Materiale i mobilkroppen
Ein mobiltelefon består av mange delar. Den delen vi held i, sjølve mobilkroppen, er kanskje den største. Kva for materiale bør mobilkroppen vere laga av – viss vi skal lage ein berekraftig mobil?
Sjølve mobilkroppen er vanlegvis laga av metall, glas, plast eller eit keramisk materiale. Lag ei oversikt over fordelar og ulemper ved dei ulike materiala med tanke på
- utsjånad
- funksjonalitet
- pris
- berekraft
- Viss berekraft var det viktigaste kriteriet, kva for materiale ville du valt? Forklar valet ditt.
Relatert innhald
Nettside hos androidcentral.com
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021