Hopp til innhald

Fagstoff

Konspirasjonsteoriar

For mange kan konspirasjonsteoriar vere underhaldande og spennande, men dei kan òg vere farlege for både enkeltpersonar og samfunnet. Kva er eigentleg ein konspirasjonsteori, og kva kjenneteiknar dei?

Kva er ein konspirasjonsteori?

Ein konspirasjonsteori er ein forklaringsmodell eller ein teori om at ting som er gale i verda, skjer fordi mektige grupper i hemmelegheit samansver seg for å fremme sin eigen, skjulte dagsorden. Desse teoriane eller førestillingane kan komme til uttrykk i alt frå kompliserte forklaringar til enkle forteljingar.

Konspirasjonstenkarar er som regel kritiske til den allment aksepterte versjonen av noko og hevdar å ha funne ut kva som "eigentleg" har skjedd. Bevisa som konspirasjonsteoretikarar nyttar seg av, er vanskelege å få tak på, og teoriane verkar gjerne som ulogiske og usamanhengande. Fakta er ikkje noko konspirasjonsteoretikarar nødvendigvis tek omsyn til, og ofte er dei naive og godtruande til informasjon som støttar verkelegheitsoppfatninga deira.

Kritisk tenking og skepsis er viktig, og konspirasjonstru er det motsette av kritisk tenking. I verktøykassa til NDLA finn du ulike tips til korleis du kan tenke kritisk og utøve god kjeldekritikk, til dømes i artikkelen "Kritisk tenking".

Ein skjult plan

Sentralt i konspirasjonstenking er eksistensen av ein større plan. Det som tilsynelatande kan sjå ut som slump, er eigentleg samanhengar i ei samansverjing. Det er desse skjulte samanhengane i samfunnet konspirasjonstenkarar hevdar å ha avslørt. Den amerikanske statsvitaren Michael Barkun bruker tre kriterium for å beskrive eit slikt konspiratorisk verdsbilete:

  1. Ingenting skjer tilfeldig.

  2. Ingenting er kva det ser ut til å vere.

  3. Alt heng saman med alt.

Personar eller grupper som ofte blir skulda for å stå bak slike samansverjingar, blir gjerne oppfatta som upopulære. Konspirasjonsteoriar kan slik brukast til å demonisere grupper i samfunnet. Dette kan vere styresmakter, rike og mektige menneske eller minoritetar som jødar eller muslimar. Desse skal ifølge konspirasjonsteoretikarane ha ein skjult dagsorden om å oppnå fordelar for seg sjølv eller realisere ein komplisert vond plan.

I dag blir gjerne konspirasjonsteoriar brukte saman med falske nyheiter som propaganda for å fremme fiendebilete eller for å spreie usikkerheit.

Asbjørn Dyrendals sju kjenneteikn på konspirasjonsteoriar:

Professor Asbjørn Dyrendal ved NTNU har identifisert sju kjenneteikn på konspirasjonsteoriar:

  1. Konspirasjonsteoriar speler på kjensler som sinne, usikkerheit, angst og rettferdssans. Ofte blir det identifisert ein vond skurk som står bak forferdelege handlingar.

  2. Det er større sjanse for at du liker eller spreier ein konspirasjonsteori som set folk du sjølv ikkje liker i eit dårleg lys.

  3. Konspirasjonsteoriar lagar ofte eit bilete der du ikkje har noko ansvar. Du er eit uskyldig offer. Konspirasjonsteoriane sår tvil om store utfordringar som klimaendringar, vaksinasjon og demokrati.

  4. Konspirasjonsteoriar blir opplevd som meir spennande enn verkelegheita. Du får ei kjensle av å sjå samanhengar andre ikkje ser. Dette kan på ein måte samanliknast med å ha løyst ei gåte.

  5. Ein konspirasjonsteori involverer mange menneske, noko som gjer det vanskeleg å halde teorien hemmeleg. Dette skaper mistillit til styresmakter, ekspertar og maktpersonar.

  6. Konspirasjonsteoriar stadfestar det alternative verdsbiletet ditt. Fagpersonar som legar, forskarar og akademikarar kan ikkje stolast på. Konspirasjonsteoretikarar bruker alternative kjelder som stadfestar det du allereie trur.

  7. Konspirasjonsteoriar oppstår ofte når det skjer noko vi ikkje forstår. Når vi blir redde og usikre, søker vi etter svar og samanhengar.

URIX: "Konspirasjonsteoriene"

I URIX-episoden "Konspirasjonsteoriene" på NRK nedanfor kan du lære meir om kva ein konspirasjonsteori er, kven som trur på konspirasjonsteoriar, og kvifor slike teoriar kan vere farlege.

Viss du ikkje vil sjå heile episoden, kan du sjå følgande klipp:

NRK: Hva er en konspirasjonsteori?

NRK: Hvem tror på konspirasjonsteorier?

