Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Jakta på den berekraftige mobilen

Mobilen din er død, og du må ha ein heilt ny. Du gruar deg fordi du veit det kjem til å bli dyrt! Men kven er det eigentleg som betaler prisen? Kva med belastninga på miljøet? Treng du eigentleg ein heilt ny telefon? Undersøk: Finst den berekraftige mobiltelefonen?

Etter filmen

Diskuter

  • Ville de vore villige til å betale meir for mobilen viss de visste at han var produsert på ein miljøvennleg og rettferdig måte?
  • Kor ofte er det “greit” å byte ut mobilen?
  • Kunne de tenkje dykk å reparere ein øydelagd mobil i staden for å byte han ut med ein ny?
  • Nokon meiner at mange produkt er konstruerte slik at dei skal ha kort levetid. Kva tenkjer de om det?
  • Kven sitt ansvar er det at produkta vi kjøper er berekraftige?

Kva skal til for at ein mobil kan kallast berekraftig?

I filmen diskuterer venene om det er mogleg å kjøpe ein mobiltelefon som er berekraftig, men kva skal eigentleg til for at ein mobiltelefon skal kunne kallast berekraftig?

Diskuter kriterium og lag ei prioritert liste i oppgåva Hva avgjør om et produkt er bærekraftig?

Kva vil du undersøkje nærmare?

Det er fleire måtar å gå i djupna på når du jobbar vidare med "Jakta på den berekraftige mobilen":

  • Undersøk korleis ulike fagområde heng saman og påverkar om ein mobiltelefon er berekraftig eller ikkje.

    Her kan du til dømes bruke oppgåva Er det mogleg å lage ein berekraftig mobiltelefon? (interaktiv historie). I denne ressursen reiser du rundt i verda på oppdrag frå eit mobilselskap for å finne ut om det er mogleg å lage ein berekraftig mobil. I oppgåva kjem du innom fleire av ressursane som er lista opp under.
  • Fokuser på ein eller fleire bestemte delar av verdikjeda til ein mobiltelefon. Vurder korleis akkurat denne delen påverkar kor berekraftig ein mobiltelefon er.

    Her kan du til dømes jobbe med Interaktivt verdskart – bærekraftig mobil. Via eit verdskart får du oversikt over dei ulike fasane i verdikjeda til ein mobiltelefon. Bruk kartet til å finne ut kva fase du vil fordjupe deg i. Ressursane som ligg inne i verdskartet er også lista opp under.

Vi har også sett saman nokre av ressursane i ein læringssti. Bruk stien som han er, tilpass han til eige bruk eller lag på stier.ndla.no.

Tips til korleis du kan søkje på nettet finn du i læringsstien Søkestrategier

Sluttprodukt

Etter at de har fordjupa dykk i mobilindustri og berekraft, er det tid for å bearbeide det de har funne ut. Det kan vere lurt å planleggje dette – før de startar reisa.

Kanskje de vil lage noko til å vise fram til andre etterpå?

Uansett – her er nokre forslag:

  • lag en reklame om bærekraftig mobilforbruk
  • design ditt eget bærekraftige mobildeksel
  • lag ein modell som viser den rettferdige prisen på ein mobiltelefon
  • lag ein mini-dokumenter med eit kritisk blikk på mobilindustrien
  • ta for dykk eit ledd i verdikjeda som passar til eige programområde, gå i djupna og legg fram forslag til korleis dette leddet kan bli meir berekraftig
  • skriv på oppdrag frå Forbrukarrådet og gi anbefalingar til forbrukarar som ønskjer å velje ein mobil som er mest mogleg berekraftig
  • lag ein formell/vitskapleg rapport og presenter resultata for styret i den oppdikta Bærekraftsnemnda.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2019

Læringsressursar

Jakta på den berekraftige mobilen