Samanlikn ulike typar batteri
Sjølv om litiumbatteriet i mobiltelefonen din har mange fordelar, så får det raskt dårleg yting. Eit batteri med dårleg yting er ein viktig grunn til at mange kjøper ny telefon. Kjem det snart batteritypar som er betre? Vurder tre typar batteri ut ifrå miljø, yting, pris og varigheit.
Filmen viser ein test av eit såkalla faststoffbatteri.
Oppgåve
Kor godt kriterium | Litium-ionebatteri | Algebatteri | Faststoffbatteri |
---|---|---|---|
Pris | |||
Miljø | |||
Storleik | |||
Gjenvinning | |||
Energitettleik | |||
Teknologien moden? | |||
Levetid | |||
Sikkerheit |
- Undersøk eigenskapane til litium-ionebatteri, algebatteri og faststoffbatteri. Du kan bruke tabellen over til å registere det du finn ut.
- Få oversikt over batteritypane, samanlikn eigenskapane og vurder kor godt dei ulike batteritypane er eigna til bruk i ein mobiltelefon.
Avgjer kor stor vekt dei ulike kriteria skal ha. Bruk til dømes eit rekneark for å lage ein modell som bereknar ein skår som viser kor godt eigna batteritypen er med tanke på bruk i mobiltelefonar og bærekraft.
Relatert innhald
Nettside hos forskning.no
Nettside hos tu.no
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021