og uten vintrær på rekker, palmer og vekster med forskjellige slags frukter, oliven og granatepler, likt og ulikt. Spis av deres frukter når de bærer frukt, og gi det som tilbørlig er på innhøstingsdagen, men sløs ikke! Han liker ikke sløsere! (Sure 6,141)

Jødedommen sitt natursyn

Grunnlaget for jødedommen er trua på at Gud aleine har skapt jorda. Jorda og det som lever der, er derfor i utgangspunktet godt.

Gud så på alt det han hadde gjort, og se, det var svært godt! (1. Mos. 1.31)

På den eine sida er mennesket skapt i Guds bilete, på den andre sida er mennesket skapt av jorda. Sjølv om mennesket har fått ein opphøgd posisjon, kan det ikkje gjere som det vil med skaparverket. Naturen tilhøyrer ikkje mennesket, men Gud. Å vise ærbødigheit overfor naturen er derfor å vise ærbødigheit for det Gud har skapt.

Eit sentralt punkt i jødedommen er at Gud oppretta ei pakt med det jødiske folket. Denne pakta inneheld både plikter og rettar. Desse pliktene er òg knytte til naturen, og så lenge jødane overheld pakta, vil landet blomstre (3. Mosebok, 26.32–33, 5. Mosebok 11.13–21).

Om dere adlyder mine bud som jeg gir dere i dag, og elsker Herren deres Gud og tjener ham av hele deres hjerte og hele deres sjel, vil jeg la landet få regn i rett tid, både høstregn og vårregn, så du kan høste inn korn, ny vin og fin olje. Jeg vil la gresset vokse på marken for buskapen din, og du skal få spise deg mett. (5. Mosebok 11, 13–15)

To gutar plantar eit tre. Den eine står og held i det vesle treet nedi eit hol i jorda. Den andre guten følgjer interessert med. Foto.

Innanfor den jødiske miljørørsla er det bygd vidare på det jødiske idealet tikkun olam, som betyr å reparere verda. Ifølgje dette idealet har mennesket eit ansvar for å reparere det som er gale med verda, og det har blitt utvida frå å gjelde sosial rettferd til det å ta eit ansvar for miljøet. Dette blir knytt vidare til ansvaret for å ikkje øydeleggje naturen unødvendig (bal taschit), som mellom anna blir omtalt i femte Mosebok:

Når du er i krig med en by og må beleire den i lang tid før du kan innta den, skal du ikke ødelegge trærne der ved å bruke øks på dem. Du kan spise av dem, men du må ikke hugge dem ned. (5. Mosebok 20,19)

Ein måte miljøansvaret kjem til utrykk på i jødedommen, er gjennom rørsla Øko-koshrut. Dei jødiske kosthaldsreglane er utvida for å ta omsyn til dei økologiske konsekvensane av matproduksjon.

Men forpliktingane overfor naturen innanfor jødedommen inneber ikkje ei tilbeding av naturen som noko heilagt eller guddommeleg. Det vil for mange jødar kunne tolkast som ei form for avgudsdyrking. Ærbødigheita overfor naturen er først og fremst ei ærbødigheit overfor Guds skaparverk. Innanfor enkelte delar av jødedommen har beundringa for naturen òg blitt sett på som ein distraksjon frå studiet av Guds vilje, slik han er openberra i dei heilage tekstane.

Ein iransk religiøs leiar med kappe, skjegg og turban held ein tale ved ein talarstol framfor andre religiøse leiarar som sit rundt han i eit lokale. Foto.

Kritikk av forvaltaransvaret

Førestillinga om at Gud har gitt mennesket eit forvaltaransvar, som vi finn i kristendommen, islam og jødedommen, har blitt utsett for ulike former for religionskritikk.

Ein kritikk er at forvaltaransvaret gir mennesket makt og herredømme over naturen og andre levande vesen. Dette har bidrege til å legitimere mennesket si øydelegging av naturen og dagens klimaproblem.

Ein annan kritikk er at førestillinga om ein gud som står utanfor naturen, kan føre til at naturen får mindre verdi. Dette i motsetning til til dømes panteismen, der Gud er ein del av naturen.

Ei tredje form for kritikk av forvaltaransvaret er at det fremjar ei styrande haldning overfor naturen. I staden for å la naturen vere som han er, vil vi ved hjelp av ulike teknologiske løysingar prøve å styre og kontrollere naturen på same måten som vi konstruerer og styrer ein maskin.

Men dei som forsvarer forvaltaransvaret, har hevda at det ikkje er ei motsetning mellom det å forvalte naturen og det å anerkjenne naturen sin eigen verdi. Forvaltaransvaret gir heller ikkje mennesket herredømme over naturen, men eit ansvar for å respektere og ta vare på han. Det har òg blitt hevda at trua på ein skapargud gir dei truande ein grunn til å verne og ta vare på jorda.

Kjelder

Attfiel, R. (2018). Environmental ethics. A very short introduction. Oxford.

Bagir, Z.A. & Martiam, N. ( 2017) Islam: Norms and Practices. Yale forum on religion and ecology. Henta frå https://føre.yale.edu/World-religions/Islam/Overview-essay

Bøe, M.H. & Kalvig, A. (2020). Menneske, meninger, makter. En introduksjon til religionsvitenkap. Cappelen Damm Akademiske.

Groth, B. (2011). Jødedommen. Pax forlag.

Kvalvaag, R.W. ( 2020). Menneske, natur og religion hos www.ndla.no. I Religon og livssyn, årgang 32, 2020/1

Roald, A.S. (2012). Islam. Pax forlag.

Thorbjørnsen, S.O. & Heiene, G. (2021). Kristen etikk. En innføring. (2. utg.). Universitetsforlaget.

Tirosh-Samuelson, H. (2001). Nature in the sources of Judaism. Daedalus. Vol. 130, No. 4. https://www.jstor.org/stable/20027720

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Naturen sin verdi og berekraftig utvikling