Oppskrift på ein konspirasjonsteori
I oppgåva "Lag dykkar eigen konspirasjonsteori" skal du setje deg inn i kva som ligg i konspirasjonsteoriar, og utforske korleis ein konspirasjonsteori er konstruert for å manipulere menneske. Du skal lære å gjere greie for kjenneteikn ved konspirasjonsteoriar og vurdere korleis ein konspirasjonsteori er sett saman. Deretter skal du lage din eigen konspirasjonsteori basert på ei "oppskrift".
Ein måte å nærme seg temaet på er bruke varierte ressursar om konspirasjonsteoriar. I tillegg til fagartiklar kan du bruke podkast, digitale spel og ulike Fordjup deg vidare-oppgåver for å skaffe deg oversikt over temaet. Deretter skal du setje deg inn i kvifor så mange trur på konspirasjonsteoriar, før du sjølv skal "lage" din eigen konspirasjonsteori.
Ein måte å jobbe med det tverrfaglege temaet konspirasjonsteoriar på i klassen kan vere å gjere det til eit prosjekt som går over ein avgrensa periode. Konspirasjonsteoriar er eit viktig og sentralt tema som inngår i læreplanane i ulike fag. Temaet eignar seg derfor godt som utgangspunkt for tverrfagleg samarbeid, og det er mange moglegheiter for å nærme seg temaet frå ulike vinklar, i ulike fag.
Det finst fire opplegg på NDLA som tek for seg konspirasjonsteoriar frå ulike innfallsvinklar. Desse kan kombinerast og til dømes bli brukte til gruppearbeid i eit tverrfagleg prosjekt:
Artikkel: "Oppskrift på ein konspirasjonsteori"
Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, engelsk, historie, religion og etikk, mediesamfunnet 1, mediesamfunnet 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap, sosiologi og sosialantropologi