Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

Det er mykje fokus på utsjånad og kropp i samfunnet vårt. Fleire ungdommar fortel at dei opplever eit press om å sjå ut på ein bestemd måte, og fleire er misnøgde med sin eigen kropp.

I denne læringsstien skal du

  • få kunnskap om kva kroppspress, kroppsbilete, kroppsideal og kroppsmisnøye er
  • reflektere over kvar kroppspress kjem frå, og kva konsekvensar det kan få
  • diskutere kva de sjølv og samfunnet kan gjere for å minske kroppspress
  • utforske samanhengen mellom sosiale medium og kroppspress

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet kroppspress. De kan gå gjennom alle trinna i læringsstien eller velje ut enkelte delar.