Hopp til innhald

Fagstoff

Er berekraftig vekst og auka forbruk mogleg?

Norske styresmakter har som mål at utviklinga i Noreg skal vere berekraftig. På same tid blir det hevda at vi må ha auka forbruk for å "halde hjula i gang". Kan dette kombinerast?

Stadig forbruksvekst?

Grafen viser at forbruket i Noreg har auka jamt i perioden 2000–2022. (I tillegg kjem grensehandel og handel i utanlandske nettbutikkar.) Når vi veit at mellom 60 og 80 % av miljøpåverkinga vår kjem frå privat forbruk, må dette med i vurderinga viss vi skal oppnå ei berekraftig utvikling. Sjølv om det kan vere lett å skyve ansvaret over på styresmakter og politikarar, er det mykje vi kan gjere sjølv: Vi bestemmer sjølv kva vi skal kjøpe (og kaste).

Graf som viser varekonsumindeks frå 2000 til 2022. Grafen startar ved 80 og går jamt oppover til 150 i 2021. Grafen går ned til 145 i 2022. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruttonasjonalprodukt – mål på velferd?

Bruttonasjonalprodukt (BNP) er eit mål på den totale verdien av det som blir produsert av varer og tenester i eit land. Viss BNP per innbyggjar aukar i ein periode, seier vi at vi har økonomisk vekst; verdiskapinga aukar. For at dette skal kunne skje, må det kjøpast fleire varer og tenester – forbruket må auke.

Graf som viser eksponentiell vekst. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Merksemda rundt berekraftig utvikling har blitt større. Fleire har stilt spørsmålsteikn ved kor berekraftig det er om alle land i verda har eit mål om økonomisk vekst, og gjerne auka økonomisk vekst. Det vil seie at veksten i seg sjølv også skal auke.

Dette kjenner vi som ukontrollert vekst eller eksponentiell vekst. Er dette fysisk mogleg?

Diskuter

Er det mogleg å ha både berekraftig utvikling og auka vekst?

Kjelder

Bazilchuk, N. (2016, 21. februar). Slik påvirker forbruket ditt miljøet. For NTNU på forskning.no. Henta frå https://forskning.no/ntnu-miljogifter-partner/slik-pavirker-forbruket-ditt-miljoet/437293

Tønnessen-Krokan, B. (2019, 3. juli). Bærekraftig utvikling – et begrep som forplikter regjeringen. Dagsavisen, debatt. Henta frå https://www.dagsavisen.no/debatt/berekraftig-utvikling-et-begrep-som-forplikter-regjeringen-1.1041908

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2023

Læringsressursar

Jakta på den berekraftige mobilen