Undersøk gruvedrift i Kongo
Gjennom gruvedrift i Kongo blir det gravd ut mineral som blir brukt i mobiltelefonane våre. Det er konfliktar, brot på menneskerettane og sosiale problem knytte til gruvedrifta. I tillegg har dette miljømessige utfordringar.
Kjelde
OD-dagen i 2019 gjekk til undervisning, opplæring om rettar og støtte til barn og unge som jobbar i gruvene i Aust-Kongo. Du kan lære meir om forholda dei jobbar under ved å sjå på kampanjesiden for OD 2019.
Oppgåve
- Finn ut kvifor gruvene og gruvearbeidet i delar av Kongo blir utnytta av militære grupper.
- Korleis er arbeidsforholda i gruvene? Kvifor er det mange unge som jobbar i gruvene?
- Kva er det som gjer at utvinninga av mineral frå desse gruvene er dårleg nytt når det kjem til berekraft både når det gjeld sosiale forhold og miljø?
- Finst det gruvedrift som ikkje utnyttar arbeidskraft og skaper konfliktar i lokalområdet? Undersøk gruvedrift og mineralutvinning i Kongo.
- Når du har jobba med desse spørsmåla – kva tenkjer du om forbruket vårt av mobiltelefonar og nettbrett? Kva kan løysinga vere viss ein framleis er avhengig av desse minerala for å produsere denne typen teknologi?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 12.11.2019