Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppspress

Ifølgje undersøkingar opplever kvar fjerde ungdom ei form for kroppspress. Kva er kroppspress? Kven er mest utsett, og korleis kan vi redusere presset?
Ung fitness-kvinne i shorts og topp tek ein selfie av kroppen sin klar til å delast på sosiale medium. Foto.

Kva er kroppspress?

Kroppspress betyr at vi kjenner press og forventning til at kroppen vår burde sjå ut på ein bestemd måte. Kroppspresset kan auke når vi samanliknar kroppen vår med kroppsideal. Vi kan då utvikle eit negativt kroppsbilete, kroppsmisnøye og kroppskompleks.

Kroppsbilete

Når vi snakkar om kroppsbilete, handlar det om korleis du ser på kroppen din utanfrå – kva du seier, tenkjer og føler om kroppen din. Kroppsbilete er lett påverkelege og blir påverka av miljøet rundt. Du kan til dømes ha fått eit negativt kroppsbilete fordi mange har snakka negativt om kroppen du har. Kroppsbiletet ditt heng saman med sjølvkjensla di. Kritiske kommentarar om kroppen din kan skape auka usikkerheit og dårlegare sjølvkjensle. Viss du er usikker og har dårleg sjølvkjensle, kan det òg vere vanskelegare å stå imot kroppspress.

Fire rekkjer med mange forskjellige typar menneske: vaksne, barn, gamle og personar med nedsett funksjonsevne. Dei har ulikt kjønn og ulik kroppsfasong, hårfrisyre og klesdrakt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonale tal frå Ungdata

Stadig fleire ungdommar slit med kroppskompleks. Kvinner rapporterer meir kroppsmisnøye enn menn, og i Noreg rapporterer 35 % av jenter og 10 % av gutar at dei opplever mykje press om å sjå bra ut. Gutar er meir nøgde med kropp og utsjånad enn jenter (41 % mot 20 %). Til dømes meiner somme ungdommar at dei har for stor eller for liten nase, for små eller for store bryst.

Kroppsideal

Vi lever i ei tid med mykje fokus på kropp og kroppsideal. Kroppsideal er førestillingar om korleis du skal sjå ut, og kva som er den “perfekte” kroppen. Dagleg blir vi utsette for retusjerte bilete frå sosiale medium og reklame- og påverkarbransjen. Dei kan få oss til å tru at vi skal sjå ut på ein bestemd måte. Mange prøver å tilpasse seg kulturen sine kroppsideal.

Kroppsideal skaper kroppspress, fordi dei er konstruerte ideal. Kroppsideal verkar ekskluderande, sidan dei ikkje representerer mangfaldet av ulike kroppar som finst i samfunnet vårt. Til dømes kan eit bilete av eit ungdomsansikt med kviser bli retusjert til å sjå heilt glatt ut.

Retusjering av bilete forfalskar verkelegheita, og bileta kan lure oss til å tru at kroppar skal sjå glatte og plettfrie ut. Forsking seier at det er ein samanheng mellom samfunnet sine idealiserte kroppar og eit negativt kroppsbilete.

Kjønnsstereotypiar

Dei fleste bileta av kroppar gir inntrykk av at det berre finst éin type kvinnekropp og éin type mannekropp. Slike konstruerte bilete av korleis kroppane våre skal sjå ut, skaper auka kroppspress og gjer at mange kjenner seg utanfor.

Illustrasjon av den fiktive karakteren Lara Croft.

Trendar

Kroppsideal blir endra. I gamle dagar var det eit ideal å ha ein kropp med runde og frodige former, fordi det symboliserte fruktbarheit. I moderne tid kom tynnheitsidealet. Frå 2000-talet blei tynnheit erstatta med eit atletisk ideal. Musklar har blitt eit ideal. Det ser vi mellom anna i filmar der kroppar er manipulerte, slik at musklane skal sjå enorme ut. Teikneseriar viser òg karikerte musklar.

Kven er utsett?

