Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er sunn skepsis, og kva er konspirasjonstenking?

Nokre personar er i overkant mistenksame og ser skjulte krefter og samanhengar som ikkje finst. Dette blir kalla konspirasjonstenking og må ikkje forvekslast med sunn skepsis. I denne oppgåva skal du utforske forskjellane på desse nærare.
Eldre mann med hatt av aluminiumsfolie og T-skjorte med teksten "Flat Earth Community" på brystet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konspirasjonstenking

Dei som trur på konspirasjonsteoriar, er meir mistenksame enn andre. Dei har ein tendens til å førestille seg at det er skjulte krefter i samfunnet som planlegg ting i løyndom. Dei trur gjerne at det ligg skumle motiv bak, og ser ofte samanhengar som ikkje finst. Dette blir kalla for konspirasjonstenking, eller konspirasjonsmentalitet, og personar som tenker slik, ser gjerne på verda som ein farleg stad.

Sunn skepsis

Vi menneske er mistenksame av natur og leiter etter samanhengar. Dette er ein sunn skepsis som er nyttig for å avsløre verkelege samansverjingar. Desse er gjerne mindre omfattande og ikkje så godt planlagde, og dei som står bak, etterlèt seg ofte spor.

Konspirasjonsteoriar, derimot, er ofte fantasifulle og innfløkte. Dei som trur på slike teoriar, meiner at ingenting er tilfeldig, at ingenting er det det ser ut til å vere, og at alt heng saman med alt.

Tips

Les denne artikkelen på forskning.no om du vil vite meir om kvifor somme blir spesielt opptekne av konspirasjonsteoriar:

Kjelder

Jacobsen, S.E. (2021, 15. januar). Nå vet forskerne mer om hvem som tror på konspirasjonsteorier. I Forskning.no. Henta frå https://forskning.no/psykologi/na-vet-forskerne-mer-om-hvem-som-tror-pa-konspirasjonsteorier/1798218

Kjørstad, E. (2018, 4. oktober). Personer som tror på konspirasjonsteorier ser verden som et farlig sted. I Forskning.no. Henta frå https://forskning.no/psykologi/personer-som-tror-pa-konspirasjonsteorier-ser-verden-som-et-farlig-sted/1244782

Solbu, E.L. (2018, 12. mars). Antiopplysingstida. I NRK. Henta frå https://www.nrk.no/viten/xl/antiopplysningstida-1.13891495

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2022

Læringsressursar

Oppskrift på ein konspirasjonsteori