Lag reklamefilm om berekraftig mobilforbruk
Lag ein reklamefilm som er retta mot ungdom i alderen 16–25 år. Formålet med filmen er å få mottakarane til å ta smarte og berekraftige val når det gjeld mobiltelefonar.
Oppgåve
Del 1 – forarbeid
Diskuter og set ned nokre argument på kvart punkt:
- Kvifor er det ikkje berekraftig å halde fram med det forbruket vi har av mobiltelefonar i dag? Sjå på til dømes miljøbelastningar, ressursknappleik og barnearbeid.
- Korleis kan vi redusere belastninga på miljøet?
- Kva for løysningar finst for å sikre rettferdig lønn og gode arbeidsføresetnader for arbeidarar i mobilproduksjonen?
Hugs å skrive ned kjeldene de bruker for å finne desse argumenta. Dei skal de setje inn på slutten av filmen.
Del 2 – lag dreiebok
Du bør ha ein god plan for korleis filmen skal sjå ut. Planlegg korleis du kan overtyde mottakaren til å ta dei gode og berekraftige vala.
- Kva argument av dei du skreiv ned i del 1 vil du bruke i filmen?
- Korleis kan du bruke bilete, tekst og lyd til å understreke argumenta dine?
- Lag ei dreiebok (storyboard) som beskriv korleis filmen skal sjå ut.
- Tips! Bruk gjerne pinnedokker som "skodespelarar".
Lær korleis du kan lage ei dreiebok i denne artikkelen frå Medie- og informasjonskunnskap: Storyboard (dreiebok)
Del 3 – lag filmen
- Bruk gjerne mobiltelefonen til å lage filmen. Du kan også bruke stillbilete.
- Set saman i eit redigeringsprogram du kjenner. Dei fleste elevar har tilgang til appen "Bilder" på skule-PC-en sin.
På slutten av filmen skal det inn ei kjeldeliste og ein sluttplakat.
I kjeldelista fører du opp kjeldene bak argumenta du har brukt i filmen.
På sluttplakaten krediterer du dei som har laga innhald du bruker, til dømes bilete og musikk.
Vurdering
Du har laga ein film med høg måloppnåing når filmen
- gir mottakarane informasjon om korleis dei kan ta smarte og berekraftige val når det gjeld mobiltelefonar
- overtyder mottakaren ved hjelp av relevante og haldbare argument
- har bilete, tekst og lyd som understrekar argumenta
- oppgir pålitelege kjelder
- krediterer opphavspersonar til bilete, tekst og musikk som er brukt