Mineral og mobilar
Kva er eit mineral?
Mineral er bygd opp av eitt eller fleire grunnstoff. Steinar og bergarter består av ulike mineral. Det finst over 4800 ulike mineral. Nokre av desse er verdifulle fordi dei har spesielle eigenskapar. Enkelte stader finn vi ekstra mykje av bestemte mineral i berggrunnen. Nokre av desse førekomstane er økonomisk drivverdige. I gruver og dagbrot blir det henta mineral ut av berggrunnen.
I filmen ser vi døme på nokre mineral som blir henta ut av berggrunnen i Noreg. Geologien og kva slags bergarter som finst, varierer etter kor vi er i verda. Vanlege mineral kan finnast i heile verda, mens andre mineral finst berre eitt eller nokre få stader på kloden.
Sjå filmen "Fra steinalder til bergindustri på 1-2-3"
- Gi døme på korleis menneske har henta ressursar frå berggrunnen gjennom historia.
- Kva for mineral og bruksområde til desse blir det gitt døme på i filmen?
- Finn døme på mineral som har blitt i, eller blir henta ut frå, berggrunnen i Noreg.
Metall i mobiltelefonar
For å produsere ein mobiltelefon trengst det rundt 40 ulike metall. Metall består av ulike mineral. Klikk på informasjonsknappane i biletet for å lese meir om kva metall du finn i dei ulike delane av mobiltelefonen din.
Utømmelege kjelder?
Det tek millionar av år å danne bergarter. Dei geologiske prosessane pågår heile tida på jorda, men det tek lang, lang tid før nye mineralførekomstar oppstår. Somme mineral er veldig sjeldne, mens andre er meir vanlege. Viss vi held fram med utvinning i same takten som i dag, vil det bli tomt for enkelte mineralressursar.
Grunnstoff
Grunnstoff er stoff med berre éin type atom. Grunnstoff er byggjesteinar i mineral. Edle metall som gull og sølv finst som reine (grunnstoff) i naturen. Uedle metall som jern og aluminium er bundne til andre grunnstoff i mineral. Det blir krevd mykje energi for å få reine metall frå mineral.
Figuren under viser ulike grunnstoff. Her kan du sjå kor vanlege dei er og kva for nokre av dei som blir brukte i mobiltelefonar.
Tilgang til stoffa | Grunnstoffsymbol |
---|---|
God tilgang | C, O, Si, K, Ta, Pr, Eu, Gd, Tb, Br, Al |
Begrensa tilgang. Moglegheit for mangel i framtida. | Li, Mg, P, Ni, Cu, Sb, Pb, Nd, W, Au, Sn |
Aukande fare for å bli forbrukt på grunn av aukande bruk. | Co, Dy |
Alvorleg fare for at det er oppbrukt i løpet av dei kommande 100 åra | Y, Ga, In, Ag |
Syntetiske grunnstoff | Tc, Pm |
Blir utvunne fra såkalte konfliktmineraler | Ta, W, Au, Sn |
Bruk informasjonen over og finn ut:
Kva betyr bokstavane? Finn namna på grunnstoffa. For å finne svaret kan du bruke det periodiske systemet.
Kva for grunnstoff blir brukte i produksjon av mobiltelefonar?
- Bruk biletet lenger opp på sida med døme på kva metall som finst i ein mobiltelefon. Noter døme på kor i telefonen dei ulike grunnstoffa blir brukte.
- Er minerala som blir brukte i mobiltelefonar ein fornybar ressurs? Grunngi svaret.
Kva er eit stoff?
Grunnstoff, mineral, metall – i denne artikkelen er det brukt ein del omgrep. Figuren under forklarer forskjellen på ulike typar stoff.
Diskusjonsoppgåve:
Langs Hardangerfjorden finst ein førekomst av mineralet kvarts. Kvartsen her er av høg kvalitet. Kvarts blir brukt i minnebrikker til datamaskinar, i optiske fibrar, mobiltelefonar og solceller.
Bør denne kvartsen utvinnast? Kva argument er det for og imot å opne opp for å ta ut dette mineralet?
De kan lese meir om førekomsten av kvarts ved Hardangerfjorden på nettsida til Norges geologiske undersøkelse.