I ungdomstida skjer det mange endringar med kroppen. Derfor følgjer ungdom ofte med i spegelen og samanliknar kroppar litt meir enn andre aldersgrupper. Det er bra å følgje med på endringa i kroppen frå barn til vaksen. Men kroppspresset kjem viss du samanliknar deg veldig ofte med idealkroppar på bilete og film. Og viss unge ser at dei som byggjer kropp og fiksar på utsjånaden, får mykje merksemd, kan dei tru at det er lurt å herme.

Utvendig fokus

Fokuset på utsjånad og kropp kan utkonkurrere fokuset på indre kvalitetar. Det er ein av grunnane til at så mange kjenner på kroppspress. Når idealkroppar blir tillagde “marknadsverdi” og blir ein målestokk på suksess til dømes på datingmarknaden, så blir kroppen beskriven som ei vare. Når vi blir omtalte som om vi var ein gjenstand og målt etter eit uoppnåeleg kroppsideal, vil vi kjenne oss verdilause og få dårlegare sjølvkjensle.

For å unngå dette kan vi i større grad fokusere på vår eigen og andre sin personlegdom og indre kvalitetar. Du kan til dømes seie noko hyggjeleg til deg sjølv og andre om kven de er og kva de gjer: "Eg er ein god ven." "Du er morosam." "Eg gjer rommet mitt kult." "Du er ein eg verkeleg kan stole på."

Påverknadskjelder

Dei tre viktigaste påverknadskjeldene er media, familie og jamaldra. Desse tre kjeldene kan påverke kroppsbiletet og sjølvkjensla vår mest. Har du gode relasjonar som stadfestar dei indre eigenskapane dine, styrkjer det sjølvkjensla di, og du kan bli betre i stand til å stå imot kroppspress. Også kroppspositivistar som er stolte av kroppen sin, sjølv om han bryt med kroppsideala i reklamebransjen, kan bidra til at fleire får eit positivt kroppsbilete.

Lover om merking

Når bilete av kroppar er retusjerte slik at dei liknar eit konstruert ideal, får vi ikkje sjå at kroppar kjem i uendeleg mange variasjonar. Fleire land innfører lover som pliktar sosiale medium og reklame- og påverkarbransjen til å merke bilete der kroppsfasongar er endra ved retusjering. Slike lover gjer tydeleg når eit bilete av ein kropp ikkje er ekte. Merkinga kan derfor hindre kroppspress blant unge.

Marknadsføringslova om merking

Stortinget endra marknadsføringslova 2. juni 2021 med verknad frå 1. juli 2022. Etter denne endringa skal all reklame der kroppsfasong, kroppsstorleik og/eller hudfarge er retusjert eller endra på, bli merka. Regelen gjeld alle utøvarar innanfor reklame, også påverkarar.

Kropp og sjølvkjensle

Særleg kvinner har i lang tid opplevd at kroppen deira har blitt vurdert etter det ytre. Det blir kalla å bli objektivisert eller redusert til ein pyntegjenstand. Å bli evaluert etter utsjånaden kan gi låg sjølvkjensle. Kroppspresset kan føre til at mange skammar seg over kroppen sin, sidan dei opplever at han ikkje lever opp til kroppsideala i samfunnet. Somme prøver derfor å endre kroppen med slanking, overdriven trening og kosmetiske operasjonar for å likne desse kroppsideala.

Ei gruppe kvinner står og poserer med protestplakatar. Dei er kledde i kvite t-skjorter og mørke jeans, og dei representerer eit mangfald av kroppsfasongar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å "unngå" kroppen sin

Somme slit så mykje med kroppspress, at dei ikkje vil kle av seg, slik at andre ser kroppen deira. Dei vil til dømes kle av seg i mørket eller unngå fellesgarderobar. Dei kan òg ha så stor avstand til sin eigen kropp, at dei lèt vere å lytte til signal kroppen gir. For dei som ikkje liker kroppen sin, kan det vere vanskeleg å merke eigne kjensler. Å "unngå" kroppen sin kan òg føre til at nokon isolerer seg.

