Podkast: Verdien av naturen med Dag O. Hessen
Sjølv om vi i aukande grad innser kor viktig naturen er, held vi fram med klima- og miljø-øydeleggingane. Kva slags verdi har eigentleg naturen? Kva er årsakene til at vi held fram med å øydeleggje klimaet og miljøet når vi burde vite betre? Og kva kan vi gjere med det?
Vel om du vil jobbe med oppgåve 1 eller 2 før du lyttar til podkasten.
Oppgåve 1. Nøkkelord og refleksjonsnotat
Oppgåve 2. Spørsmål til podkasten
Kva skil eit økosentrisk eller biosentrisk syn på naturen frå eit antroposentrisk syn?
Kva er eigenverdien til naturen, ifølgje Dag O. Hessen?
Kvifor meiner Hessen at menneske har større verdi enn andre organismar?
Kvifor meiner Hessen at det ikkje er ei motsetning mellom interessene til naturen og mennesket?
Kva er antropocen, og kvifor har vi komme dit?
Ta utgangspunkt i podkasten og diskuter: Kva er dei viktigaste årsakene til av vi øydelegg naturen, og kva bør vi gjere med det?
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022