Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Kroppspress

Kroppspress er ei utfordring for mange ungdommar i dag. Lytt til ein podkast om kroppspress, og reflekter over kva kroppspress er, og kva vi kan gjere med det.

Oppgåve 1. Før du lyttar til podkasten

  1. Kva er kroppspress, tenker du?

  2. Kva er dei viktigaste årsakene til kroppspress blant ungdom?

Oppgåve 2. Nøkkelord og refleksjonsnotat

Skriv ned nøkkelord mens du lyttar til podkasten, og bruk dei til å skrive eit kort refleksjonsnotat etterpå. Like under podkasten finn du eit digitalt skjema du kan bruke til denne oppgåva.

Jonis Josef framfor ein mikrofon, med teksten "Hva vet jeg?". Foto
Kva veit eg?

Kroppspress

Kva er kroppspress, kva konsekvensar kan det få og kva kan vi gjere med det? Jonis Josef snakkar med psykolog og forskar KariAnne Vrabel ved Universitetet i Oslo om kroppspress, kroppsmissnøye og krop...

0:00
-0:00

Oppgåve 3. Etter at du har lytta til podkasten

  1. Kva er forskjellen mellom kroppspress og kroppsmisnøye?

  2. Kva er årsakene til kroppspress og kroppsmisnøye?

  3. På kva måte skil kroppsideala i Noreg i dag seg frå kroppsideala i andre kulturar og historiske periodar?

  4. Kva former for kroppspress tenker du er mest utbreidd i miljøet ditt og på skulen din?

  5. Diskuter kva for nokre negative konsekvensar kroppspress kan føre til.

  6. Diskuter kva du sjølv, skulen og samfunnet kan gjere for å avgrense og hindre kroppspress.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2022

Læringsressursar

Kroppspress