Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Garderoben og dusjen

For nokre er garderoben og dusjen ein heilt naturleg del av det å ha ein kroppsøvingstime, mens andre opplever det som problematisk. I desse oppgåvene skal du få diskutere problemstillingar knytte til bruk av nettopp garderoben og dusjen.

Garderoben har indirekte alltid vore ein del av kroppsøvingsfaget, der du skal skifte tøy og dusje i samband med timen. Mellom 1965 og 1985 vart det bygd mange idrettsanlegg med tilhøyrande garderobe og dusj i Noreg. Det skjedde fordi velferdsstaten i stadig større grad ønskte å legge til rette for å ta vare på helsa til innbyggarane gjennom fysisk aktivitet, trening og sosialt samvær. God hygiene var viktig for helsa. Derfor vart det bygd garderobar med dusj slik at alle kunne dusje etter fysisk aktivitet og på denne måten førebygge sjukdom.

I dag får kroppen ein annan type merksemd. Det florerer med retusjerte bilete av perfekte kroppar i reklamar og i sosiale medium, og for mange har kroppen vorte eit slags symbol på suksess og det å vere vellykka. Det er vanskeleg å vite kva som er ein vanleg kropp, og spesielt unge menneske er utsette for eit stort kroppspress. Kvifor er det så mange som gruer seg til å vere i garderoben? Er det greitt å droppe dusjen etter aktivitet? Kroppane våre er ulike, og det må vi respektere, men kva betyr eigentleg det? Dette og meir skal du få diskutere i desse oppgåvene.

1. Reflekter på eiga hand

  • Kva slags forhold har du til garderoben og dusjen i samband med kroppsøvingsundervisninga på skulen?

  • Kvifor trur du at du har eit slikt forhold til garderoben og dusjen?

  • Korleis skulle du ønske det var om du fekk bestemme? Grunngi svaret ditt.

2. Sjå filmen

3. Diskuter i grupper

  • Kva slags forhold har de til nakenskap?

  • Er det greitt å kommentere kroppen til andre? Grunngi svaret.

  • Er det greitt å ta bilete av andre i garderoben? Diskuter personvern og .

  • Vil det å skifte i same garderobe, dusje samtidig og vere naken i same rom bidra til meir eller mindre kroppspress? Grunngi svaret.

  • Kva tenker de er rolla til kroppsøvingslæraren når det gjeld garderoben og dusjen?

  • Kor viktig er det for hygienen at vi dusjar og vaskar oss etter at vi har vore fysisk aktive?

  • Kva ansvar har de som klasse/medelevar for at alle skal kjenne seg trygge i garderoben? Kom med konkrete forslag til kva de som klasse kan gjere.

  • I læreplanen for kroppsøving står det at ein skal "anerkjenne ulikskap og inkludere alle". Kva trur de dette betyr? Omfattar dette òg garderoben? Grunngi svaret.


Kjelde

Olstad, F. (2020, 3. november). Fra løkka til organisert idrett. Norgeshistorie.no. https://www.norgeshistorie.no/oljealder-og-overflod/1956-fra-lokka-til-organisert-idrett.html

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Kroppspress