NRK: Avsløring av konspirasjonsteorier med matte

NRK: Konspirasjonsteorier verden rundt

Ulike typar konspirasjonsteoriar

Det finst mange ulike typar konspirasjonsteoriar, så det kan vere formålstenleg å dele dei inn i tre typar etter omfang og fokus:

Teoriar om hendingar

Dette er alternative forteljingar som ofte tek utgangspunkt i historiske hendingar. Teoriane består av utvalde fakta og spekulasjonar som til saman beviser at det har skjedd ein konspirasjon.

Drapet på den amerikanske presidenten John F. Kennedy og terrorangrepet mot USA 11. september 2001 har vore utgangspunkt for ei rekke ulike konspirasjonsteoriar. I desse hendingane har amerikanske styresmakter blitt utpeikte som ein medverkande part eller som den eigentlege skyldige aktøren.

Viss ein konspirasjonsteori om hendingar blir for omfattande, kan han utvikle seg til det vi kallar for ein systemkonspirasjonsteori.

Teoriar om system

Systemkonspirasjonsteoriar handlar om ei vond samansverjing som øydelegg eller tek over ei rekke samfunnssystem. Dette kan vere alt frå nasjonar, religionar, kulturar eller økonomi. Slike teoriar handlar ofte om ei gruppe som bruker kreftene sine til å undergrave samfunnet. Opp gjennom historia finst det fleire døme på slike konspirasjonsteoriar som har blitt brukte for å skade eller svekke minoritetsgrupper.

Ein av dei mest kjende konspirasjonsteoriane handlar om at jødane har ein plan om verdsherredømme. Adolf Hitler og nazistane spelte på denne teorien og brukte han som påskot for dei systematiske angrepa sine på jødane i i Europa, som til slutt enda med folkemordet holocaust. Eit anna døme er konspirasjonsteorien om eit Eurabia der muslimane, i samarbeid med vestlege politikarar, har ein plan om ta over Europa ved å byte ut befolkninga.

Superkonspirasjonsteoriar

Superkonspirasjonsteoriar er alle tenkelege teoriar som har smelta saman i eit gedige, uoversiktleg komplott. Qanon er ein slik konspirasjonsteori, som på mange måtar er ei oppsamling av ei rekke konspirasjonsteoriar som har eksistert i USA dei siste 50 åra. Ifølge ekstreme Qanon-tilhengarar blir verda styrt av eit verdsomspennande nettverk av satanistiske, babyofrande, pedofile kannibalar.

Plakatar med falsk informasjon i eit vindauge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finst det konspirasjonar som er sanne?

I historia finst det døme på samansverjingar og konspirasjonar der grupper av menneske har samarbeidd for eigne fordelar. Watergate-skandalen i USA og kuppet i Chile er døme på slike hendingar, der styresmakter faktisk har konspirert for å oppnå ulike mål. I tillegg har korrupte leiarar fleire gonger ført befolkninga bak lyset for å snylte på felles gode. Dette er likevel ikkje det same som ein konspirasjonsteori.

Omgrepet konspirasjonsteori viser til noko anna og blir ofte brukt som ei nedsettande nemning for å signalisere at forklaringa er prega av logiske feil og problematisk omgang med fakta. Konspirasjonsteoriar er ofte fantasifulle og særs innfløkte, mens reelle samansverjingar gjerne er mindre omfattande, ikkje så godt planlagde og prega av at dei som står bak, oftare legg frå seg spor.

I verkelegheita vil ein enorm konspirasjon involvere ulike etatar, institusjonar og mange menneske. Problemet med slike er at det er vanskeleg å halde dette skjult for offentlegheita. Sjansen for at slike samansverjingar blir avslørte, er altså stor.

Relatert innhald

Kjelder

Dyrendal, A. (2019, 23. april). Konspirasjonsteorier. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/konspirasjonsteori

Dyrendal, A. & Emberland, T. (2019) Hva er konspirasjonsteorier?. Universitetsforlaget.

Færseth J. (2017) KonspiraNorge. Humanist forlag. Oslo.

Kjørstad, E. (2018, 4. oktober). Personer som tror på konspirasjonsteorier, ser verden som et farlig sted. I Forskning.no. Henta frå https://forskning.no/psykologi/personer-som-tror-pa-konspirasjonsteorier-ser-verden-som-et-farlig-sted/1244782

Mørtvedt M.A. & Hofseth, A. (2019, 25. november) Slik kjenner du igjen en konspirasjonsteori. I NRK. Henta frå https://www.nrk.no/dokumentar/slik-kjenner-du-igjen-en-konspirasjonsteori-1.14779563

Verdibørsen. (2018, 4. november). Alt er villet. En serie om konspirasjonsteorier 1:5 [Audio podkast] Henta frå https://radio.nrk.no/podkast/verdiboersen/sesong/201811/l_5bc0920a-c1f6-41b8-8092-0ac1f6c1b895

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 12.08.2021

Læringsressursar

Oppskrift på ein konspirasjonsteori