Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Montering av mobiltelefonar

Montering er den fasen der dei ulike delane blir sette saman til ein ferdig mobiltelefon. Monteringa skjer på fabrikkar over heile verda. Korleis er arbeidsforholda ved slike fabrikkar, og korleis heng dette saman med berekraftig utvikling?
Rekker med arbeidsbord der arbeidarar i verndrakter set saman mobiltelefonar i eit stort fabrikklokale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er det å jobbe på ein mobilfabrikk?

I denne oppgåva skal de sjå nærare på korleis mobiltelefonar blir sette saman. De skal sjå ein film frå ein mobilfabrikk og lese ein tekst om arbeidsforholda i slike fabrikkar.

Del 1. Bakgrunn

Før de byrjar å jobbe med denne oppgåva, kan det vere ein god idé å repetere kva som blir meint med berekraftig utvikling. I denne filmen får de ei oppsummering av ulike sider ved omgrepet.

Del 2. På besøk på mobilfabrikken. Sjå filmen Montering av mobiltelefonar

Før de ser filmen

  1. Kva har de høyrt om arbeidsforhold ved slike fabrikkar? Trur de det er slik i verkelegheita?

  2. Ut frå det de har høyrt, kunne de tenke dykk å jobbe med å setje saman mobiltelefonar?

Sjå filmen

Sjå filmen om korleis ein mobiltelefon blir sett saman. Filmen er utan innhaldslyd.

Samandrag av filmen Slik blir ein mobiltelefon sett saman

Filmen er teken opp på ein fabrikk der dei ulike delane til ein mobiltelefon blir sette saman til ein ferdig mobiltelefon. Inne i fabrikken har arbeidarane på seg drakter som vernar mobildelane mot statisk elektrisitet, støv og ureinske.

Arbeidarane sit ved sida av kvarandre ved ein arbeidsbenk. Prosessen startar med eit krinskort. Arbeidarane monterer ein del kvar på krinskorta, for så å sende mobiltelefonen vidare til den som sit ved sida av. Til slutt blir telefonane testa, for å sjå om dei fungerer som dei skal.

Etter å ha sett filmen

  1. Korleis stemmer det de såg i filmen, med det de forventa? Forklar.

  2. Kunne de tenke dykk å ha ein slik jobb? Kvifor / kvifor ikkje?

  3. Ta utgangspunkt i FNs berekraftsmål som de finn på FNs nettside. Diskuter:

    1. Kva berekraftsmål er mest sentrale når det gjeld yrke og arbeidsforhold?

    2. Korleis heng desse måla saman med andre berekraftsmål?

    3. Set dykk inn i dei aktuelle måla, og lag ei liste over forhold i mobilfabrikkar som handlar om berekraft.

    4. Kan ein kalle ein mobiltelefon berekraftig viss forholda til dei som har vore med på å lage han, ikkje oppfyller berekraftsmåla? Forklar.

  4. Les artikkelen "Produksjon – til hvilken pris" på Ungenergi.no. Kva fordelar og ulemper ved mobilindustrien blir skildra her?

  5. Filmen og artikkelen er to kjelder til korleis montering av mobiltelefonar går føre seg. Vurder desse to kjeldene og samanlikn framstillingane av mobilmontering med kvarandre. Diskuter årsaker til forskjellar i desse to framstillingane.

Del 3. Foreslå berekraftstiltak for arbeidarane i mobilfabrikken

Tenk dykk at de skal lage eit sett med ideelle reglar for korleis arbeidet i ein mobilfabrikk skal gå føre seg. Reglane skal tilfredsstille FNs berekraftsmål.

Lag ei prioritert liste med nokre viktige reglar eller krav til bedriftsleiingane. Forklar korleis reglane heng saman med FNs berekraftsmål.

Kjelde

Sjåfjell, B. (2019, 8. januar). Sustainability hotspots analysis of the mobile phone lifecycle. https://www.smart.uio.no/publications/reports/sustainability-hotspots-analysis-of-the-mobile-phone-lifecycle.pdf

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2023

Læringsressursar

Jakta på den berekraftige mobilen