Tips

Det kroppspresset du og andre ungdommar kan oppleve i dag, er i stor grad skapt av samfunnet rundt deg. For å kjempe mot kroppspress må vi derfor arbeide saman for å skape nye og meir inkluderande kroppsideal og avgrense det skadelege kroppsfokuset i samfunnet. Samtidig er det fleire ting vi òg kan gjere sjølv for å minske kroppspresset:

  • Prøv å ikkje samanlikne kroppen din med andre sin. Det finst berre éin av akkurat din kropp i heile verda, og han er heilt unik. Det er ikkje meininga frå naturens side at alle kroppar skal vere like.

  • Prøv å ikkje sjå så mykje på kroppsideala moteindustrien og reklamen presenterer. Bileta er ofte retusjerte. Kroppen din derimot er skapt av naturen.

  • Prøv å fokusere på andre ting enn utsjånad når du er saman med vener. Det er det indre, som personlegdommen, de bør ha fokus på.

  • Prøv å avsløre korleis bilete og ord prøver å påverke og selje kroppsideal. Ta eigarskap til din eigen kropp.

  • Prøv å ikkje bruke ord som "tynn" og "tjukk", for orda avslører at vi samanliknar kroppar mot ei kroppsnorm eller ein fasit.

  • Prøv å la det innvendige få bety meir enn det utvendige. Ikkje la deg lure til å tru at utsjånaden har meir verdi enn det indre.

  • Prøv å vere stolt av kroppen din uansett vekt, storleik og fasong. Når du er glad i kroppen din akkurat slik han er, utstråler du sjølvtryggleik.

  • Prøv å lytte til dei snille stemmene i hovudet ditt som seier at du og kroppen din er gode nok.

Hjelpetilbod

Blir kroppspresset for stort, kan det føre til psykiske problem. Viss du kjenner stort kroppspress og kjenner at du treng nokon å snakke med, kan du ta kontakt fleire stader. Får du ikkje hjelp den eine staden, kan du prøve ein annan stad. Ikkje gi opp. Du kan til dømes snakke med vener, foreldre, lærarar, rektor, rådgivar eller sosiallærar på skulen din. Du kan òg ta kontakt med helsesjukepleiar, skulepsykolog eller fastlegen din.

Relatert innhald


Kjelder

Bakken, A. (2018). Ungdata 2018: Nasjonale resultater (NOVA rapport 8/18). NOVA. https://hdl.handle.net/20.500.12199/5128

Eriksen, I.M., Sletten, M.A., Bakken, A. & von Soest, T. (2017). Stress, press og psykiske plager blant unge. Ungdata.no. https://www.ungdata.no/stress-press-og-psykiske-plager-blant-unge/

Eriksen, I.M. & Walseth, K. (2021). Med kropp som prosjekt. I G. Ødegård & W. Pedersen (Red.), UNGDOMMEN. (Kap. 7, s. 153–172). Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.142.ch7

Flekkøy, G.K. (2020). Slik kan ungdom takle kroppspresset. Forskning.no. https://forskning.no/barn-og-ungdom-norges-idrettshogskole-partner/slik-kan-ungdom-takle-kroppspresset/1653424

Hva er kroppspress, og hvordan stå imot? (2018). (Video).(Endra 12. april 2021). Psykologspesialist Kari Anne Vrabel. https://www.psykologforeningen.no/publikum/informasjonsvideoer/videoer-om-livsutfordringer/hva-er-kroppspress

Nylander, K.S. (2018). Rapporten “Prosjekt Perfekt”. Press sin rapport om kroppspress 2018. Redd barna Ungdom Press. https://press.no/wp-content/uploads/2018/03/Rapport-digital2.pdf

Sundquist, J. (2021). Vil stramme inn regelverket for å motvirke kroppspress blant unge. Det opplyser regjeringen i en pressemelding onsdag. Psykologisk.no. https://psykologisk.no/2021/01/vil-stramme-inn-regelverket-for-a-motvirke-kroppspress-blant-unge/

CC BY-SASkrive av Stine Kühle-Hansen .
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022

Læringsressursar

Kroppspress