Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er kroppspress?

Kva er kroppspress? Kvar kjem det frå, og kva kan vi gjere for å minske det?
Ung fitness-kvinne tek ein selfie av kroppen sin. Ho har på seg ein kort, frynsete denim-shorts og ein kort, frynsete, kvit topp.   Foto.

1 og 1

  1. Kva er kroppspress?

  2. Kvar kjem kroppspresset frå?

  3. Kva kan vere konsekvensane av kroppspress?

  4. Er det mykje kroppspress blant ungdommar der du bur?

2 og 2

Diskuter og samanlikn dei svara de kom fram til i spørsmålet over. Kva er likt? Kva er ulikt?

4 og 4

Diskuter i grupper.

  1. Kva er kroppspress? Lag ein definisjon av kroppspress i fellesskap.

  2. Kvar kjem kroppspresset frå? Bli einige om minst tre viktige årsaker og kjelder til kroppspress.

  3. Er det mykje eller lite kroppspress blant ungdommar på skulen dykkar? Kvifor? Kvifor ikkje?

  4. Kva kan gjerast for å hindre kroppspress? Bli einige om noko de sjølv eller samfunnet kan gjere for å minske kroppspresset.

Utforsk:

Gå inn på ungdata.no og sjekk om ungdommane på den vidaregåande skulen din opplever press om å sjå bra ut eller ha ein fin kropp. Du finn resultata i kapittelet om helse i kommunerapporten for skulen din (viss han er med i undersøkinga).


CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2023

Læringsressursar

Kroppspress